It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 4. oktober 2009

Sykkelen er her :-) !

Troll ut av eska, nei, sykkelen min..nesten klar til innsats.

Oi oi, då gjekk alt plutseleg kjempefort.
Lapp i postkassa på fredag (sykkelen hadde jo blitt sendt til "destinasjonsbyen" frå Oslo, og denne byen var altså Seljord :D), eg hadde fått pakke!

Og då eg kom fram til post-i-butikken i Telesenteret, då var det ikkje vanskeleg å sjå at var
sykkelen min som hadde kome:
pakka var svær!

Der eg stod med lappen min tenkte eg at og fram korleis i all verden eg skulle få med meg pakka ut og inni bilen.
Men det viste seg at denne overdimensjonerte eska var utruleg lett.
Enda meir usikkerhet: denne pakka var då alt for lett, den kunna då umogleg beinnhalde ein heil sykkel...
Men, her snakkar me om triathlonsykkel for damer i størrelsen XS, så kanskje skulle eg ha flaks, og alt var med likevel.
Og det var det
Dette var omtrent som bursdag og joleftan til saman...
Sykkelen var nesten ferdigmontert, innstilt og smørt. Styret var satt saman og godt pakka inn i boblepast, likeeins som mesteparten av ramma og setepinnen. Dekka var på, og pumpa opp. Det følgte med ei mappe frå EvansCycles med bruksanvisning frå Quintana Roo, ei bruksanvisning frå EvansCycles ang.finjustering av gir og bremser, plus eit lite sykkelverktøy og ein 15mm fastnøkkel. Dessutan var det montert og lagt ved ein del refleks til å ha på sykkelen, noko som vekte sterke minner om sykkeltida mi på 80tallet, då det var så veldig kult med masse refleks:)

Sykkelen blei satt saman og der stod den...
Å so liten og uskyldig.. men berre vent til me blir eit team og susar forbi i full fart neste år, når konkurransesesongen begynner igen :D

Eg er veldig fornøydd med levering, alt var på plass, og ingenting bøydd eller øydelagt på transporten, utruleg!
Det einaste som nå manglar, er å sage av resten av gaffelrøyret, i alle fall når eg veit kor lang eg vil ha den. Først blei eg litt irritert over at røyret ikkje var saga av til riktig lengde, slik at sykkelen ville vera klar til bruk med ein gong.
Men nå tenker eg at eg kan på den måten spare meg nokre cm, og heller gradvis senke styret etterkvart som eg blir vant til sykkeln.
Grunnen til at eg valgte å bestille akkurat denne sykkelen er at den har ei lite og først og fremst kort ramme, dvs liten avstand frå sete til styre(stem). Og eg er ikkje spesielt høg med mine 160cm, og har i tillegg ein ganske så kort rygg og forholdsvis lange bein slik at dei "små" triatlonsyklar eg har prøvd hittil, har vore for lang, rett og slett.
Men Quintana Roo Chicquilo sin geometri skulle altså passa meg.
Me får sjå.
Men å ha gode justeringsmoglegheitar er altså viktig, og då er det ikkje så dumt likevel at dette røyret ikkje er kappa frå før. På den måten kan eg gradvis senke ned styret.
For min del står meir komfort i fokus enn fart. Når sykkelen passar godt kjem nok farten av seg sjølv etter kvart.

Ja ja etterkvart, eg har nå sett på sykkelen min som står bekvemt her i stoga i heile helga, og ikkje fått brukt den enda...
det skal visst litt spesialverktøy til for å feste den der stjernedingsen i gaffelrøyret etter at røyret har riktig lenge ..:(
puh...
dette kan bli litt av ein tolmodighetstest.
Så lenge får eg ta og vise fram dei fine nye blanke delane på sykkelen min..


Å så blankt...

Oi oi rosa :)

Sjekk, såååå blankt :D

Der står TRI på felgen :)

Klikk på bildet, der står det "Full Speed Ahead". Yesss.


Åh nei åh nei så blankt of fint alt saman... men nå tok det litt av.
Men det ER jolesteminga her i stoga.

Det er ikkje så ofte eg unnar med nytt utstyr, studentøkonomien har rett og slett ikkje tillatt noko nytt, og i det siste har eg jo på grunn av dårleg form ikkje kunna jobbe noko ekstra, slik som det eigentleg var planlagt med min 80%stilling...

Dessutan høyrer sykkelen absolutt ikkje til skryte- og luksusklassen, men byr på mykje bra utstyr i forhold til prisen.
Nå gjenstår det berre å sjå om den er like god å sykle på også.

Så snart den er klar. Og været er fint. Og vegane glatte og slette og fine.
Hm...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar