It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 24. februar 2013

Suspense is killing me!

Nå er det 10 dagar sidan kick-off'en med Dave Scott, og snart er det tid for å starte på treningsprogrammet hans.
Og eg er såå spent!

Denne fantastiske "pakka" eg har fått består treningsmessig av kick-off'en som var nå i februar, så treningsprogram med oppfølging via e-post og evt Skype frå mars-juni, og så fellestreningar i konkurranseveka i juli fram til konkurransedagen for IM 70.3 Haugesund/Norway 7.juli 2013.
Bildet er frå IM 70.3 Haugesund sine sider på Facebook.
Så når har eg altså tilbrakt dei siste dagane stappfull med motivasjon for å koma i gang med treninga.
Eg har jo virkeleg tatt med ein god treningspause gjennom vinteren.
Innfallsmetoden har dominert, virkeleg.
Då eg skulle fylle ut spørsmålsarket frå DaveScottinc. om trening dei siste seks vekene og tidlegare konkurransar osv så blei eg nesten flau over kor lite eg hadde trent.
Athlete's Questionnaire frå Dave Scott Inc.
Og det er  berre side 1 av 3...
Men så er det viktig for meg med periodisering. Dessutan er eg forholdsvis aktiv også om eg ikkje trenar målretta triatlontrening, så ein viss form for trening av grunnkondis driv eg jo med heile tida.
Vinteren i Vest-Telemark set også ein stoppar for lange sykkelturar.
Sjølvsagt, er motivasjonen der, så kan ein godt få unnagjort lange økter inne på sykkelrulla.
Og plusse på med spinningøkter.
Men eg må innrømme at det er litt i kjedelegaste laget for meg, eg vil heller sykle ute!

Og så tenker eg at det er like viktig å benytte seg av vinteren og snøen mens den er her, og variere trening/fysisk aktivitet gjennom året.
Snowboard er ein vinteraktivitet som eg synst er utruleg moro. Og sidan eg ikkje står på brett i preparerte bakkar og tek heisen, så blir det motbakketrening også.
Men brett har det blitt lite av i det siste. Ingenting eigentleg. Snøforholda har ikkje frista spesielt.
Men det er fine forhold for å løpe ute!
Men så kunne eg jo heller ikkje sitte urørleg og vente på at Dave Scotts treningsprogram endeleg skulle havne i e-postinnboksen!?!
Så denne veka har eg faktisk løpt heile tre gonger, og også gått på ski.
Ingen "trikkeskinner" dette, men flate isete spor.
Men - bedre enn ingenting og det var perferkte forhold for staking!
Dave Scott snakka om aktivisering av transversus abdominis på kick-off'en, og så har eg altså prøvd å implementere dette i  treningsøktene mine.
Spesielt då eg gjekk på ski var dette nyttig. Med berre eit par minusgradar i lufta men solskinn så var det vanskeleg å få feste, og klister hadde eg faktisk ikkje tatt med.
Så då var det berre å stake i veg mesteparten av tida.
Og eg kjendte virkeleg forskjell på å stake "vanleg" altså relativt avslappa med fokus på gode armtak, og aktivisert TA. Det kjendest som om kraftoverføringa frå armane/stavane til beina/ski blei mykje meir effektiv.
Musculus transversus abdominis (TA).
Kilde: Wikipedia
Prinsippet å ha ein sterk core/kjernemuskulatur er viktig i mange idrettar.
I triatlon er det viktig med god kraftoverføring både på svømming, sykling og løp.
Så dette er noko eg trygt kan drive med uansett, her har eg stort forbedringspotensiale, det kjente eg jo godt i fleire dagar etter kick-off'en!
Så mens eg sit og ventar i spenning på treningsprogrammet, så prøvar eg ut det eg har fått med meg av THE MAN så langt.
Frå Kick-off'en i Oslo.
(Foto: Dag Oliver)

2 kommentarer:

  1. Så flott at du har kommet i gang med treninga Imke! Tenker det blir spennende å få treningsprogrammet! Hvilke øvelser anbefalte han for å trene denne TA? Jeg har sluntret unna coretrening i mange måneder nå, må skjerpe meg.

    SvarSlett
  2. Ja det er godt å kjenne at motivasjonen er på plass. Rutinene derimot er heller dårleg, så eg satsar på at å følge eit treningsprogram blir lettare.

    Det var mange øvelsar me gjekk igjennom.
    Kanskje skal eg lage eit eige innlegg, men eg har faktisk funne dei fleste øvingar med gode forklaringar og video på NHI sine sider, her:

    http://nhi.no/trening/treningsrad/ryggovelser/sammentrekning-av-kjernemuskulatur-30364.html

    Dave Scott har bakgrunn som "exercise physiologist" og masse kunnskap om kroppens anatomi og fysiologi, kjempespennande!

    SvarSlett