It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 4. februar 2013

Ut av deppegjørma! (Sakte men sikkert)

Eigentleg så burde ein, når ein har det bra, lage seg ei liste over ting ein likar.
Ting som gjer ein glad.
Mat ein likar.
Plassar ein trivst å vera på.
Venner ein blir glad av å snakke med, uansett.
Gode lukter,
fine bilder,
godmusikken...
Eg er glad i godvêrsskyer.
Men dei er jo kanskje ikkje der når eg treng dei?
For alt dette ein blir glad av kan fort blir borte under ein depressiv episode.
Det er merkeleg.
Ein hugsar liksom ikkje kva som er godt, kva ein likar, alt er borte!!
Kanskje lurt å skrive ned dei tinga ein blir glad av?
Så gjennom den siste veka har eg altså prøvd så godt eg kan å jobbe med denne uuthaldelege sinnstilstanden ein kallar depresjon.

Eg hugsar at tilbake i 2005/2006, då glei eg inn i ein slags nedstemthet/depresjon som gjekk såpass gradvis at eg ikkje la merke til det.
Og det gjekk det faktisk an å leve med, merkeleg nok. Eg hadde på det tidspunktet gløymt korleis det er å ha det bra.

Men dei siste åra så har det endra seg.
Eg har fått det både bedre og verre.
Og eg skyldar på alle terapitimene eg har hatt.
I stadenfor ein grå tilværelse har det blitt svart-kvitt.

Gjennom kognitiv terapi skal ein bli bevisst over kva slags "falske" tankar som har snike seg inn i hovudet.
Dei meir hardnakka tankane, som ein gjerne har internalisert, blir kalla for levereglar.
Desse tankane er stort sett ubevisst, og blir tenkt så fort at me gjerne ikkje greier å fange dei opp.

Men i terapeutisk samanheng, eller også i samtale med gode venner, som er gode til å lytte og gje tilbakemelding, kan slike øydeleggande levereglar fort blir avslørt og formulert som ei setning.
Og så kan ein jobbe med desse.
Kognitiv terapi er nok litt meir omfattande enn dette eg har skrive nå, men å legge merke til falske, ugyldige tankar for så å avlive desse og erstatte dei med andre, bedre tankar er essensen i kognitiv terapi.

Eg har vore så dårleg sånn energimessig at eg ikkje har greidd å jobbe på denne måten den siste veka.
Det har meir dreidd seg om krisehandtering.
Overlevelse.
Og eg HATAR faktisk å vera deprimert.
Sjølv om dette ikkje hjelper det grann mot å vera deprimert, det gjer det faktisk verre.

Men nå skal eg ikkje dvele med det som ikkje funka.
Eg vil heller skrive om det vesle eg gjorde den siste veka og som faktisk hjelpte meg å koma litt meir opp av psykogjørma eg sit fast i.

Tysdag blei det fysioterapi.
Masse artig treningsutstyr!
Men det blir ikkje trening når eg har fysioterapi.
Der blei det i tillegg til fysisk behandling også mykje prat, fysioterapeuten min seier sjølv at han ikkje er samtaleterapeut, men likevel, han kan eg snakke med om det meste, og han gir meg gode tilbakemeldingar.


Og så kjøpte eg meg eit lite anti-depressivum, i form av ei fleecejakke.
Norrønas Women's Narvik Warm 3 Zip Hood
Eg hadde nemleg eit gåvekort frå G-Sport som eg skulle bruke, og når denne superdeilege fantastiske godbiten frå Norrøna var satt ned til 30% av halv pris eller noko, då var det overkomeleg.
Hmmmmm...

Eg elskar sånne knallfargar!
Den antidepressive effekten av ei heilt ny fleecejakke burde ikkje undervurderast!

Likeeins er det viktig å unne seg noko ekstra ein ikkje gjer så ofte.
Ein tur på kafé for eksempel.

Det smakte så godt at eg kjøpte meg ei pakke med Nescafé Vaniljekaffe, og DET er godsaker, må eg seie.
Den står nå jamt på handlelista mi framover, tenker eg.

Etter ei times lang telefonsamtale med ei kjempegod venninne som eg savnar forferdeleg etter at ho flytta frå Telemark så blei eg faktisk litt oppstemt (noko som ho kommenterte mot slutten av samtalen: "Å, nå høyrer eg at det er deg igjen på stemma di.--> deprimerte meg snakkar nok ikkje spesielt lystig, vil eg tru...)
Etter samtalen blei eg inspirert til å stå på brett på onsdagen, noko var kjempemoro til tross for at det var plussgradar.
Det er berre så moro å stå på brett!!!

Torsdagen blei det gruppetur på ski, og det var blå himmel og sol og berre få kuldegradar, og eg trur eg har aldri gått så sakte på ski før, og hatt det så bra samtidig!
Me stoppa ofte i sola og stod og prata like mykje som me gjekk,og bruka noko sånt som ein heile time på 2,5km! :D
Bevisbilde - eg var på skitur!
Fint turvêr - halvparten av tida stod me stille og sola oss! 
Laurdagen kom eg meg faktisk ut på løpetur, etter å ha nilest på artiklar om psykisk helse og trening og "exerise effect on mood" osv. Nå er jo den positive effekten av mosjon på psykisk helse vidt kjent, men eg lurar jo kva som skal til for å få meg oppstemt igjen, når eg eigentleg driv med meir mosjon enn anbefalt og likevel blir nedstemt...

Sundagen sykla eg på rulle.
Eg var nemleg pinnestiv og støl etter løpeøkta dagen før.
Lett spinning foran skjermen med Istid 4, då flaug tida av garde.
Istid 4 - for ein gjeng! Då blir det ikkje kjedeleg å sykle på rulle, i alle fall!
Ein heil time og 15min på sykkelrulla er ganske bra.
Etterpå ein time rusletur med Lukas.
Altså virkeleg, dette MÅ eg vel bli litt meir oppstemt av, eller???

Eg skulle ønske at det var så enkelt.
For mange er riktignok fysisk aktivitet i form av mosjon eller målretta trening som løping eller sykling nok for å halde seg mentalt i balanse. Nokon påstår at dei ikkje har så mykje meir å gruble over etter å ha vore på ein to timar lang løpetur.
Og det er jo flott!
Med den kroniske diagnosen som eg har, så sit nok utfordringane på eit djupare plan, og dermed er depressive episodar meir som symptom å rekne enn sjukdom i seg sjølv.
Sjølv om depresjon er ein sjukdom/psykisk lidelse likedan.

Men ein flott bivirkning av å bruke trening og mosjon som anti-depressiva er jo at ein blir sprek av det!
Bra bivirkning.


14 kommentarer:

  1. Så bra; dette ser kjempeflott ut! Bevistgjøring må til, tror jeg, som et første trinn på veien mot å jobbe seg ut av floka. Kognitiv terapi høres derfor veldig bra ut.

    Det kan hende man får seg noen a-ha opplevelser underveis, a-ha opplevelser som gjør at brikkene begynner å falle på plass og som bidrar til at man ser sammenhenger, forstår ting bedre. Og bare det kan være nok til at man føler seg litt bedre, ser lysere på ting, og føler at man får mer overskudd og energi. Så må man i neste trinn jobbe med denne viten som man har fått, sørge for å kvitte seg med de negative tankene, gjenkjenne mønstrene slik at man ikke går rett i samme sporet igjen, stoppe den negative tankeprosessen så fort man kjenner at den starter..... Vel, jeg er ikke noen verdensmester i dette faget så dette er bare hva jeg tenker; så du får ta det for det det er: en ufaglærts tilnærming til et vanskelig men dog svært spennende felt! Jeg synes det er bra at du skriver om disse tingene her jeg og jeg heier selvsagt på deg!! Ha en fin uke ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Silja!
      Heilt klart er bevisstgjøring det første steget.
      Ellers er det snart ein sjølvforsterkande prosess med dei negative tankane...
      Ein treng heller ikkje vera fagekspert på dette, dei fleste har vel opplevd negative tankar, og eg vel gjerne bli heia på av ein "ufaglært":)
      Håpar du har hatt og fortsatt har, ei fin veke! :)

      Slett
  2. Så bra at du har krefter til å jobbe så hardt!Det høres ut som om du gjør veldig mye som er bra for deg. Selv om det er lettere når man forebygger enn når man står midt oppe i det.

    Kognitiv terapi er definitivt bra. Jeg har selv fått hjelp av en kognitiv terapeut til å få bukt med depresjon. Psykologen Torkil Berge, har skrevet en bok som heter "Lykketyvene" som er vel verdt å lese. Berge er en av de fremste kognitive terapeutene i Norge. Boka er skrevet slik at alle kan ha nytte og glede av den.

    Lykke til videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja den boka er veldig bra, den, har den i hylla, riktignok som langtidslånt frå biblioteket, men likevel.
      Den er så rett på sak, og enkel, og grip tak i problemområde som ein gjerne gløymer.
      Pussig at du nevner boka, eg hadde først tenkt å skrive om den i innlegget, men så hadde eg alt skrive så mykje.
      Det går sakte men sikkert, riktig veg.

      Ha ei fin helg!

      Slett
  3. Jeg er litt usikker på hva jeg kan komme med, for at det skal virke oppmuntrende. I den grad det går an på dette tidpunktet da.. Annet enn at jeg virkelig, virkelig håper at du klarer å komme deg opp og frem sånn smått etterhvert. Ta små steg av gangen, ikke forhast deg. Du har god tid, så vær litt egoistisk og tenk kun på deg selv nå :)
    God bedring (hvis det går an å si til noe slikt)... :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Guro, det var gode ord.

      Ja det er jammen viktig det du skriv, små steg av gangen, eg er jo så forferdeleg utolmodig!
      Men det går riktig retning.

      Og JA, det går an å ønske god bedring :)
      Og det takkar eg for :=)

      Slett
  4. Flott innlegg. Du har mye fine tanker som du har klart å formulere på en god måte. Masse lykke til videre og stå på!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Kristine!

      Eg hadde eit lyst øyeblikk som eg måtte sette meg ned å få det "ned på papiret".
      Trur det kan vera vanskeleg for folk som ikkje har hatt depresjon sjølv, å forstå kva som skjer.
      Spesielt når ein eigentleg er fysisk frisk og oppegåande, og trener osv.

      Men det kan ramme alle, så eg håpar at dei som les dette her blir meir bevisst på temaet slik at dei kjenner det igjen viss det skulle skje.

      Eg synst det temaet er vanseleg å skrive om, så du gav meg ei bra tilbakemelding!

      Slett
    2. Ahh retail therapy.. Skikkelig undervurdert! :0D Jeg er IKKE glad i knallrosa for eksempel, (jordbundet som jeg er), men registrerer med forundring at fargen på yogamatta har noe å si for hvordan timen oppleves etterpå. Og sjokkrosa er tydelig noe kroppen min liker.. *stirrer*

      Forøvrig, du fortjener en klem fordi du kjemper så hardt at jeg kan kjenne det her jeg sitter og plutselig følte meg bedre. Jeg skal gå og ta den brødbaksten jeg gruet for!

      Ha en fin fin lørdagskveld.

      Slett
    3. Oi, det var jammen bra at innlegget mitt hadde ein slik bra effekt på deg da!
      Det likte eg :)

      Eg har aldri likt rosa då eg var lita jente, då skulle alt gå i grønt, helst mørkegrønt.
      Og det varte i omtrent 30år, då blei det lysegrønt, og så plutseleg likte eg ROSA :D

      Pussig korleis fargane virkar på ein, eg får energi av knallrosa, blir glad og avslappa av turkis...

      Ja kanskje kroppen din treng litt sjokkrosa, som motvekt mot meir "jordbundne fargar"?
      Spennande tema.

      Ha ein riktig fin laurdagskveld du også!

      Slett
  5. Godt du kom deg ut av gjørma for denne gang, og attpåtil beskrev hvordan du gjorde det! Jeg skjønner ikke at du klarer å sette ord på det en gang.

    Selv gikk jeg på kurs i depresjonsmestring for et års tid siden. Det var ganske likt det skjemaet du har oppe i innlegget ditt, men i form av spiraler. En runde på spiralen var en tanke, en runde til var tanke basert på den forrige, og så videre.

    Det er ikke alltid lett å komme seg ut av gjørma når man først sitter der. Noen ganger må jeg bare sitte der noen dager og tenke meg lei på alt det nedtrykkende før jeg legger det fra meg og går videre. Men jeg har noen tåpelige triks som fungerer. En av de er å løfte hendende over hodet og tvinge meg selv til å le høyt og falskt. Det ser kanskje teit ut for andre at et trist tryne ler, men med litt trening hender det at det dukker opp en hysterisk morsom tanke. Da gjelder det å forsøke en sirkel til på spiralen for å komme ut av den depressive sfæren en liten stund.

    På kurset fikk vi også en bok med flere hundre tips om ting som kunne gjøre dagen litt lysere. Ser at du har gjort noen av de. Ha en fantastisk søndag!

    SvarSlett
  6. Takk for bra tilbakemelding, Knut!

    Ja av og til greier eg å sette ord på det som skjer. Andre gonger er eg altfor fanga av deppa tankar og følelser, eller så skjønner eg ikkje kva som skjer uansett.
    Men kanskje, etter så mange år, begynner eg å skjønne litt meir.

    Ja kurset i depresjonsmeistring har eg høyrd om, så godt at du var med på det og fekk utbytte av det!
    Det er ikkje så aktuelt for meg, sidan årsakene for dei depressive episodane ligg enda djupare enn det som blir omtalt på KID-kurset.
    Du kan sei at for meg så handlar det om å meistre/dempe depressive symptom, mens den underliggande lidelsen er kronisk.

    Så artig det "tåpelege" trikset ditt var! :D
    Eg har faktisk tru at sånne triks er meir effektive enn "vanlege" som "tenk på noko positivt" osv.
    Me må lure hjernen litt når det står på som verst, og dess sprøere trikset, dess bedre kanskje?

    "Fake it until you make it" er jo noko som heiter også.
    Og latteryoga er vel noko som enkelte sverger på?

    Når det gjeld langdistansetriatlon så er eit tips å smile til tilskuarane, også om ein ikkje føler for det.
    For kroppen registrerar smilet, og dermed trur me at me er litt glade...

    Veldig spennande og lærerikt å høyre om andres erfaringar med depresjon/depressive episodar.

    Skulle gjerne hørt fleire av tipsa dine, spesielt viss dei var rare.

    Ha ein riktig fin søndag du også!

    SvarSlett
  7. Dn smilegreia skal jeg ta med meg videre. Når du smiler til noen, smiler de tilbake til deg, så gir det en god følelese og energi.

    Hvilke andre triks bruker du for å hente ny energi under triatloner når kreftene er i ferd med å ebbe ut?

    Jepp, det er mye overføringsverdi å snakke sammen. Har en del venner med forskjellige psykiske lidelser som er vanskelig å snakke om til folk som ikke skjønner hva det dreier seg om. Vi deler ofte det dårlige tankegodset mellom oss, eller er bare til stede og lytter slik at vi får luftet ut. Det tar det ikke vekk det iboende negative i oss, men det gir iallefall et lite pusterom - omtrent som den fysioterapitimen eller fleece-jakken.

    De andre triksene skal jeg komme tilbake til i bloggen min etterhvert. Tenkte egentlig å scanne kursboka fra KID-kurset men den er full av egne notater og crazy søpletanker. Har ikke funnet noe på nettet som er i nærheten av det boka ga meg. Har lovet vennene mine å skrive litt om det. Egentlig er de billige triksene for eksempel en iskald eller en lang varm dusj, en annen vei hjem enn den vanlige, å gå med blikket hevet og se på tretoppene eller takene på husene. Stirrer jeg ned i bakken ser jeg ofte "inn i meg selv" og det er ikke alltid like bra.

    Maslows behovspyramide er en fin sak. Den tar for seg de grunnleggende behovene som f.eks sult, søvn, sikkerhet, trygghet. Dette ligger som et fundament i bunnen. Så kommer andre også viktige ting oppover i pyramiden. Mine egne nedturer er ofte etter at jeg har slurvet med de fundamentale greiene som søvn, mat og trygghet og ikke har fått hvilt nok... http://ndla.no/nb/node/85351

    Har også laget et par kortstokker som jeg har i lomma av og til. Den ene går ut på kognitive feil som overgeneralisering, svart-hvit tenkning, må- og bør-tekning osv. Den andre stokken bruker jeg når tankene har låst seg fast i et mønster som jeg får i lange smerteperioder.Den handler om å vri om på en oppfatning, oppsøke frykten eller summere opp dagen ved å ta de positive tingene først,deretter de jeg ikke liker.

    Skulle gjerne skrevet mer, men det er ikke tid. Skulle egentlig ha ringt regnskapsføreren min for to måneder siden, men så er det denne lammende angsten jeg har. Har helt sikkert brukt hundre ganger mer tid på å tenke på hvor ille det e å ta den telefonen enn selve handlingen. Så skrev jeg "oppsøke" rett over. Tror jeg forsøker meg der før jeg kommer på unnskyldninger for å utsette det igjen.

    God mandag!

    SvarSlett
  8. Ja eg håpar at du bloggar litt om fleire "antidepressive" triks!

    Ja dusj er også velprøva.
    Varm dusj er heilt klart avslappande og avstressande og hjelper litt med å nullstille meg, har eg funne ut,
    og om sommaren så er det riktignok ikkje noko kald dusj eg tar, men ein dukkert i Seljorsdvatnet som pleier å vera litt kjøleg.
    Det blir nullstilling av tankar, virkeleg.
    Eg kallar det for kuldesjokkterapi eg da, virkeleg effektivt :D

    Så kjekt med kortstokkar i lomma. Problemet med alle desse triksa er jo at ein må oppsøke dei aktivt når ein er dårleg, og EG blir i alle fall skikkeleg dårleg til det. Alt blir jo borte, også gode triks og råd.

    Det med kroppshaldning er spennande, hjernen får jo heile tida tilbakemelding frå kroppen om kor dei ulike delane er hen, og kva stilling dei er i, så å vera obs og ha ei god kroppshaldning kan vera lurt.

    Akk ja, eg har oppsøkt frykten min idag, eg har nemleg vore hos tannlegen, og etter eit fråvær der gjennom 10år pga av ekstrem tannlegeskrekk kom eg meg dit for 1.gong ifjor, og tenkte eg skulle til kontroll nå.
    Det gjekk ganske greitt.
    Kjennest jo utruleg godt etterpå, og er god for sjølvfølelsen.

    Det med triks for å hente meg inn igjen under ein triatlon må eg tenke litt igjennom, kanskje blir det eit eige innlegg. Eg opplever nemleg veldig sjeldan at eg går tom for energi på ein triatlon, verken fysisk eller psykisk.
    Null negative tankar...
    Så kva som er trikset der skal eg finne ut og blogge om.
    Det gjeld nemleg ikkje reine løp, då kan det fort bli tungt undervegs...

    Ha ein riktig god mandag du òg Knut!

    SvarSlett