Då er det vel på høg tid med ein liten oppdatering?
Berre tre dagar etter at eg hadde tatt MR av kneet sist tysdag, så kom resultatet av MR'en i posten, samt ein CD med sjølve bildene.
Snakk om rask levering!
Fredagsføremiddag var eg hos min faste fysioterapeut, slik at han også kunne ta ein kikk på kneet (sjølv om resultatet av MRen då ikkje hadde kome enda), og løyse litt opp i den overanspente nakke- og kjevemuskulaturen min.
Sidan MR-resultatet ikkje hadde kome enda, undersøkte han kneet grundig med tanke på bevegelighet og stabilitet, og kom med forslag på øvingar eg kunne gjera.
For eit vakkert kne :D Dette er sett ovanfrå ned. Sideligament til venstre. |
Og MRen kunne berre bekrefta det som han hadde kome fram til sjølv i første undersøking, nemleg at det dreier seg om ein grad II-skade av medialt sideligament (leddband på innsida av kneet), altså eit delvis avrive/overstrekt leddband.
Det er eigentleg ikkje så ille, det.
Operasjon er ikkje nødvendig. Meniskene er inntakt (takk og pris). Korsbanda er inntakt. Ingen cyster eller andre merkelege ting som MRen kunne ha avslørt.
Det er derimot fortsatt væske i kneet rundt det skadde leddbandet.
Og dette er nok grunnen til at eg fortsatt har smertar i kneet og at eg ikkje får bøydd det heilt enda.
MR-bilder er jo mykje finare med farge, ikkje sant? Tverrsnitt frå sida her, og det berømte leddbandet i oransj (trur eg). |
Det høyrest lenge ut.
Det vil altså vera rundt midten/slutten av mai.
Men likevel:
Det er masse eg kan og skal gjera, treningsmessig:
I tillegg til meir "fysioterapeutiske" øvingar kan eg sykle, både inne og ute, helst både med og utan sykkelsko for å variere litt; drive med styrketrening i den grad eg ikkje overbelastar kneet eller framprovoserar smertar; utfordre balansen ved forskjellige variantar av knebøy, og gå turar på ujamnt underlag (så lenge eg passar på kor hen eg set venstre foten og ikkje snublar, og helst brukar stavar for å ha god teknikk).
Løping er enda ikkje aktuelt, men eit par minutt med jogging på godt underlag når våriveren blir for stor, var visst greitt.
Så det er da ikkje så ille?
Måndag var eg ute på ein ørliten sykkeltur, vårens første terrengsykkeltur, og det var sååå deileg!
Og søndagen hadde eg tatt med meg stavar i skogen og trente litt kondis i motbakke.
(Spør kven som helst idrettsinteressert fysioterapeut, og du vil få følgjande kommentar:
Motbakke er glimrande! Gå eller løp gjerne i motbakke, det er fantasisk bra trening, snill for knea, bra for kondisen, osv. Den fysioterapeutiske drømmeverden består antagelegvis av berre motbakkar utan dei harde nedoverbakkar som utset musklar og ledd for harde støyt).
På rusletur i skogen med lånt labrador. Ja da, han ser ut som Binna, han er berre myyyyykje større :D |
Samtidig så er det viktig at eg passar på kneet mitt slik at det ikkje blir utsett for for mykje vridning eller slag.
Då eg var på skogstur med ei venninne og tre viltre bikkjer for eit par dagar sida så gløymte eg meg bort eit par gonger, og snubla/sklei med kneet mitt og fy søren så vondt det var!!!
Med desse viltre og glade og leikne bikkjene rundt meg på alle kantar sat eg gjerne og tviholdt på kneet mitt når me sat oss ned og tok pause, for at ingen skulle ramle og dylte bort i det.
Masse aktivitet og leik når ein er på tur med tre bikkjer i skogen! Dei lyse høyrer til ei venninne, mens den svarte hadde eg lånt med meg. |
Britiske Amazon.co.uk kunne nemleg ikkje sende meg denne til Norge, så då får den ta ein omveg via Tyskland.
Kjekt med snille foreldre som kan hjelpe til også om dei bur litt langt unna :)
VFantastisk fint innstilling. Bra at du ikke trenger operasjon. Når jeg ser bildene tenker meg at hunden min ville ha det fantastisk på tur med deg. Synd at du bor så lang borte fra os du kunne låne Felix noen ganger også!
SvarSlettTakk Ania!
SlettJa eg måtte jobbe ein del med innstillinga faktisk ovanfor denne skaden. Passar jo aldri med påtvinga treningspause, men eg vil jo gjera det beste ut av det. Og så ser det til å vare lengre enn 3-4 veker, og då er det ekstra viktig å ikkje miste motet.
Felix er jo eit herleg navn for ein hund, så han hadde eg gjerne lånt av og til ja (kva slags rase er det eigentleg?).