For nokre dagar tilbake fekk eg pakke i posten, med nye løpesko.
Det er kanskje ikkje høgsesongen for innkjøp av nye løpesko, men det er jo akkurat derfor det er så mange tilbod rundt omkring.
Og sidan eg er ganske god til å tråle gjennom nettbutikkar, så snubla eg over desse her ein dag før jol:
K-SWISS Kwicky Blade Light |
Men desse skoene er såpass utruleg behagelege på foten at eg absolutt måtte ha dei.
Kwicky'n er utruleg lett og fleksibel, og den har eit sømfritt indre, noko som gjer den god å ha på foten, også utan sokkar (f.eks. på ein sprint- eller supersprinttriatlonkonkurranse der kvart sekund tel, og å ta på seg sokkar i T2 kan jo ta nokre sekund ekstra).
Dei er gode også utan sokkar. |
Så herleg med heilt nye løpesko rett frå eska! |
Er derimot utsikker om eg skal utsette desse flotte sko for snø og is og salt...
Fine fargar, god passform, behageleg og lette. |
I størrelse 39 veg dei lette 225gr.
Dei har eit vannavvisande ytre og dreneringshol i solen (kjekt på triatlonkonkurransar som halvironman og ironman om sommaren, der det er satt opp dusj så ein ikkje unngår å bli våt på beina, men spring du gjennom ein sølepytt, vil jo vatn trenge inn).
Kwicky'n er best eigna for asfalt eller lette stiar. |
Dei sit nesten som ein god sokk.
Dei er forholdsvis breie framme, og det passar meg bra, sidan eg har heller breie enn smale føter. Kanskje ikkje så pent med breie føter, men det er faktisk ganske kjekt når ein skal svømme fort, hehe.
Kwicky passar best for litt breie føter, trur eg. Bra for meg :) |
Praktisk. (Ååå så er den så fin ja!!!!) |
Velskrive og informativt som alltid, og innlegget til Allan gjorde at eg til slutt bestemte meg for å bestille Kwicky'n.
Eg ser i alle fall fram til å bruke dei nye skoene.
Forhåpentlegvis litt meir enn dei fem minuttane eg bruka dei på oppvarming til styrketreninga i dag...
Kule sko! Og så så freshe farger som var på :D
SvarSlett