It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 1. mai 2012

4km er jo ein start...

Då har eg satt igang med løpeopptreninga/løpetilvenninga mi!

Eg hadde jo eigentleg tenkt å begynne med å springe forsiktig 4-5km eller 30min på asfalt, men så tenkte eg at det allikevel kanskje var bedre å starte med eit snillare underlag enn asfalt.
For å skåne kneet.
Så i dag sykla eg ned til Eventyrøy (idrettsanlegget i Seljord) for å springe.
I tillegg til den overgrodde sandbanen så er det ein grusveg rundt heile anlegget, som er sånn ca ein km lang.
Nede ved idrettsanlegget i Seljord. Kombiøkt løp-sykling.
For ikkje å overbelaste kneet med ein gong, skulle eg springe berre éin runde av gongen, og så sykle ein runde imellom. Og gjenta dette 3-4 gonger.
Eg er nemleg ikkje heilt sikkert kva fysio'n ville sagt om dette opplegget mitt.
Men likevel, eg kjenner at eg vil begynne å venne kneet til flat mark og dei hardare støyt som muskulaturen og sener og ledd blir utsett for, samanlikna med å springe på mjukt underlag i motbakke.
Grusvegen på Eventyrøy har utsikt mot Skorve.
Fint det, for i dag blei det flatmarksløping ;)
Eg heldt meg til 4x1km springing denne gongen.
Viss fysio'n har nokre få minutter til overs for meg i morgo, skal eg sjekke kva han syns om opplegget mitt.
Eg håpar at han synst det er ok, det var nemleg heilt utruleg deileg å vera på løpetur igjen i dag, så det vil eg gjerne ha meir av!

For ein god følelse det blei å springe på sjølve 1.mai, med heisa flag omkring, og blå himmel og sol og tørre grusvegar å springe på, med masse kvitveis og fuglar langs kanten.
Herleg!
Å sååå mange kvitveis langs vegen!
Første runden kjendest det faktisk litt ubehageleg i kneet, og litt ømt.
Syklinga mellom løperundane tok eg ganske roleg, poenget med den var jo å få ned pulsen, avlaste kneet samtidig som eg ville oppretthalde blodsirkulasjonen og bevegeligheten i kneet.
Eg bruka i underkant av 6min på runden, og i underkant av 4min på syklinga, så eit intervall varte 10minuttar, og heile økta 40min. Så tusla eg litt langs vegen for å trappe ned etterpå, før eg skulle sykle heim att den laaange bratte bakken. Det er jo ikkje mindre enn 125m høgdeforskjell på 1,5km, så stigninga kjendest godt i beina.
Og eg kjende godt at eg treng å forbedre kondisen min!

Eg er såå fornøyd etter endt økt!
Tuslar ein tur før eg skal gå igang med bakken heim att.
Uansett kondis så var det ein deileg fridag i dag med blå himmel og solskinn, ein deileg løpeøkt som eg har lengta etter så lenge, ein fin rusletur på 40min med Lukas på kvelden, og forkjølelsen er fortsatt som den var, verken bedre eller verre.

Vårblomar på kveldsrusleturen med Lukas.


Så dette lovar godt.
Eg gledar meg til fleire løpeturar.
Håpar fysio'n er einig.
Må krysse fingrane her altså. Og tærne. Kanskje ikkje knea da...

2 kommentarer:

  1. deiligt at du er igang!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er kjempedeileg!
      Møtte fysio'n i går og han meinte opplegget mitt var bra.
      Så nå er eg i gang ja :)

      Slett