It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 13. september 2011

Haustmage(sjuke)

Eg har blitt ramma igjen av den årlege "haustmagen" min.
Dette er tredje haust på rad at mage-tarmsystemet mitt plutseleg sluttar å fungere.
Punktum.
Full pakke. Men ikkje omgangssjuke-aktig, som tek slutt etter to-tre dagar med nær-doden-opplevingar, men jamn kvalme-diaré-magesmertar og -krampar over fleire dagar.
Nåja, this too shal pass.

Før spetakkelet begynte, prøva eg meg på inn ein liten løpetur i Kivledalen, sist onsdag.
Følelsen: tung, tom, kvalm.
Utsikten: herleg, vakker, avslappande.

Då var det jo ikkje så dumt?
Eg spring mest berre for "fotografen" - det var tungt å springe, sjølv om sekken var lett og omgivelsane fine...
Det har vore ganske tungt å både springe og sykle dei siste vekene, så eg heng meg ikkje opp i at kroppen min ikkje greier å prestere så mykje for tida. Det gjeng nok over igjen.

Sist torsdag var det endeleg tid igjen for torsdagstur, og denne gongen gjekk me opp til Sandsetvatnet.
Det er alltid godt å koma til fjells, og vegen opp til vatnet er fin å gå, og fører gjennom nydeleg landskap.
Einerbær.

Det begynner å bli fine haustfargar i fjellet nå.
Gjengen vår har koma fram til Sandsetvatn. Kor hen skal me ha lunsj og bålplass???
Fantastisk landskap. Ikkje rart Brattefjell-Vindeggen er eit landskapsvernområde.
Slette og fjell. Eg fekk berre lyst til å gå der. Meir. Lengre. Berre gå...
Ein Jaspis-blokk ved Sandsetdammen.
Det er alltid så mykje artig å oppdage langs vasskanten, synst eg.
Om det ikkje blir så mykje løping og sykling for tida, så blir det i alle fall litt tur. Noko skal ein jo halde på med for å halde kroppen i gang, og hausten nå er jo ei kjempefin årstid å gå i fjellet på. Det kan eg jo berre bli bedre av, tenkjer eg...

2 kommentarer:

  1. Eg melder meg på - fe å spørje hør æ UTGANGSPUNKTET - hør startar dikkøn fe å kåma te dammen og sø viar te både Brattfjell og Mefjell! :-)

    SvarSlett
  2. Halvor: Takk for opplysningane!

    Og Marie:
    Saman med torsdagsturgjengen vår hev me tatt av mot Sudbø frå Åmotsdal og køyrd så langt me kunne, te bommen (pga at me hev begrensa tid), og så gjenge opp te dammen.
    Men for deg og meg er jo moglegheitane mange ;)
    Trur nok å sykle opp mot dammen og så gange vidare er lurt. Derifrå er det veldig oversiktleg... :)

    SvarSlett