Perfekte forhold for testing av løpebroddar på krevande isete underlag!
Det ser ut som Seljord kommune sparar på strøinga her. Nokre få sandkorn her og der, men om det er litt blank is, pytt pytt. Etter torsdagsturen i Hjartdal blei dette tydeleg, der borte var vegane nesten svarte så godt var det strødd!
Men nå har eg jo fått meg gode broddar, og skal slutte å klage.
Broddane eg har fått meg er frå "Nordic Grip", og er bestilt frå XXL, i størrelse M, 37-41.
"Nordic Grip Running Brodder", bilde frå XXL. |
Først, så testa eg dei ute på tur tysdagskveld:
Ut på tur, aldri sur? Kanskje når ein har gode broddar på isen så ein ikkje sklir? |
Enkelt og praktisk. Legg merke til korleis reimane matchar skoene mine i fargen. Det syntest eg var kjekt eg :D
Det hjelpar at broddane er litt stilige i fargen. |
Mens det er fem piggar under forfoten, er det berre to piggar under hælen. Det er sikkert greitt nok det, men eg skulle ønske at det var fire her. Det er slik at i nedoverbakke så er det hælen som får kontakt med underlaget først, og kontaktpunktet er skosålen, og ikkje ein av dei to piggane. Så når ein går i nedoverbakke, så kan ein faktisk miste grepet eit øyeblikk, fram til forfotet møtet underlaget (dette er forresten ikkje noko problem når ein spring. I alle fall for meg som landar på forfoten).
Så her hadde eg ønska meg eit par piggar til. På flata og i motbakke derimot er det nok grep.
Piggane på broddane virkar solide. Dei er støypt (skrudd?) inni ein liten rundt plastbolt (blå) som så er festa i gummisålen til broddane. Det gir godt feste på både is og snø. Men ein ulempe er at dei BRÅKAR!
På rusleturen min tysdagskveld gjennom dei stille skogane i Seljord blei det faktisk ganske forstyrrande og nesten uuthaldeleg (ok, eg var eigentleg ganske trøtt og søvnig i utgangspunktet, så folk flest ville kanskje ikkje ha oppfatta knirkinga som så uuthaldeleg).
Men broddane gav godt grep i både oppover- og nedoverbakke. Veldig mykje bedre enn å gå sikksakk mellom isflatene.
Kveldshimmel som speglar seg i isen i hjulspor på eventyrøy. |
"Den optimale løpebrodden gir godt grep i frasparket, solid friksjon under hælen og sitter som støpt på skoen. Denne brodden var ikke enkel å lage, siden underlaget man jogger på varierer mellom løs snø, hard snø, is og asfalt. Etter grundige tester fant vi optimalt antall pigger og ikke minst optimal plassering av piggene. Broddene festes med borrelås slik at de sitter som støpt på skoen. Broddene er laget i TPE og tåler ekstreme forhold og temperaturer."
For å unngå den bråkete knirkinga tok eg med meg MP3-spelaren og skrudde musikken godt opp, og dermed var bråke-knirkeproblemet løst (i alle fall for min del). Eg sprang gjennom skogen i både oppover- og nedoverbakke, og så eit godt stykke på dei dårleg strødde kommunale vegane her i Seljord, mest på gang- og sykkelsti.
Underlaget bestod for det meste av is i alle former og fasonger, med varierande mengder av strø av ulik kvalitet:
Bildet er tatt på Eventyrøy i Seljord. Å springe/gå her utan broddar/stegjern kunne sanneleg vera eit eventyr... |
Det var rett og slett herleg å springe på desse broddane!
Men - ærleg talt - eg lengtar etter meir snø - gode broddar til tross...
Det er jo slik eg gjerne vil ha det... |
Fantastisk og informativ review.
SvarSlettSkjønner nå at disse må rapporteres inn til julenissen straks. Fikk et par av eldre modell av naboen og de er ment til å gå med. Flere pigger på hælen blant annet - og ikke borrelås bare gummi du trer på. Datt av da jeg løp med dem - men denne runningvariant ser ut til å være akkurat det jeg trenger.
(Har fra før et par yaxtrax som jeg IKKE liker.)
For en nydelig farge på disse labradorene dine.
Takk, ja det er fint med sjokoladebrunt - første hunden (Binna) var uventa brun sidan begge foreldre var svarte, og Lukas er omplasseringshund som flytta inn hos meg i påska.
SvarSlettHar blitt heilt forelska i den fargen og gemyttet på brune labradorar :)
--> yatrax har eg ikkje prøvd, og dei har aldri fristar heller.
Mens eg trur eg har same gummi-træ-over-broddar som du nevnde, til å gå med, og ja, dei dett av fort, i alle fall på vanlege sko.
På litt større turstøvlar derimot heng dei på - og dei er gode å Gå tur med, men ikkje til løping.
Men Nordic Grips sit virkeleg godt på.
Håpar jolenissen er snill og har med eit par broddar til deg da, slik at du trygt kan springe ute gjennom vinteren!
God løping!