It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 21. desember 2012

Før-jolegåve

Nå på onsdagen kom det ei gåve i posten til meg.
Frå meg sjølv.

Eg som er så glad i treningsplanlegging (sjølv om eg sjeldan gjennomfører treningsplanane til punkt og prikke, hehe, planlegging er morsamt, eller kanskje det er heller målsetting eg eigentleg driv med?), har blitt inspirert av eit blogginnlegg frå Iron-Rune om triatlonlitteratur.

Eg likar godt bøkene til Joe Friel, men synst jo at eg har lest og bladd og knadd Triatlonbibelen hans frå perm til perm og på kryss og tvers og baklengs at det var på tide med noko nytt.
Så då bestilte eg meg "Your Best Triathlon" frå Joe Friel, utgitt frå VeloPress Forlaget.


Den er nok meir detaljert i forhold til treningsbibelen, men samtidig meir lettlest, og meir rett på sak.
Men det er berre første inntrykket, og eg ser fram til å lese meir i den og la meg inspirere til nye treningsøkter og -opplegg.

Kjekt å kunne fordjupe seg i ei god bok midt i all denne søte julestria ;)

4 kommentarer:

  1. Ønsker meg denne jeg også. God jul Imke!

    SvarSlett
  2. Da håpar eg at du får den også :)

    Ha ei riktig god jul du óg, Cathrine!

    SvarSlett
  3. Gi rapport etter du har lest den! Selv har jeg kost meg med "Can't Swim, Can't Ride, Can't Run: From Common Man to Ironman" (Andy Holgate - kjempemorsom lesing, kanskje jeg skal prøve tri?!) samt "Finding Ultra: Rejecting Middle Age, Becoming One of the World's Fittest Men, and Discovering Myself". Hehe :) God jul!

    SvarSlett
  4. Takk!
    Eg trur at der har du funne deg ei bok som gjer det artig og spennande å delta i ein triatlon for første gong: det skal nemleg vera moro, uansett ferdigheter!
    Springe kan du jo, og den vesle svømmebiten er fort unnagjort, og sykla har du vel også før ein gong?

    Eg skal prøve mitt beste ang. bokrapport, eg er ganske elendig til å gje gode bokomtaler ;)

    Men ein liten "teaser" kan eg jo gje her:
    Med den boka gir Joe Friel meg veldig god samvet til å drive med alt anna swim-bike-run i vinterferien - UTAN å tape triatlonformen ;)

    God jol!

    SvarSlett