Så kva skal eg finne på vidare?
Eg er pr. dags dato ikkje påmeldt på noko konkurranse, og dette skjer ganske sjeldan.
Vanlegvis er det ein eller annan triatlon som står på programmet mitt.
Men ikkje nå.
Det er mange arrangement som fristar, spesielt Ironman 70.3 serien.
Distansen med 1,9km svømming, 90km sykling og 21,1km løp passar meg ganske bra.
Det er forholdsvis langt, slikt at sjølve gjennomføringa er ei utfordring, samtidig som det ikkje krevst så mykje trening som til ein fulldistanseironman.
Så eg får sjå kva eg finn på etterkvart.
Det hadde vore utruleg artig med ein halvironman seint på hausten i år.
Men enn så lenge kan eg kose meg med ustruktert trening etter innfallsmetoden, og det passar meg bra.
Eg er jo i ferd med å flytte (sjølv om eg akkurat idag har erfart at eg allikevel ikkje får tildelt den leilegheita eg skulle ha, dermed må eg virkeleg ta meg saman og puste med magen for ikkje å få fullstendig panikk - eg skal vera ute av huset mitt om 14 dagar...), og då går ein god del energi og tid og overskot med på å rydde, pakke, sortere, kaste og vaske.
Likevel så har eg bestemt meg for å behalde fokus på minimumstrening.
Eg har altfor stor nytte av regelmessig trening og mosjon til at eg kan droppe det.
Også når eg eigentleg ikkje har lyst, har eg godt av å trene.
Eg er spesielt ut etter serotonin og endorfin og deira positiv effekt på stemningsleie og anti-depressiv virkning.
Slik skal det vera! Stappfull av serotonin og endorfiner, og i STRÅLANDE HUMØR og solskinn, på løpinga i Haugesund. Bildet er tatt av Hårek. |
Så imellom ryddesjauene i går sat eg meg ute i sola og las om trening.
Eg vil gjerne oppretthalde kondisen min og samtidig jobbe litt med løpeformen min.
Så eg trengte litt inspirasjon.
Eg fann fram noko lesestoff eg hadde printa ut nokre år tilbake,
"Triathlete Magazine's Complete Triathlon Book" av Matt Fitzgerald
Han skriv om grunnleggande løpetrening.
Og at triatletar, som vil forbedre løpinga si, burde fokusere i ein liten periode på berre løping ("I believe that the single best way to become a better triathlete runner is to become a plain old runner for a short while and then return to triathlon.").
Eg skal ikkje gå så drastisk til verks å kutte ut all trening bortsett frå løping, til dette likar eg alt anna altfor godt. Men i og meg at det ikkje står andre triatlonkonkurransar på programmet ei stund, kan eg jo prøve å fokusere litt på akkurat løping?
Det eg har lyst til å jobbe mest med, er løpestilen min.
Bra løpestil? |
- høg kadens=stegfrekvens ("high stride rate")
- minimal bakkekontakt ("minimal ground contact")
- lange steg ("long strides")
- høg hælspark ("high kick")
- avslappa overkropp ("relaxed upper body")
- symmetri ("symmetry")
Sjølv om Fitzgerald gir forslag til strukturert løpetrening mot ein maraton (som etter hans meining ville vera ein effektiv måte å forbedre løpeformen på), så velger eg heller å følgje prinsippa hans om korleis ein skal forbedre løpestilen generelt.
Ifølge Fitzgerald så har nemleg fartstrening nøkkelen til god løpestil:
Med aukande fart så aukar både stegfrekvens og -lengde, avtar tida føtane har kontakt med bakken, og hælane blir automatisk løfta høgare.
For at ein skal slappe av i overkroppen er det viktig å minne seg sjølv om akkurat dette, mens ein er ute og løper. Det er mest snakk om mental trening. Musklar som ikkje bidrar til å auke fart under løpinga, burde brukast i minst mogleg grad.
Og symmetrien?
Fitzgerald meiner at det er sjeldan ein spring symmetrisk men at ubalanse er vanleg. Dessutan er løping ein sport der ein brukar éin fot av gangen. Og kroppen vår er i utgangspunktet ikkje symmetrisk.
For den som veit om lengdeforskjell i beina osv, er jo inleggssålar eit forholdvis enkelt tiltak.
Vidare er det lurt å tøye beina kvar for seg, for å avdekke ubalanse. Istadenfor å utføre knebøy på begge bein, ta heller eittbeina knebøy og fokusér på det beinet som er svakast/har dårlegast balanse (hos meg så er eg utruleg ustabil i høgre ankel og kne, mens det går fint på venstre sida).
Sidan det var så lurt med fartstrening, kom eg meg ut på intervalltrening i går.
Lukas blei pakka i bilen. Pluss ekstra tøy.
Oppvarming skjedde på grusvegen rundt anlegget, 2x5min.
På banen sprang eg 800m-intervall (min absolutt favoritt) på 5:00/km pace.
Imellom rundanen tok eg pausar på to minutt der eg gjekk for å få ned pulsen.
Dette gjennomførte eg til saman 5x.
Dei siste to gongene tok eg av meg løpeskoene, det var nemleg utruleg varmt og lummert, og det nyklipte graset på fotballbanen var sååå fristande mjukt!
Det er moro å springe barbeint.
Eg har tru på at det hjelper med å styrke muskulaturen rundt anklane, og forbedrer styrken i leggane.
Deileg å ta av seg sko og springe barbeint! |
Men uansett så er det moro!
Etterpå sleppte eg Lukas ut av bilen og tusla litt med han, det var fint som nedtrapping.
Med god musikk i øyra og lite folk på banen synst eg det er moro å trene intervall!
Det var sterk vind i går, så på den eine langsida fekk eg utruleg artig medvind, det kjendest som om eg flaug langs banen, spesielt då eg sprang barbeint.
Det var sterk vind i går, så på den eine langsida fekk eg utruleg artig medvind, det kjendest som om eg flaug langs banen, spesielt då eg sprang barbeint.
Det er moro å springe barbeint! |
Herleg!
Så får me sjå korleis løpestilen min utviklar seg etterkvart.
Eg kunne sikkert ha filma meg også, men dei få gongene eg har prøvd dette, blei eg utruleg skremt av synet av meg sjølv... Det kjendest mykje bedre inni meg enn det det såg ut på film etterpå.
Så får me sjå korleis løpestilen min utviklar seg etterkvart.
Eg kunne sikkert ha filma meg også, men dei få gongene eg har prøvd dette, blei eg utruleg skremt av synet av meg sjølv... Det kjendest mykje bedre inni meg enn det det såg ut på film etterpå.
Så det skal eg la vera.
Får heller drøyme meg bort ute på banen ;)
Drømmeløpetur... |
Kult! Og bra med litt inspirasjon! "ustruktert trening etter innfallsmetoden" føres veldig bra ut.... tror jeg skal rappe den og gjøre det samme fremover; er ganske MØR i kroppen tiltross for at bena kjennes uberørte ut! Tror det kan være smart med en liten kose-periode i ferien nå og heller sikte seg inn mot noen konkurranser til høsten. Kos deg ;-)
SvarSlett