It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 25. april 2013

Mursteinstreningsøkt

"In the world of multisport athletes (triathletes and duathletes), “brick” workouts are very common.  A brick workout is a bike workout followed by a run work out. One of the main reasons behind brick workouts is to get the multisport athlete accustomed to running and running well coming off the bike while fatigued.  Are there other "combo workouts" in addition to brick workouts that can complement a multisport athlete’s training? Absolutely!"

Det er det som står på trainingspeak-bloggen, altså bloggen som høyrer til onlinetreningsdagbok som bl.a. Dave Scott brukar for å coache atletane sine.

Murstein.
Ikkje veit eg kva grunnen er til at desse kombi-øktene av ulike dispiplinar, f.eks. sykling og løp, heiter brick på engelsk. Kanskje fordi dei bygger eit godt fundament i triatlon- og duatlontrening?

Det var altså ei slik kombiøkt som stod på programmet sist søndag.
Dei vanlegaste kombiøktene innanfor triatlon er nok sykling etterfølgt av løping, sidan det er denne overgang som byr på dei største utfordringane, fysiologisk sett (og kanskje også mentalt, sidan beina ikkje alltid kjennest like gode etter å ha sykla ei stund, og ein må berre ignorere dette i starten av løpedelen).

Dave Scott hadde altså sett opp ei kombiøkt.
Denne skulle erstatte dei lange sykkel- og løpeturane i helgane (hurra!! eg er ikkje så altfor glad i langturar eigentleg).
Men i staden for å ta ein sykkeltur etterfølgt av ein løpetur, så stod der: bike 85min, run 60min, bike 60min.
Wtf?? I mean, unnskyld, ehem, altså er ikkje å springe ein heil time etter nesten halvannan time sykling nok, kvifor i all verda skal me då sykle enda ein gong, og så ein heil time??

Men men, eg utsette spørsmålet til gutta i Boulder, Colorado til seinare og nøydde meg med å prøve ut økta i staden for.
Det var heller ikkje slik at me skulle "sykle hardt" og så "springe roleg" eller, "sykle roleg" og så "løpe hardt", sjølvsagt var dei enkelte øktene delt inn i forskjellige set med intervall av forskjellig fart og intensitet.
Ja da.
Som eg sa tidlegare, det blir aldri kjedeleg å trene med Dave Scott!

Heldigvis var det fint vêr på sundagen, heile økta ville jo vare i 3,5timar.
Sidan me skulle halde overgangen mellom sykling og løping så kort som mogleg for å etterlikne konkurransesituasjonen, hadde eg rigga til med ei skiftesone hos ei venninne. Det er tungt nok å løpe etter å ha sykla, og det lønner seg alltid å spinne i lett gir dei siste minuttane fram til vekslinga, men dette går ikkje med den lange bakken opp til leiligheten min.
Så skiftesone blei oppretta ein annan stad.
Kjekt også at eg fekk noko startmat i form av pommes frites levert rett før starten.
Godt at eg ikkje begynte med løp, pommes frites er jo lett fordøyeleg, men hadde likevel kanskje ligge litt tungt i magen?

Heldigvis låg dei forskjellige intensitetane innanfor aerob sone og langt under mjølkesyreterskel.
Eg hadde tatt med godt med mat, dvs to bananer (klassisk, billig, praktisk og god mat på sykkelsetet), energibarar, energigel og isotonisk sportsdrikke og vatn.
Løpeskoene stod klare i "skiftesona".
Og syklinga gjekk fint, den. Det var faktisk vanskeleg å halde meg innanfor låg intensitet, vinden i ryggen gjorde at det kjendest fantastisk lett å sykle!

Men på returen var det nokre heilt andre saker, i motvind gjaldt det å halde litt igjen.

Overgangen til løpinga tok meg 2,5min, med litt bytte av vindvest og knevarmarar er eg ganske fornøydd med dette.
Løpedelen gjekk også bra, men her var pulsen delvis høgare enn det som var målet.
Eg synst nemleg at det er utruleg morsamt med slike kombiøkter, og når det er moro, er det vanskeleg å ta det med ro.
Den timen gjekk faktisk fortare enn antatt, eg skulle jo heile tida bytte mellom to intensitetar og måtte derfor sjekke klokka mykje undervegs.
Eg tok meg tid til å dokumentere vårteikn undervegs.
Overgangen frå løping til sykling var merkeleg.
Eg følte jo at eg var "ferdig" med økta.
Hmmm sykle nå? Igjen?
Jaja.
Kor hen da?
Eg prøva meg først på ei strekning eg hadde mest lyst på, men med såpass mange bakkar så kjendte eg fort at dette ikkje var lurt.
Me skulle nemleg også her stort sett bytte mellom to lette til moderat harde intensitetar.
Og korleis skal ein sykle opp bratte bakkar på trøtte bein i lett intensitet?
Der kjendte eg også at motbakkelintervalla frå to dagar tidlegare hang altfor godt igjen i beina.

Men men, den timen gjekk faktisk også ganske greitt, eg kjendte nok at motivasjonen begynte å minke, men samtidig så skulle eg jo snart vera i mål.
Dessutan var det kjekt å sykle for då var det lette å ete og drikke, eg hadde nemleg begynt å bli sulten.
Hmmmm Powerbar er godt!
Då eg nærma meg huset til venninna mi kjendte eg at dette hadde vore moro og alt anna enn mursteinstungt.
Det var faktisk morsamt og spennande å halde på med.
Slike kombiøkter er planlagt nå framover.
Så det gledar eg meg til.
Og det virkar som om det blir bytta om på disiplinane og rekkefølga.
Kanskje viss eg lagar mine eigne kombiøkter, slik som i trainingpeaksartikkelen, då får eg plass til styrkeøktene også.

Kanskje kan dette vera til inspirasjon for nokon der ute?
Det treng jo ikkje vera 3,5t lange økter, men kva med 45min sykling etterfølgt av tre raske km på beina?
Styrketrening etterfølgt av sykling?
Eller ein sykkeltur etter svømminga?

God trening!

9 kommentarer:

  1. Det inspirerte meg Imke! Det hørtes spennende ut, og får i tillegg ei lang treningsøkt til å virke kortere. Skal prøves ut :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra!
      Ja eg for min del vil heller slå to lange turar saman på denne måten.
      Som sagt, intensiteten her var låg, alt reint aerobt frå "lett" til planlagt halvironmanintensitet (som er sånn moderat for meg).
      La deg inspirere og lykke til!
      (Og blogg om det etterpå da!)

      Slett
  2. uff, kan det ikke heller være LETT (sen) løpetrening etter en sykkeløkt heller? det blir så mye "lettere" da ;)
    Men jeg syns du er veldig flink som gjør dette :D

    SvarSlett
  3. Takk Guro!
    Ja altså det skulle vera "lett" altså låg intensitet på alle tre delar, men med små variasjonar. Dave Scott er ingen "steady pace" coach akkurat - han varierar mykje mellom sonene, også når alt fortsatt er aerobt.
    Og på den måten går tida fortare (ein må halde styr på dei forskjellige delane), og då blir det lettare au.
    Det verste var eigentleg å koma i gang...
    (jaja og den siste halvtimen kanskje :D :D)

    SvarSlett
  4. Oj oj det hørtes ut som en heftig kombinasjon det der! Tror ikke jeg skal prøve meg på den med det første ;-)

    Jeg har pleid å jukse jeg da.... tatt det i omvendt rekkefølge: løpe til spinning. For meg har det handla mye om å øke utholdenheten; rett og slett være i aktivitet over lengre tid. Så da har jeg liksom ikke vært så nøye på rekkefølgen liksom. Om sommeren blir det dog i rett rekkefølge. Jeg tror det kan være moro å lage sine egne kombinasjoner, kanskje også tilpasset til egne behov....?

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt einig, like før ein triatlonkonkurranse er det nok meir viktig å trene på den spesielle overgangen sykling-->løp, men ellers er slike kombiøkter effektiv for å trene uthaldenheten.
      Så det er berre å slå seg laus og lage sine eigne kombinasjonar (ikkje sant, når Dave Scott gjer det, så kan me andre også gjera det ;) ).
      Lykke til! :)

      Slett
  5. Herlighet for en BRICK session du hadde her! 85/60/60!!!! du er gal! men da vet jeg hva Dave "krever" neste år DERSOM jeg hiver meg med på samme IM. Uhhhh!
    Jeg klarer fint sykling i 60 min, og deretter ROLIG løping i 5 km, men da er jeg også nesten ødelagt altså!..men: dette MÅ til! og husk; smerte er bare midlertidig!:)

    SvarSlett
  6. Jaaaa det er herleg galskap dette :D

    Eg har forresten skrive meg på "intermediate" program (definert ette antatt sluttid i Haugesund på under 6t30min).
    Det finst eit beginners' program, og det kanhende er snillare mtp lengde, distanse osv.

    Men det som er fint med slike megastore økter er at laurdagen er det verken sykling eller løp, og heller ikkje måndag, og viss du tenker etter, så er alt saman ved låg intensitet, dvs ikkje verre enn ein bratt lang fjelltur.
    Og det greier jo mange!
    Utfordringa er nok mest mentalt her pga overgangane ;)

    Sykling 60min + løp 5km er jo ei ganske heftig økt også. Løp etter sykling er alltid krevande.
    Eg trur du kjem til å bli i kjempeform til Oslo triatlon!

    SvarSlett
  7. Hei Imke,
    Det du driver med er skikkelig imponerende. Den økta der høres ordentlig tung ut. Kankskje de sier "brick" fordi det kjennes ut som om man har båret murstein etterpå? Det er gøy å lese om hvordan du trener. Jeg blir litt satt ut og får samtidig litt lyst til å prøve. Senere en gang :-)

    Laila

    SvarSlett