It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 13. mai 2012

Gone (biking) with the wind

I går var eg ut på min planlagde lange sykkeltur.
Eigentleg hadde eg tenkt meg ein tur langs Seljordsvatnet, men det blåste såpass kraftig frå nord at eg heller valgde meg Flatdal, slik at eg ville ha motvind på første halvdelen, og så vinden i ryggen på veg tilbake.

Marvil'n (landeveissykkelen min) er fortsatt enno ikkje klar til utesykling, så då var det Chicqiloen som fekk seg ein tur ut.
Bølgjene på Flatsjø var faktisk mykje større enn dei ser ut på bildet.
Små skumkammar hadde dei også på toppen.
Men fint solskinn var det jo :)
Når vinden blir veldig sterk og kjem i kast, så legg eg meg godt ned i tempobøylen og prøvar å legge meir vekt på framhjulet. På den måten håpar eg å minimere angrepsflata mi for vinden, og ha godt grep på dekka både framme og bak.
Tørr og fin asfalt.
Då er det godt grep også i sterk vind.
Dimensjonen på dekka til Chicqiloen er ikkje den vanlege "700x23c", men ein størrelse mindre, nemleg "650x23c". Då er utvalget på dekk ikkje det allerstørste, og både originaldekka og dei dekka som eg har kjøpt i tillegg, har hatt veldig sparsamt mønster.
Continental Ultra Sport, dekk som eg brukar på temposykkelen min.
Men så er jo dimensjonen 650x23c mest utbreidd på triatlon- og temposyklar, og då handlar det jo gjerne om fart slik at mønster vil ein helst ikkje ha pga auka rullemotstand...
Kjempefin utsikt mot Skorve der det framleis er snø på toppen.
For meg handlar dei lange sykkelturane mindre om tilbakelagt distanse, gjennomsnittsfart, watt og liknande målbare parametre. Det er meir å venne kroppen til å vera på sykkelen over lang tid, uansett fart.
Det fekk nakken min kjenne godt etterkvart i går.
Ein liten stopp gjorde godt for å strekke ut nakken..
Mens beina kjendest overraskande spreke og sterke, var det vanskeleg å halde posisjonen min i tempostyret. Denne stillinga på sykkelen er jo utfordrande, og eg har ikkje sykla spesielt mykje enda denne våren, så nakken min manglar vel enda både uthaldande styrke og fleksibilitet.
Ikkje alltid like lett å nyte utsikten når nakken er stiv.
Eg tok meg då ein liten velfortent pause ved Nutheim.
Ved eit par tilfelle hadde nakken min stivna såpass at då eg heldt hovudet på skrå, så "hakka" bildet, dvs. synet frå det høgre auga stemde ikkje overeins med det venstre, og det var skikkeleg ekkelt!
Men det er nok ikkje uvanleg at ein del nerver får mindre blodtilførsel ved stiv/anspent nakke.
Litt tøying og bøying av nakken mens eg sykla hjelpte.
Nutheim var vendepunkt for gårsdagens sykkeltur.
Kanskje eg kan legge inn ei lite svømmeøkt her til sommaren?
Til tross for sterk vind, numne tær og stiv nakke så var det ein fantastisk sykkeltur på halvannan time. Eg blei meir og meir glad for kvar vindkast og for kvar solstråle eg møtte undervegs.
Og så fantastisk vêr det var!
Eg blir jo så glad av sommarleg vêr og fint utsikt.
Det ser eg fram til å få meir av :)
Sykkelforhold etter min smak: Solskinn, blå himmel og fin utsikt :)


3 kommentarer:

  1. Jeg prøver å samle sykkel-mil; så langt har det kun blitt tre turer men det er jo en begynnelse ;-) Jeg har ikke filla peiling på sykling men jeg har forstått at om man skal bli en god syklist så må man sykle.... MYE! Så lengst mulig tid på setet kommer i første rekket for min del, og så får tid, fart osv komme etterhvert.

    Jeg får vondt i nakken når jeg sykler, dvs, smerten sitter på ene siden ned mellom skulderbladene og det er jaggu ikke spesielt deilig nei.... men noen "problemer" skal man vel ha ;-) Kanskje det ikke er så uvanlig å får stiv/vond nakke som jeg trodde??

    SvarSlett
  2. Eg trur at det er MEIR vanleg å få vond nakke når ein syklar enn ikkje å få det.
    Men dess meir ein syklar, dess bedre blir det.
    Så dei som syklar mykje, får sterkare og smidigare nakke og vil vel oppleve mindre vondt, og så mest sannsynlegvis også vera flinke til å stille inn sykkelen slik at den passar ein best.

    God sittestilling på sykkelen er jo kjempeviktig også. Pussig berre at eg kjenner at eg sit kjempegodt på temposykkelen min, men den er nok best for kortare distansar, opp til olympisk triatlondistanse, vil eg tru.

    Hos meg så sit ubehaget berre i nakken, og mykje av det kom av at eg hadde på to jakkar (med krage) og BUFF i tillegg på laurdag, då skal det jo litt til å få bøydd opp hovudet slik at eg ser meir enn asfalten rett foran meg på sykkeln ;)

    Trener du styrke for øvre rygg?
    At du får vondt spesielt på den eine sida i ryggen når du syklar kan godt vera tekn på overbelasting frå andre aktivitetar (jobbe med PC e.l.) og då hadde det hjelpt med ryggøvingar, vil eg tru.

    Huff ja mange mil i beina skal ein visst ha som god syklist, eg er nok minimalist her eg også, men så er eg jo ingen syklist, men triatlet eg da.
    Heldigvis ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja jeg har prioritert en time i uka med Bosu core; der trener vi øvelser for rygg og nakke og det er utrolig bra. Jeg er for rastløs til å gjøre slike øvelser alene men med instruktør så bare "gaper og svelger jeg unna" ;-) På disse timene kjører vi en del rotasjonsøvelser også. Jeg kjenner godt sideforskjell både i bevegelse og styrke, men jeg merker også fremgang; deilig! Og det er jo ikke ille vondt så lenge jeg ikke bøyer hodet for mye ned mens jeg sykler, men det som er skummelt er jo etter en lang økt når jeg begynner å bli sliten, da føler jeg meg utrygg.... da er jeg ikke høy i hatten lenger i utforkjøringer :-/

      Slett