Langsamt så begynner ting å dette på plass i hovudet mitt igjen.
Men nervene er fortsatt veldig tynnslitne, og det skal lite til for at eg knekker saman.
Dei negative tankane ligg fortsatt på lur, men eg observerar dei, og prøvar å ikkje la meg "fange" av dei.
Når ting går i vranglås for mykje, ring eg etter hjelp.
Det kan vera fastlege, terapeuten min, tilsatte ved dagsenteret for psykisk helse i kommunen, til og med psykiateren ved DPS i Seljord har eg kontakta.
Og snakkar med venner. Dei som toler det.
Men, tilbake til onsdagen, og den gode dagen!!
Onsdagsføremiddag vakna eg opplagt etter å ha sove i heile 12 timar.
Og etter frukosten var eg enda bedre opplagt slik at eg tenkte at det hadde vore fint med ein fjelltur opp mot Skorve. Lukas var heilt einig og logra veldig då eg nevnde ordet "tur".
Eg pakka ein liten sekk med vindbukse og -jakka., varm lue, niste og drikke, skifta til treningstøy, tok med Lukas og la på veg.
Tenkte at eg like godt kunne gå heimanfrå.
Det blir 45min ekstra gjennom skogen, men det er så deileg å sleppe å bruke bilen!
Det er jo bra med stigning oppover mot Skorve, men ein får belønning med nydeleg utsikt for kvar høgdemeter ein legg bak seg.
Eg kjendte at kondisen hadde blitt ein god del dårlegare etter over ei veke utan trening, men det gjorde ingenting. Vêret var fint, Lukas kunne springe fritt, det var sol og skyer og utsikt, og det gjorde godt å bruke kroppen.
Dette er ikkje halvvegs eingong. Nydeleg! |
Onsdagen såg det meir lovande ut.
Hit og litt til kom eg i fjor, og måtte snu. Men i år kom eg meg heilt til toppen av Skorve, Gøysen! |
Lukas likte seg godt som stifinnar! |
Dette er ganske merkeleg, og det har eg nok ikkje hatt heile mitt liv heller, tidlegare kunne eg fint gå i timesvis aleine i ukjendt terreng, med berre kart og ein termos og litt niste i sekken.
Eg skulle eigentleg berre gå i to timar, men kjendte at det var så lett då eg først hadde kome på snaufjellet, at eg ville gå litt til. Då klokka nærma seg halv tre, tenkte eg "berre opp til denne steinen ved kanten, så ser eg kva som er bak og snur eventuelt kl.15".
Så eg kleiv mot denne steinen, og då eg kom meg opp på kanten, og runda ein stor stein, så var varden der!!!
Hurra!!
Det ser jo berre ut som ein steinhaug!?! Men det er varden på toppen av Skorve, 169 m.o.h.! Hurra! |
Lukas blei kjempeglad over at eg blei så glad.
Eg hadde jo tenkt meg opp til Skorve sidan eg flytta til Seljord, men sidan den gongen så har eg vore i såpass dårleg form at det virka uoppnåeleg.
Og då eg hadde gjort meg ferdig med fotograferinga på toppen, og skulle ned att, så var plutseleg "stien ned att borte".
Her kan ein sjå laaaangt frå toppen av Skorve. Her lengst unna i midten av bildet ser me Gaustatoppen!! |
Pulsen begynte å rase, det blei vanskeleg å svelge, og eg fekk ein merkeleg stivhet i kroppen og nakken, og det er som om eg får tunnelsyn.
Kor er neste merket hen??? |
Eg stoppa opp og måtte virkeleg ta meg saman for ikkje begynne å løpe i retning kanten. Det var det første som falt meg inn: Springe i rak retning Seljordsvatn, mot kanten og så ned heile vegen.
Til og med sola gøymde seg bak skyene, og eg såg alt mørkt... |
Ja, det er jo eit snev av det, i alle fall ein overreaksjon. Angst. For det var ikkje spesielt sannsynleg at eg var i reell livsfare. Men det kjendest slik.
Eg stoppa opp. Pusta. Prata med Lukas. Prøvde å få tak i den logiske delen av meg. Koble inn fornuften. Tenke med hjernen, og ikkje med kroppen, som lurar meg!
Og så blei himmelen lysare igjen, Seljordsvatnet låg trygt der nede, og eg hadde funne att stien nedover |
Ja dette er stien sin, det! Trengst ikkje mykje merking her, nei! |
Lukas var kjempesliten då me kom heim, og sovna umiddelbart. Eg var ikkje så trøtt eigentleg, men ganske sliten i beina etter så mange høgdemeter opp og ned.
Og kjempefornøydd!!
Denne turen må eg prøve å hugse lenge!
Kvardagen min med NAV har nemleg alt henta meg inn igjen sidan onsdagen, og det tærer på kreftene å bli utsett for så mykje uforutsigbarhet og vilkårlighet, samt å ikkje bli lytta til eller forstått.
Så eg treng all styrke som fjellet kan gje meg.
Kanskje er det noko mantra her eg kan tenke på neste gong eg er i ferd med å knekke saman i møtet med ein uforståaande NAV-saksbehandlar?
Vêr så sterk som eit fjell.
Gjerne som Skorve.
Hm.
Dette skal eg minnast. Skal hugse den gode dagen, og den fine turen. |
Ser ut som en kjempefin tur, Imke.
SvarSlettSkikkelig fjelltur :-)
Jannicke
Ja det var ein herleg tur. Den skal eg prøve å minnast leeenge.
SlettMe prøva å koma oss opp på søndagen også, eg og nokre venner, men då hadde deg faktisk kome snø på toppen!
Så eg hadde flaks den dagen :)
Så herlig at du kom deg ut og opp på fjellet. Utfra bildene ser det bare fantastisk ut. Litt skummelt det der når stiene forsvinner, men godt at du har med deg selskap. Du får forsøke å ta med deg energien fra fjellet i hverdagen også =o)
SvarSlettJa landskapet og utsikten var heilt nydeleg den dagen. Det kom snø på toppen på søndag, så den planlagte turen opp te Skorve med venner blei utsett, så eg var heldig den dagen!
SvarSlettDet med at stiene blir borte for meg nok meir pga konsentrasjonsproblem for meg enn at dei ER borte. Kanskje litt dårleg merking, det er ikkje noko organisert turlag her i Seljord, så eg vurderer å ta med meg raudmåling på turane framover.
Ja eg ser nedre delen av Skorve gjennom stogevinduet mitt, det gir energi, å tenke på at eg har vore der oppe.
Nydeleg med fjell.
Gratulerar til gjennomført Trail Challenge! Eg ser at du har virkeleg løpt ganske mykje den siste veka, nesten 100km, respekt, godt gjort!!