Eg har brukt ein del tid på å finne ut kva måla for sesong 2011 skal vera.
Sidan Ironman Regensburg er alt bestilt og bestemt, men alt for lenge til, så har eg altså meldt meg på til ein halv Ironman.
Og valget falt på.... ta-ta-ta-taaaaa:
Denne halve Ironman er altså eit nytt påfunn frå IRONMAN-gjengen, og denne blir arrangert i midten av mai, og sidan den er på Mallorca, så blei det altfor fristande. Ein liten tur te ein tidleg vår i mildt middelhavsklima? Ja takk!
Sjølv om innhogget i kontoen var smertefult og skummelt, så er det gjort nå, og eg ser fram til sjølve konkurransen, og ikkje minst, til å ha eit konkret mål å trene imot.
Den siste tida har treninga bore preg av innfallsmetoden som eg likar så godt, samtidig som eg prøva likevel å få plass til eit par løpeøkter og eit par sykkelturar. Men mest fokus har eg på styrketrening akkurat nå, sidan muskelmasse og -styrke tek lengst tid å bygge opp, og eg av erfaring kuttar ut mesteparten av denne treninga når ein Ironman nærmar seg. Rett og slett av tids- og energimangel.
For tida så går det fint å trene litt styrke etter ei sykkeløkt på 90min.
Men etter ein sykkeltur på 4timar???
Neppe...
Så dei siste to vekene har eg trena ganske variert eigentleg.
Fokuset har vore på uthaldenhet ved låg til middels intensitet. Eg skal bygge ein god basisuthaldenhet, gjerne kombinært med muskulær uthaldenhet. Lengde framfor fart.
Eg har også gått meir tur, derav turar i terreng/fellet på meir enn fire-fem timar ein gong i veka, der intensiteten stort sett er ganske låg, og oppakninga lett, og opplevinga av naturen rundt står i fokus framfor mjølkesyre i beina...
Eg har samla litt inntrykk frå både trening og mosjon gjennom dei siste to vekene:
Fjellturar
Mønster i isen på ei tjønn på Seljordsheii. Islaget var såpass tynt at det faktisk bukta seg i takt med bølgjene i vatnet under! |
Utruleg artig isformasjon over ein liten bekk. Dette var på tur i gamal "urskog" i Kviteseid. |
Løpeturar
Eg prøvar å springe minst eit par gonger i veka, ved låg intensitet. Den eine turen pleier å vera på rundt ein time, den kortare på rundt 45min. Binna er alltid med, og sjølv om det har blitt haust, så er badesesongen enno ikkje slutt for henne...
Binna kjøler labbane sine i Seljordsvatnet. |
Me har hatt så mange fine haustdagar i det siste. Denne løpeturen bruka eg meir tid på å ta bilder enn på løpinga, trur eg. |
"Tuft". Installasjon på Nes i Seljord. Mellom E134 og vatnet. Kult! |
Utsikt frå ein løpetur på kvelden. Eg må innrømme at eg likar godt å springe når det er mørkt. Pussig? |
Det har ikkje blitt så mykje "systematisk" sykling som eg hadde planlagt. Men dei sykkelturane heim frå jobb krev jo litt muskelstyrke i motbakken, og om dette så berre varar i eit kvarter, så har det vel litt treningseffekt?
Ellers har eg satt ChiCqiloen på rulle og sykla i stoga. Og bytta styretape til ChiCqiloen!! Til rosa!
Frå svart til rosa. Eg var litt usikker om det ville bli fint. Men det blei det! |
ChiCqilo blei ganske tøff med rosa styretape! |
Eg er ute med Binna nesten dagleg. Det hender at eg er så sliten på kvelden at eg droppar den eine eller andre turen og prøvar å tilbringe litt "kvalitetstid" med Binna inne i staden for. Men stort sett er me ute ein gong om dagen.
Rusletur. Gamle Gullnesveg i Seljord på ein fin haustdag i oktober 2010. |
Det er derfor Binna er så glad i rusleturar i sentrum. Det er godbitar å finne! Her var ho så heldig og fann ein pose med tre kanelbollar. Eg let ho ete opp alle tre... |
Svømming
Eg tok og svømmte for første gong denne hausten. Seljord svømmehall har opna igjen, og dermed har innesvømmesesongen starta.
Styrketrening
Eg har trent styrke to gonger i veka sidan august, og prøvar å halde fram med det til sommaren neste år. Eg har så godt av å trene styrke, spesielt når eg trenar kjernemuskulaturen som mage og rygg, og skuldrene og armane. Til øvingane mine brukar eg både manualar, treningsball, theraband, hoppetau, ankel/handleddsvektar, stang som heng frå taket... og god musikk sjølvsagt.
Restitusjon
Restitusjon er viktig. Og eg har blitt flinkare til å ta meg tid til denne.
Figuren visar superkompensasjon, effekten av riktig forhold mellom training og restitusjon. Tatt frå nettsida: www.pponline.co.uk, som er ei kjelde til mykje god informasjon om trening. |
Restitusjon (kvile)er i alle fall noko som Binna er expert på, og eg let meg gjerne inspirere av henne:
Binna "restituerar"seg. Eg held ho meir enn gjerne med selskap. Så koseleg som dette ser ut! :) |
Imke, eg gledar meg sø veldig te halv distanse i mai!! Eg blei sø glad at eg drog fram dæn gamle trimsykkeln å hoppa ivi ei løpeøkt te fordel fe ein god time mæ litt "spinning"... Eg kjænner at sykling æ fantastisk fint!!! :-) To fine turar å sjå fram te neste år! Kanskje me fær te litt svømmetrening sammen - eg kan trenge litt inspirasjon og eit dytt uti.. :-)
SvarSlett