Om eg skulle trene eller restituere meg på mandagskveld og tysdagskveld var det ingen tvil om, kroppen min henta seg rett og slett det den ville ha: søvn.
Foran TV, med fleire fleeceteppe, varmeflaske og ei snorkande bikkje på sofaen og ro og fred i stoga var det kanskje heller ikkje så rart at roa også senka seg i meg til slutt.
Denne natta blei det heile ti timar med søvn.
Slik at eg faktisk vakna utkvila i 7tida i dag tidleg. Glimrade å vakne utsoven til ein fridag med blå himmel og sol og få avtaler.
Etter ein rusletur ned til sentrum og ein samtale om helse og arbeidssituasjonen min rusla eg heim att, og kjende deg godt: lysten på ein løpetur.
Og sjølv om eg hadde tid til å rekke å springe ein rask tur før mørket ville sette inn, så venta eg bevisst til det blei mørkt: eg hadde lyst på ein tur med stjerner og måneskinn.
Og slikt blei det.
Det er ikkje spesielt mange inntrykk det går an å fange inn med eit lite mobilkamera når det er mørkt. Eg hev prøva tidlegare å ta bildet av månen og stjernehimmelen, men der går tydelegvis grensa for kva som går an å sleppe inn av lys i eit slikt lite kamera.
Binna var som vanleg i glimrande humør og logra stort sett heile tida mens ho snusa i seg spennande luktar langs vegen, mens eg let meg fascinere av månelyset på dei snødekka fjelltoppane omkring, av knirkinga av løpesko mot snøen og glitrande snøkrystaller.
Så tok eg den tradisjonelle "løp rundt jolebjørka"-runden min.
Merkeleg nok så er det nemleg tent det første joletreet her i Seljord, som altså er ei bjørk.
Den står på Dyrskuplassen og er godt synleg frå avstand.
Jolebjørka på Dyrskuplassen i Seljord. Frå utsida. |
Porten inn til utstillingsområdet var stengt, og eg tenkte at eg like godt kunne springe rundt heile plassen, og dermed ta min årlege løperunde rundt jolebjørka på den måten.
Eg fekk plutseleg lyst på ein liten rampestrek. Tenk om eg kunne slå av jolebjørka ved å skru litt på ei av pærene? Det må ha vore måneskinnet og dei mange stjernene som får fram slike idear i meg... |
Jolebjørka på Dyrskuplassen. Fenomenalt. Pæreforma. Fascinerande. |
Eg smatt altså inn til plassen, løp altså runden min, og kikka litt nærmare på vidundertreet. Så merkeleg...Jolebjørk!?!?
Det var nok ganske mange små lyspærer, så eg fann ut at det var litt for slemt å skru av ei av pærene og slokke treet. Tenk på den stakkaren som ville måtte prøve å finne denne eine pæra som var litt laus? Eg stod over denne rampestreken og fryda meg berre litt ved tanken.
Heile løpeturen var rett og slett morsam, deileg, forfriskande og lett, pusten var ekstremt god og avslappa, og hadde eg hatt pulsklokke på meg, så hadde det vore artig å sett kva pulsfrekvensen eigentleg var, for den kjendest låg.
Min vurdering for denne løpeturen: Fem stjerner. Kanskje fleire. Definitivt fleire. Kanskje like mange som lyspærene på jolebjørka?