It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 4. september 2011

Å vandre med håp: Vågsli-Ulevå: 20km

Eg har ikkje vore på torsdagstur nå på to veker.
Men eg har definitivt vore på tur!
Frå tysdagskveld til fredagsettermiddag har eg vandra på vegar og stiar mellom Vågsli og Røldal, på Røldalvegen.
"Å vandre med håp" er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire instansar frå Vest-Telemark. Heile pilgrimsturen går frå Grunge kyrkje til Røldal, og varer i fem dagar.
Sidan eg hadde oppmøteplikt på kurset mandag og tysdag, så gjekk eg glipp av dei første to etappane. Men dei som har vore med på dette før seier at dei tre siste etappane er definitivt dei flottaste, og det trur eg gjerne. Det har vore heilt utruleg flott å gå pilgrim!
Eg har aldri gått noko pilgrim før, og har vel også vore altfor rastlaus til å gå så langt og sakte, men etter å ha tilbakelagt 14km, 13km og ca 11km på tre dagar må eg seie at det gav meirsmak!
Det er herleg avslappande å gå pilgrim, og eg fekk god tid til å puste og la sjela strekke seg ut litt i det flotte fjellandskapet på Haukeli.
Eg synst det er vanskeleg å sette ord på mine opplevingar frå desse dagane, derfor kjem det nå rett og slett bilder frå turane med nokre kommentarar.
Kan hende eg er meir i det filosofiske hjørnet ein annan dag, og skal sleppe meg laus med betraktningar, men akkurat nå skal bildene snakke for seg sjølv.
Dei er forresten alle saman tatt med mobilkamera.


Ein liten rusletur i Vågsli kvelden før første etappe. Vatnet var iskaldt, men dette hindra ikkje meg og Lars å bade her. Binna er fornuftig og held vakt.

Start på vandringa. Baktropp brukar refleksvest og prøvar å halde flokken samla. Me tenkte at 10% svinn kunne me tillate, men til slutt kom alle i mål. takka vera baktroppen :)
Det blei delt ut seigmenn av prostidiakonen (Eilev Erikstein). Eg trur me var ganske seige sjølve, alle saman, der meg gjekk og gjekk og gjekk og gjekk...
Me var heldige med vêret. Nesten vindstilt, opphaldsvêr og gløtt av blå himmel og sol.
Heilt utruleg fin blå himmel. Frå dette bildet er tatt, har eg stort sett brukt kortbukse på turen. Herleg!
Og det er såå vakkert på Haukelifjell. Me fylgde Ålmannvegen.
Som amatørbotanikkar kan eg ikkje berre gå forbi enkelte planter. Dette er hestespreng (Cryptogramma crispa).
Det er fint med fjellvatn :)
Takk Åsmund for at du tok med Bamsemums. Og ikkje berre éin pose! Det smakte godt som dessert til kaffen i lunsjpausen!
Pilgrimar på vandring mellom Vågsli og Røldal.
Det er ikkje berre fine planter på Haukelifjell, men også spennande geologi!
Eg elskar myrull! Dette er mest sannsynlegvis snømyrull, sidan den ikkje veks i tuver.
Myrull er ei skikkeleg koseleg plante :)
Ein har alltid eit valg. Me fylgde Ålmannvegen vidare.
Me er på siste oppstigning gjennom Ulevåskaret. Med ettermiddagssola dukka det opp mange fine motiv. Dette er lusegras.
Me nærmar oss målet for dagens etappe. Herifrå ser me ned til E134 og fylkesgrensa mellom Telemark og Hordaland.
Plutseleg var det masse blåbær der! Eg blei nok den siste som kom seg ned lia. Eg kan berre ikkje gå forbi slike fine blåbær. Og gode var dei også...
Med så fin sol var det nesten vemodig å koma i mål denne dagen.
Gjennom heile dagen har me hatt opphaldsvêr, lite vind og gløtt av sol og blå himmel. Fantastisk!
Då me kom ned til Ulevå såg me at det var svært mørke skyer i retning Vågsli. Dei hadde kanskje vore bak oss heile tida, men ikkje greidd å ta oss inn.
Så heldige me var denne dagen!
Me kjente at det ikkje ville vera så nøye med korleis vêret blei neste dag.
Og dei regnbygene som me køyrde igjennom tilbake mot Vågsli gjorde berre at stemninga steig enda eit hakk. På Fjellstad Camping blei det regnboge med god mat i godt selskap.
Å gå pilgrim er herleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar