Nå er det tre dagar sidan den første IRONMAN-triatlon blei arrangert i Skandinavia, og eg var der og stilte til start, og kom meg til mål, så då er det på tide å blogge om det!!
Veit ikkje heilt kva eg skal skrive eigentleg.
Nå i etterkant har det vore ein nesten litt uvirkeleg oppleving.
Eg var ganske sliten og stressa og deppa dei dagana fram til me reiste, og det tok laaaang tid før bekymringar og negative tankar slapp taket.
Me kom fram til Haugesund på fredagskveld, drog rett til ekspo'n og henta startnummerene.
På ekspo'n var det mykje som frista, men først skulle jo rommet betalast, og shopping ville me få tid til heile laurdagen.
Gjennom laurdagen hadde me god tid til frukost og rusling gjennom Haugesund, og det var fint med måkeskrik og båter og kanal og triatletar og nærheten til havet og enda fleire båtar, og enda fleire triatletar.
På ekspoen var det heldigvis ikkje så mange fristelsar likevel, uansett var prisane tilpassa norske forhold og vel så det, men eg unte meg nå ein Ironman 70.3 Norway-caps, sidan caps er kjekke å ha, både når det er sol og når det regnar, både under konkurranse, på trening og på fritida.
Etterkvart kom også Marie og Sakarias og Hårek, og då blei det i alle fall veldig koseleg, omgitt av så mange gode venner kjendte eg at slappa av meir og meir.
Å pakke dei ulike bagar til konkurransedagen er alltid ei morosam utfordring.
Det blir pakka ein blå pose med sykkeltøy, ein raud pose med løpetøy, og til slutt blir alt tøyet ein skal bruke etter konkurransen lagt i den kvite posen som blir frakta til målområdet, slik at ein slepp å gå rundt i svett og blaut konkurransetøy etter målgangen.
| Innsjekking av syklar og bagar, på laurdagen. I bakgrunnen Skeisvatnet der me skulle svømme. På bildet: Helene og Marie. |
Men konkurransedagen begynte med opphaldsvêr og god temperatur, og temperaturen i Skeisvatnet der med skulle svømme heldt heile 19gradar.
Det syntest eg var heile luksus i forhold til dei kjølege 13 gradane her i Seljordsvatnet!
Det var masse tilskuarar ved starten, og stemninga var magisk og til å kjenne på. Musikk frå Vamp gjorde sitt at eg stadig fekk gåsehud. Og ikkje minst, eg hadde faktisk oppnådd mitt første mål: Å koma til start på Ironman 70.3 Norway!
Etter at det blei spela "Ja vi elskar" mens me alt var eit stykke ut i vatnet (og eg skal ikkje legge offentleg ut her at det var nok fleire enn meg som måtte lette trykket når dei hørde på, ehem :D), så gjekk startsignalet, og det blei endeleg start.
Eg er ikkje heilt venner med Orca-våtdrakta mi, den strammar altfor mykje rundt armar, skuldre og i nakken, så brystsvømming for å halde oversikt var utelukka, også i berre korte periodar. Morsamt var at eg møtte Marie eit lite stykke uti etter start, men ho drog nok ganske fort frå meg igjen.
Eg fann meg etterkvart eit par fine føtter å drafte på, og slappa godt av.
Kanskje litt for godt? Eg hadde mange gode tankar undervegs og kosa meg.
Svømmetida var som vanleg, i underkant av 40min.
![]() |
| Av med overdelen av våtdrakta. Her gjeld det å spare inn tid i T1. |
Sykkelløypa på ni mil førte oss ut av Haugesund og nordover. Som eg pleier, så var eg alt sulten på sykkelen, og begynte med ein gong å drikke og ete energibar. Det var rikeleg med mat- og drikkestasjonar med både vatn, sportsdrikke, energibar og bananar og gel, så det var den vande bra ironman-servisen.
![]() |
| Nydeleg utsikt frå sykkelløypa. Her kosa eg meg skikkeleg! |
Såpass godt var det å sykle at eg tillot meg å ta nokre bilder undervegs.
| Eg tok meg tid til å ta eit par-tre bilder på syklinga. |
Og moro var det. I alle fall heilt til eg hadde omtrent passert 70km, for då sa det plutseleg PANG og framhjulet punkterte!
Dette hadde eg ikkje akkurat sett fram til, dekket på framhjulet er nemleg heilt nytt og utruleg stivt og vanskeleg å få av (slik at eg ikkje klarte det siste gong eg prøva det heime på stuegolvet).
Heldigvis var det god plass ved sida av vegen, og eg fekk bytta slangen på sju minutt. Eg har alltid med ei lita vanleg pumpe på sykkelturane mine, dei er vedlikehaldsfrie og til å stole på, synst eg. Men då eg hadde pumpa opp dekket og satt hjulet på plass, og dreidde det rundt, så var det faktisk slag i dekket.
Då var det berre å ta framhjulet av igjen, sleppe ut lufta igjen, banke og trykke og pirke litt rundt, for så å pumpe det opp og sette det på att, i håp om at det denne gongen ville passe.
Mens eg heldt på med dette, var det jo mange som sykla forbi meg, og mange spurte om det var noko eg trengte.
Heile slangebyttinga tok ikkje meir enn 10 minuttar. Og eg far pussig nok heilt roleg og konsentrert mens eg heldt på. Eg syntest nok at det var litt synd med tanke på tida, eg hadde håpa på å koma inn til Haugesund før kl.12.00, og halde gjennomsnittsfarten.
Dei siste 15km på syklinga var ganske nervepirrande. Eg vurderte heile tida undervegs om kva eg skulle gjera viss eg skulle punktere ein gong til. Lappe slangen? Ta sykkelen fatt og GÅ?
Men eg kom meg godt inn til Haugesund og skiftesona igjen, heldigvis. Jammen blei eg letta då eg kunne sette sykkelen frå meg!!
Å løpe når ein nettopp har sykla ni mil er sjeldan lett, og eg kjendte at det var ganske vondt og ubehageleg i knea. Men ubehaget forsvann fort og då eg nådde sentrumet, kunne eg konsentrere meg på å springe og innta mat og drikke.
Eg hadde nemleg blitt heilt utruleg sulten! Eg hadde nok ete alt for lite på sykkelen.
Så eg løp frå matstasjon til matstasjon og helte i meg to koppar med vatn og pressa i meg banan slik at det omtrent skvulpa i magen. Men magen hadde det fint, den. Den blei berre glad over all bananen den fekk.
Løpeløypa gjekk gjennom Haugesund sentrum og litt ut att, og kryssa målområdet heile fire gonger før me endeleg kunne springe i mål. Og det var mange mange tilskuarar undervegs, spesielt langs målområdet og kanalen. Men også rundt omkring i hagane satt det folk og heia lystig på oss løparar.
Eg kjendte nok at store farten ville det ikkje bli den dagen, og muskulaturen rundt det venstre kneet mitt begynte etterkvart å nesten krampe, så eg tok ein god del gåpausar undervegs.
| Godt humør undervegs. Bildet er tatt av Hårek. Legg merke til banan i venstre hand. Eg sprang alltid med mat i hendene! |
![]() |
| Finisherpix tok veldig mange bra bilde. |
Eg slutta meg til ei jente som akkurat som meg nærma seg slutten og også veksla mellom å løpe og gå. Ho såg fantastisk sterk ut bakfrå, og eg tenkte at denne ryggen kunne eg godt henge meg på. Eg tok til og med og jogga forbi eit lite stykke. Men så måtte eg ta ein gåpause igjen.
Bakfrå hørte eg stemma til den sterke ryggen, og jenta klappa meg på skuldra og heia på meg og sa "Kom igjen, me er det snart" og eg blei med henne, og me hadde både samstemnde stegfrekvens og jamnt og roleg tempo.
Så blei eg nysgjerrig, denne jenta så eigentleg ganske ung ut.
Det viste seg at ho var berre 18 år!!
Så utruleg kult å delta i ein halvironman når ein er 18år!
![]() |
| Superstemning også blant publikum. |
Så etter 6t26min44sek kom eg meg i mål på Ironman 70.3 Norway.
Og er eigentleg ganske stolt av den tida.
Ikkje fordi den er spesielt bra.
Men fordi den visar at eg kom meg godt i mål, til tross for at helsa skranta veldig i vår, kneet fekk seg ein skade, og eg eigentleg følte at eg hadde oddsen litt mot meg og stilte til start med eit veldig tynt treningsgrunnlag.
Men så er denne tida faktisk også bedre enn den frå Mallorca 70.3 ifjor.
Og løpetida er faktisk nøyaktig den same!
Etter målgang fekk eg den etterlengta medaljen min, og det blei servert mat og drikke, og sola skein og det blei spela musikk, og speakern sørga for kjempestemning for både triatletar og publikum, og sola skein ned på Haugesund. Det var herleg.
| Speakern frå Sørafrika (til høgre med kvite shorts) skapa fantastisk stemning. Korleis er det mogleg, over så mange timar?? |
Då me skulle gå uti vatnet ved svømmestart blei me oppfordra til å vera forsiktig, sidan vannstanden hadde synke såpass at det hadde koma fram mange kvasse og skarpe steinar. Det var bygd opp ein ekstra rampe når meg kom opp av vatnet for å unngå desse steinane, men så hadde eg vel skjært meg på eit eller anna då eg gjekk uti.
I teltet til Røde Kors skulle eg berre hente meg eit plaster, men der skulle eg berre legge meg ned og slappe av, så skulle dei ta og rense såret. Kuttet var litt djupt, og eg sperra opp augo då dei diskuterte om såret måtte sys. What??? Ehem, nei takk!
(Pussig nok var ein av hjelparane der anestesilege - så då var jo alt på plass, sånn medisinsk sett:D).
Pussig, det er så mykje adrenalin på ein konkurranse, at eg ikkje hadde merka nokonting til dette heilt fram til eg tok av meg skoen!
| Fantastisk vêr og superstemning mot slutten av konkurransen. Nederst i bildet: blid og hyggeleg anestesilege - då hadde det ikkje gjort noko å blitt sydd eit par sting kanskje? |
Både på grunn av den situasjonen eg er i, der eg kjenner at helsa knapt strekker til i det daglege, fordi treningsgrunnlaget mitt var utruleg tynt, og fordi det var den første Ironman på skandinavisk jord.
Sjølv om kvardagen alt har henta meg inn att, så har motivasjonen min for trening, og ikkje minst inspirasjonen min for fleire konkurransar fått eit skikkeleg løft.
Så sjølv om det kanskje ikkje bli fleire konkurransar dette året, så er det jo lov å drømme..




