It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 2. desember 2012

Vinterdvale...

Når eg ser tilbake på månad november, så blir det tydeleg at det eg har nærma meg ein tilstand av vinterdvale.
I gjennomsnitt har eg løpt 1-2 gonger.
Styrketreninga som eg skulle fokusere på, har det blitt lite av, ingenting dei siste tre vekene faktisk.

Grunnen til det er at eg ikkje har orka.
Pusten var og er dårleg, og det betyr at det nesten er umogleg å trene med låg intensitet, eller slik som eg føler for.
Eg har blogga mykje om det før, så dette er jo ikkje noko nytt.
Eg håpar berre så veldig på at det løsnar snart igjen!

For ei veke sida var eg og ei venninne på tur med hundane, og eg sleit meg opp bakkane i ein time, mens venninna mi hensynsfult føreslo at me kunne ta det rolegare (ho trenar ikkje, og røyker. Snakk om at eg føler meg i dårleg form altså!).

Men med nokre pustepausar kom me oss til toppen etter ein time.
Hundane fekk leika og herja så mykje dei ville, det er heilt utruleg kor hundar får denne energien ifrå altså, det skulle eg gjerne visst!
Lukas og Bianco leika og herja heile tida!
På veg ned att blei me belønna med ein superfin solnedgang.
Turen varte berre i to timar, men for meg med forbigåande redusert lungekapasitet var dette ei ganske bra økt og god prestasjon.
Nå skal eg avtale ny time hos fysioterapeut, og prøve å fordjupe meg i meditasjon, avspenningsteknikkar osv, kanskje lære meg yoga, og ete og sova så mykje eg treng.
Kanskje er eg i ferd med å gå i vinterdvale?


2 kommentarer:

  1. Søvnbehovet øker om vinteren.
    Selv sover jeg 8t hver natt året rundt og har godt utbytte av det. Verdien av nok søvn hver natt kan ikke overdrives.
    En annen ting som øker om vinteren er vekten. Jeg går opp 2kg hver vinter pga redusert forbrenning-det blir borte når våren kommer :-)

    SvarSlett
  2. Ja at søvnbehovet aukar om vinteren skal vera visst: eg søv rundt 10t om natta for tida...
    Men eg veit at det er verst på den tida nå, så blir det bedre i løpet av januar-februar, når det blir lysare ute igjen.
    Du veit at kroppen innstiller seg på å samle litt ekstra reserver i form av kropssfett når hausten kjem, sånn frå gamalt av, så slik sett er jo alt ok hos deg da :)

    --> skjønner godt at dette forsvinn igjen hos deg om våren, så aktiv som du er!

    SvarSlett