It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 16. desember 2012

Endeleg snø! :)

Eg synst at november har vore litt i mørkaste laget, med tåke og regn og få soldagar, så nå etter at det har snødd så mykje, kjenner eg at litt av energien er på veg tilbake.
Det har blitt lite trening i form av løping, svømming eller sykling i det siste, men turar har eg gått med Lukas.
Og med litt stigning og snø å vasse igjennom, kvalifiserar det t i alle fall som vedlikehaldstrening av kondis og beinmuskulatur.
Utsikt frå tur.
Men nå har det jo blitt lysare ute, med all den deilege snøen som kom i det siste!
Og eg har faktisk også endeleg kome meg ut på brett igjen.
Hurra!!
K2 Kandi - snobrettet mitt er jo så utruleg fint!
Valget stod mellom å ta ein tur og handle (var heilt tom for brød og pålegg) eller å prøve snøbrettet i treningsbakken min resten av dagen.

Så då fann eg ut at eg heller ville kome meg ut i den deilege snøen med det same sjølv om det betydde at eg kanskje måtte nøye meg med å ete graut til frukost fram til mandag (og eg er IKKJE spesielt glad i graut, men den går nå ned den, og fyller magen).
(Note to self: Hugs å ha knekkebrød i huset!)
Lukas elskar snø (og pinner)!
Lukas skulle også vera med.
Og eg var veldig spent på korleis han ville reagere på snøbrettet.
Han kan jo vera ganske vill til tider...
Etter at eg hadde koma meg på toppen av bakken og fått på meg brettet og satt utfor, var det heller ikkje tvil at Lukas likar fart og spenning, og elskar å springe fort.

Då Binna var med siste gong, pleidde eg å ha med eit leiketøy eller ein gamal vott ho kunne bera på. Det er nemleg noko med leikedrifta til labradorane som er så sterk at dei MÅ ha eit eller anna å bera på, ellers blir dei heilt ustyrlege.
Det gløymde eg i går.
Så det blei ein del napping etter jakke, votter og beina den første turen ned, og jammen er Lukas god til å springe raskt i djup snø!
Han er jo ganske høg og har store sterke musklar, så det skulle vel berre mangle.

På  turen opp att bakken skaffa han seg heldigvis ein stor pinne som han kunne herje med, og det hjelpte, for nå sprang han like entusiastisk bakken ned etter meg, men utan å nappe.
Lukas kosar seg med ein god pinne.
Det blei berre fire turar ned og opp bakken, det var nemleg ganske tungt å vasse opp att i den djupe snøen. Og så blei det plutseleg mørkt også, men det passa bra, sidan eg begynte å bli skrubbsulten.
På snobrett i den blå timen...
Det er eit eller anna med ny snø, vind og snøbrett og bakkar og moro som virkeleg set fart på matlysten min. Så då eg kom heim blei det først ei rask banan, så ultrarask tomatsuppe (heimelaga, det tek 3min + oppvarming) som magefyll, så kokte eg poteter samtidig som eg laga vårrull, og alt saman gjekk ned på rekordtid.

Bra.
Nå er fortsatt meldt snø i to dagar framover, om enn litt mildare eit par dagar.
Eg håpar virkeleg at snøen blir liggande!


Det var moro med snowboard igjen, herleg!
Gleder meg virkeleg til fleire turar.
Bra at Lukas likte det også, ein fin måte å mosjonere han på samtidig ;)

2 kommentarer:

  1. Så gøy for deg at du endelig fikk prøvd snowboardet ditt da! :)

    Det er ikke bare hunden din som får god trim med denne snøen. Selv om det "bare" var 4 ganger opp den bakken, så har du sikkert trent ganske mye kondisjon bare på de får gangene, når du går i sånn tung "bakke"(snø).
    Så det er nok ikke rart du var sulten da du kom hjem igjen ;)

    SvarSlett
  2. Jepp, det er heilt sant!
    Både gjennom den djupe puddersnøen på laurdag og den kram snøen på snøen så kjendte eg godt at pulsen stig - skikkeleg motbakketrening!

    Kanskje skulle eg hatt på pulsklokke neste gong for å sjå kva eg forbrenn/kva pulsen er i etterkant?
    Men uansett, moro er det :)

    SvarSlett