Tidlegare har eg droppa innesykling til fordel for langrenn.
Men med årets hovudmål i tankane, har eg altså pent sat meg på sykkelen min og tråkka i veg.
I starten var det grusamt. Sitte på ein sykkel mens den står stille?
Midt på gulvet? Inne?
Er ikkje heile vitsen med å sykle å kome seg ut i det fri, nyte luft og utsikt, vær og vind (på godt og vondt, ja da), følelsen av å flytte seg berre ved hjelp av muskelkraft,
oppleve lydar, luktar, møte andre syklistar, stoppe for å ta is og kaffe på lange langturar, ...
Eg har bevisst utelatt alt styret forberedelsen til ein lengre sykkeltur ute kan føre med seg. Her skal me fokusere på det positive. Det finst alltid ein eller annen som fokuserar på det negative med det meste, så det treng eg ikkje ta her.
Men etterkvart har eg oppdaga fordelane med å sykle inne.
Og dei er tallrike:
- stabile temperaturforhold
- stabile vindforhold
- justerbar nedkjøling og oppleving av motvind ved hjelp av totrinnsvifte
- mat og drikke er tilgjengeleg
- ingen vasking av sykkelen etter turen
- ved punktering er ein alt heime, og reserveslange er mest sannsynlegvis ikkje langt unna
- stort utvalg av underhaldning ved hjelp av stereoanlegg og TV
- hunden er ikkje aleine heime og ladar opp til ein kjem heim på utslitte lår
- hunden synst du er kul fordi du har det tilsynelatande moro mens den må "ta det roleg"
- intensitet er styrbar og uavhengig av terrengforhold
- det er lett å snakke i telefonen mens ein trenar, sjølv om ein ikkje høyrer så mykje
- ved valg av underhaldning i form av TV program om ekstremsport som vingedraktflyging, slakklinekryssing langs fjellveggar og basehopp er ironmantriatlontrening plutseleg ikkje så veldig ekstrem lenger
- [...]
Det var tid for årets første sykkeltur - UTE!
Bortsett frå gardsvegen, som fortsatt er dekka av ei solid blanding av sand, snø, is og snøslaps var vegane bare, bortsett frå mindre straumar av smeltevann.
Eg valgte meg den lettaste og flataste løypa, favoritten min for korte rolege turar, frå Seljord til Flatdal og tilbake.
På denne turen er det lite stigning, moderat med trafikk og forholdsvis god plass for både meg og bilane. Ruta byr på utsikt mot fjell, elv, vatn og Norges einaste landsby, og ved vendepunktet er det anledning til å prøve seg på bratt stigning med trange hårnålssvingar, om ein plutseleg skulle få lyst til å la det svi i lårmuskulaturen.
Men det som er ført opp som "+" og "stabilt" under fordelar ved rullesykling inne, blei ei svær utfording under årets første utesykkeltur: vinden.
Det var utruleg sterk vind.
Det kom ikkje som noko overrasking eigentleg, sidan eg på føremiddagen hadde hørt det skrangle i både pipa og taket, og soveromsdøra,som hadde stått på gløtt, opna seg seg pga trekket (eg har sjeldan behov for å opne vindu for å lufte, med andre ord).
Men utfordringar er nå eingang utfordringar, og ein kan alltids velge seg haldninga mot sine utfordringar.
Mine overbevisande poeng for å gå vinden i møte var:
- den ellers litt for korte turen på 25km ville bli mykje lengre, utan å måtte sykle fleire km
- eg har tross alt vakse opp i kystlandskap med mykje vind, og det har ikkje stoppa meg den oheller, og kroppen hugsar vel at den greidde seg bra den gangen, og er sterk?
- det er god trening for å takle vinden på Hawaii, og dit skal eg tross alt og sykle 180km bl.a. ein vakker dag i mitt liv ... :)
Klassisk.
Eg bruka 40min for å koma meg til vendepunktet, noko som er 10min lengre enn på min siste tur i fjor haust. Heldigvis har eg ikkje sykkelcomputerpå terrengsykkelen min for tida, sidan den fortidspensjonerte seg i for sommar, ellers hadde vel den mentale utfordringa, å takle det langsamme tempoet, kome i tillegg til det muskulære.
Etter kort stopp med banan og sportsdrikke ved vendepunkt og observasjon av fotgjengarar i sterkt foroverbøydd stil mot vinden, snudde eg altså og susa tilbake til start.
Vendepunkt.
Og det var DÅ eg plutseleg savna tempostyre.
Dei seier at folk velger å bruke tempostyre anten på grunn av den aerodynamiske fordelen ein får ved å sykle i "aerostilling", eller på grunn av den ekstra komforten styret gir ved å kunne variere sittestillinga.
For min del, så har eg gjort meg avhengig av tempostyret på både landeveissykkel og triatlonsykkel på grunn av den ekstra komforten eg får.
Ryggen min har pussig nok veldig godt når eg sit ekstra foroverbøydd, skuldrane slappar og eg har det bra.
Kan hende sittestillinga mi er ikkje den mest "aggressive", men aerodynamisk er den i alle fall, i forhold til den klassiske landeveissykkel-sittestillinga.
Uansett, den er behageleg.
Men så var det altså terrengsykkel eg valgte meg i går.
Og den er littegrann for lang for meg. Noko som går greitt når eg syklar i terreng eller på kortare turar.
Men i går, heilt automatisk, når vinden skyva meg fram, så søkte eg ned til eit tempostyre som ikkje var der...
Fleire gonger.
Og eg begynte å drømme om spesielle tempostyre tilpassa terrengsykkelen min, geometrien min, slik at eg skulle kunne suse aerodynamisk gjennom landskapet.
Men viss eg susar gjennom landskapet, vil eg jo ikkje legge merke til landskapet lenger... ?
For moro skyld, så google eg "aero bars mountain bike" i dag, og fekk ikkje reint så få treff.
Så eg er altså ikkje den einaste raringen som kom med den tanken, nei.
Og når eg tenker meg om, så blei eg forbisykla på ein triatlonkonkurranse, av ei jente med TEMPOSTYRE på TERRENGSYKKEL (kven var det eigentleg, Stavern Triatlon 2008, som sykla inn til T2 som tredje eller fjerde, trur eg, raskaste kvinne?)
Her er det altså folk som har eksperimentert med tempostyre på terrengsyklane sine:
(frå den nå nedlagte bloggen: Kevin Montgomery's Cycling & Adventure Blog)
Så er ikkje dette ein terrengsykkel, men kombinasjonen tempostyre og bysykkel var utruleg kul:
Nærbilde her:
(Funne på denne bloggen her.)
Men dette her blei favoritten min:
(Frå ein blogg som ikkje handlar om sykling.)
Kult, eller??
(Nevnde eg at eg er forferdeleg støl i skuldermuskulaturen i dag? Kanskje er tempostyret på terrengsykkel ingen dum idé... Kult er det i alle fall :D )
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar