It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 25. januar 2012

100 push-ups????

Nå kjenner eg at sakte men sikkert så slepper musklane i rygg og nakke, og mellomgulvet slappar av igjen. I dag har eg legetime så då skal eg diskutere med legen min vegen vidare framover.

Ellers så har eg tatt ein liten treningspause.
Eg blir jo så frustrert over dette muskelpanseret eg ber med meg, og som hindrar pusten på ein måte at det ikkje er moro å springe ute i det heile tatt.
Så då har eg  heller trent litt meir snowboardteknikk (dette er jo så fantastisk moro - og litt trening blir det jo faktisk, sidan eg køyrer på eit jorde her i nærheten, og tråkkar gjennom snøen opp att), og rusla tur med Binna.
Binna er med når eg står på brett. Ho spring ned bakken, og  gjeng opp att saman med meg. Ho synst faktisk at det er moro og begynner å bjeffe når eg somlar litt med bindingane på toppen av bakken. Herlege Binna :)
Dette er på Raudkleiv.
Mens Anne Ingvild tok heile tre rundar på ski i lysløypa, leika eg meg i bakken. 
Det har heller ikkje blitt noko styrketrening den siste veka.
Eg merkar at eg manglar litt mål når det gjeld styrketrening.
Det blir meir plikt enn moro.
Sjølv om eg skriv treningsdagbok ganske nøye, med vekt og antall repetisjonar, og dermed kan følgje med på min eigen framgang, så er treninga allikevel litt prega av "vedlikehald".

Muskelmasse skal eg ha. Så er det praktisk med litt styrke. Det ser også bra ut med ein veltrent muskuløs kropp. Det har god effekt på triatlontreninga mi. Det er kult å vera litt sterk. Det kjennest godt også.
Så det er mange fordelar.

For nokre år tilbake, då eg las litt om dei forskjellige styrketreningsøvingar på nettet, kom eg over denne sida:

Den gongen dreiv eg ikkje med noko målretta styrketrening, berre rein løping og litt sykling.
Eg blei heilt satt ut av tittelen. Heile hundre push-ups?
Er det mogleg?
For folk flest?
Hæ?
Eg elskar jo slike sprø utfordringar, så eg tok og printa ut det vesle heftet med seksvekers-programmet. Sat i gang. Det varte i éi veke.
Så blei det rett og slett litt for mykje/ofte for meg.
Du skal gjennomføre 3-4 repetisjonar tre dagar i veka.

Ja, eg skjønner det skal litt innsats til for å klare å koma opp til 100 push-ups. Spesielt frå eit magert utgangspunkt. Denne gongen så greidde eg meg opp til 10-14 push-ups, trur eg.
Så har eg aldri trent push-ups meir.
Eg synst push-ups krever ein innsats og ein styrke som eg rett og slett ikkje alltid greier å produsere.

Så då eg testa meg for ei veke sida, så klarte eg heile to (2!) push-ups. Så vidt.
Huff huff.
Men men, her er jo forbedringspotensiale stort, ikkje sant?
Så for andre gong, så har eg tatt og printa ut det vesle heftet.
Og for å vera på den sikre sida, så har eg også printa ut programmet for
- 200 knebøy
- 50 triceps dips
- 200 situps
Sånn, då er det formelle på plass ;)
Så når eg ikkje trenar styrke, så kan desse øvingane kanskje vera eit alternativ?

Viktig med god musikk når ein trenar styrke.

4 kommentarer:

  1. Grumpfh ;-) Jeg har jo sagt jeg skal gi det et forsøk men enn så lenge har jeg ikke kommet til å printe ut programmet en gang... ;-) usj.... kvier meg, veldig!!! Lykke til på veien mot hundre!

    SvarSlett
  2. Hmmmm.... ja eg kvier meg eg også :D
    Har ikkje eingong begynt.
    Skal eg lage meg ein tidsplan, tru?
    Kan det hjelpe?
    100 pushups virkar heilt uoppnåeleg, men det går vel?
    Kanskje eit delmål på 50? Før sommaren?
    Før sankthans?
    Ikkje veit eg. Hjelp! :D
    Lykke til i alle fall, Silja!

    SvarSlett
  3. :-) Det va jammen bra du skreiv ut freir ulike typer, sø kan du bare teste deg fram, og sjå kvæn som æ lettast å få te... :-)
    Eg trur eg gjæng fe knebøyen...
    Hell kanskje 50 dips...
    Lykke te, i alle fall!! Eg kjæm innom å sjekkar høss det gjæng! :-) (snart...:-) )

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk i lige måde!
      Eg lurar på om eg skal bygge alle fire øvingar inn i styrketreningsoppleget mitt. Men då blir det ikkje tre gonger i veka slik programmet foreslår, hmmm...

      Hm jaja, me får sjå hot som passar.
      Hiv deg på ei av utfordringane!

      Då kan eg nemleg heller sjekke DIN framgang enn at du ser på min (fråverande) framgang - men viljen blir kanskje sterkare etterkvart - uansett: forbedringspotensialet mitt er stort ;)

      Slett