It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 24. november 2012

Likar du å bli våt på beina?

Viss svaret er JA, så er vel dette blogginnlegget ikkje noko spennande lesestoff for deg.

Hausten er jo her fortsatt for fullt, og november visar seg virkeleg frå sin mørkaste side for tida. For ikkje å snakke om tåka og regnet.

Så kva slags fottøy skal ei bruke når ein løper ute i terrenget nå, når det er så blautt?
Eg synst det går fint å styre unna store vannpyttar når eg spring langs vegen, men på seine haustkveldar på våte stiar i skogen er det ikkje til å unngå å bli våt på beina.

Tidlegare denne sommaren har eg hatt lyst på terrengløpesko med Gore-tex membran.
Akkurat for å halde føtane tørre lengst mogleg.
Men så er jo løpesko berre løpesko og ikkje støvlar, og mykje av vatnet vil jo etterkvart renne inn ovanfrå og ein kan dermed bli like våt på beina som med vanlege løpesko.
Og det kan til og med vera verre, sidan Gore-texmemabranen ikkje slepper ut vatnet.

Men eg måtte i alle fall prøve og fann meg eit par terrengløpesko frå New Balance. Sidan dei var på salg, var det ikkje så mykje å gjera feil.
Og ja, i våt grass og på vått underlag så held dei jo vatn unna ei lita stund.
Spesielt i kombinasjon med ullsokkar så får ein ikkje denne følelsen av å stadig få påfyll av iskaldt vatn sigande inn mot føtane.
Terrengløpesko frå New Balance med Gore-texmembran.
Ikkje dei sprekaste fargane, men den gjer nytten.
Ei anna løysing på utfordringa løping/sykling i regn er å bruke membransokkar.
Eg har vore skeptisk mot dette før, spesielt Gore-tex kan eg umogleg tenke meg at skal vera bra nok, med tanke på at den både skal puste OG halde vatnet ut, med så mykje belastning ein membran får trykt saman av foten i ein sko?

Men det finst andre membranar også, og produsenten Sealskinz lagar altså sokkar med membran.
For eit år sida så investerte eg i eit slikt par sokkar/strømpar.
Dei er ganske dyre, men med litt leiting i nettbutikkar, så er dei ikkje mykre dyrare enn gode sokkar i Norge.
Eg var skeptisk her også.
Korleis ville passformen vera?
Dei MÅ jo føre til gnagsår, for korleis skal sokkane med ein membran kunne få plass i ein sko når dei ikkje er like fleksible som vanlege sokkar?
Vil det lukte?
Vil det bli klamt?
Vil det lekke inn vatn likevel?

Nå har eg testa desse sokkane ganske lenge, på mange forskjellige måtar.
Dvs, på løpetur i vanlege løpesko, i terrenget i styrtregn, i  vanlege sko i snø, i turstøvlar som hadde Gore-texmembran, i terrengløpesko med Gore-texmembran, på rusleturar, på motbakkeløpeturar osv.
Sealskinz Mid Length Thermal Sock er den eg har.
Min erfaring visar at dei fungerar veldig bra.
Passformen er utruleg nok bra.
Sokkane sit som små fleksible "støvlar" på føtane, og er litt elastike.
Eg har ALDRI hatt gnagsår - brukt dei på flat mark, motbakke, bratt nedoverbakke, ja eg har også brukt dei istadenfor vanlege sokkar når eg hadde blemmer/gnagsår frå andre sko.
Sealskinz'ane i kombinasjon med asfalt-ASICS på topptur.
Dette var i juli i år.
Dei dannar ikkje spesielt vond lukt, også om eg ikkje vaskar dei mellom kvar gong eg brukar dei, men berre tørkar og luftar dei godt (dei har Merinoull på innsida, kan ha ein effekt her?).
Det blir sjeldan klamt, men midt på sommaren så er den halvtjukke typen sokkar eg brukar, litt i varmaste laget - det fint visst ein tynnare variant også.
Det kan hende det lekkar vatn gjennom, men eg har aldri kjent dette.


I kombinasjon med løpesko med Gore-texmembra er dei glimrande, synst eg.
I terrengløp/kon konkurransar hadde dei vel etterkvart mista sin funksjon, då ville eg nok brukt løpesko utan membran og vanlege sokkar, det er mykje bedre at vatnet renn ut av skoene igjen enn å prøve å halde det ut.

Og det går an å springe FORT med sokkane også :D
Dette bildet er tatt i september i år.
Men til trening er dei gode og varme å ha på, kjennest mjuke på foten og som sagt, eg har berre gode erfaringar.
Desse sokkane er min absolutt favoritt når eg skal ut og løpe.
Eg vurderar å kjøpe eit reservepar, for dei kan vel ikkje vare evig, så mykje som eg brukar dei?
Det er nemleg stor sjans for at dei blir med på tur i dag også...

(Dette er forresten produktanbefaling som eg velger sjølv å skrive, eg blir ikkje sponsa av nokon av ovannevnde produsentane. Ikkje av andre produsentar, for den saks skyld.)

4 kommentarer:

  1. Så du anbefaler disse altså? Såvidt jeg forsto (av en annen løper som hadde testet dem, i terreng/orienteringsøping) så var de ikke spesielt "egna" for vanlig løping. Men det er selvfølgelig mye mulig at jeg har misforstått.. Jeg ble anbefalt av Trude (løper fra Sandnes) å bruke kompresjonssokker i stedet for goretex, for da holdt hun seg visst helt "tørr" på beina, og ble ikke kald på føttene

    SvarSlett
  2. Hm eg ville nok ikkje anbefalt desse SealSkinz-sokkane for "vanleg" løping.
    Men viss du er mykje ute og løper i skogen over myrar og bekkar og ikkje har Gore-texsko, så er dei kjempegode.
    Eg har berre brukt den tjukke typen, og den sit godt på føtane mine, brukte den sist i dag i skogen istadenfor å dra på meg tunge turstøvlar.

    Viss du vil prøve dei så ta og leit litt i engelske nettbutikkar, der er dei billegare.
    Sokkar med Goretexmembran har eg derimot ikkje prøvd.

    Kompresjonsstrømper i staden for Goretex?
    Høyrest spennande ut, kan ikkje heilt tenke meg kva som skal vera fordelen.
    Kanskje varmar dei bedre, fordi dei hjelpar med blodsirkulasjonen?
    Kanskje må eg virkeleg prøve slike eingong, for det har eg ikkje.

    Trude frå Sandes, som bloggar?
    Ja veit du eg har faktisk tenkt at kompresjonsstrømpar om hausten må vera godt mot kalde leggar...

    SvarSlett
  3. Hvor kjøpte du dine?
    Jeg har tenkt å kjøpe meg et par til bruk på fjellet nå i vinter. Det blir veldig kaldt å være våt på beina når vannet nærmer seg 0 grader.

    Torgeir

    SvarSlett
  4. Hei Torgeir!

    Sokkane mine bestilte eg på www.probikekit.com.
    Der er utvalget i størrelsen blitt ganske begrensa nå, men Sealskinzsokkar finn du også på wiggle.co.uk og www.chainreactioncycles.com.

    Det er seriøse nettbutikkar alle tre, dei første to sender fraktfritt. Sokkane er litt dyre, eg hugsar at dei var på tilbod då eg bestilte dei (for over eit år sida).

    Ja eg brukte mine sist idag på tur der me vassa i snø og kryssa blaute myrar, og dei funkar fortsatt bra.

    Lykke til!

    SvarSlett