It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 19. april 2012

Kondis er ferskvare

Det fekk eg merke dei gongene eg friskt la ut på mine første motbakkeintervall sidan kneskaden.
Eg må innrømme at eg kunne ha trent meir i det siste enn det eg gjorde.
Også med kneet som eg skal passe på.
Motbakketrening i skogen.
Her er det også kneet som får trent seg.
Men det har vore heilt andre ting enn strukturert trening som har eg brukt tida mi på i det siste:
Onsdagen før påske fekk eg besøk av "Lukas", som eg skulle prøvepasse og eventuelt overta.
Sidan Binna døde i februar har det vore altfor tomt her i huset, og lysten til å gå tur har vore minimal.

Eg har vakse opp med hund, og alltid vore glad i å ha med hund på tur. Utan hund er det noko som manglar for meg. Det er heilt greitt å gå tur i ei større gruppe, men aleine?
Derfor bestemte eg meg sist fredag for å behalde Lukas.
Han er ein tre år gamal sjokoladebrun labrador (akkurat som Binna var), som trengte ein ny heim på grunn av praktiske forhold hos dei tidlegare eigarane.

Sjølv om liknar ein god del på Binna, samanlikna med henne så er han DIGER!
Lukas første dag hos meg. Sååå fin og snill han er!
Lukas er skikkeleg stor gut, og det har vore ei utfordring å gå med han i band på smale bratte stiar i nedoverbakke der han gjerne dro i veg.
Men dette har me trent på sidan, og han er så flink og lærevillig at det er ei fryd!

Men nå visar det seg at husverten min ikkje lenger vil ha ein leigetakar med hund, og derfor er eg nødd til å flytte i løpet av våren/sommaren.
Og eg kjenner at det stressar meg til tider på ein måte at eg ikkje tenker på regelmessig trening ein gong.

Sjølv om eg burde gjera det. For helsa si skyld. Det hjelper jo lite å tenke på flytting 24t i døgnet. Tvert imot.
Så nå skal eg ta fram treningsplanen min som eg hadde sett opp i slutten av januar, og revidere den litt i forhold til løping.
Løping på flat mark og hardt underlag er fortsatt noko som eg ikkje burde drive med enda, dessverre.
Eg kan heller jogge litt forsiktig på sti enn springe på asfalt.
Lukas ryddar stiene fri for småtre :D
Men sidan det er det heilt greitt å småjogge i skogen og spesielt i motbakke, så har eg gjort det.
Lukas er god å ha med. Kondisen hans er brukbar.
Kondisen min er passe, som sagt, kondis er ferskvare, den skal haldast vedlike. Men om den blir fort dårleg, så kjem den seg fort igjen også.

Foreløpig så har eg tatt og småjogga ein bakke opp i eitt-minutters-intervall: eitt minutt småjogging - eitt minutt gange. Og gjentatt dette ca 10-12 gonger (eller til eg kom fram til den plassen eg skulle til).
Etter endt motbakkeintervall.
Dette er faktisk snø som ligg igjen etter vinteren!
Så har det også blitt mange rusleturar med Lukas i skogen omkring her dei siste dagane, og det har vore herleg!
Til tross for ein del nedbør i form av både snø, sludd og regn i det siste, har me kosa oss veldig.
Om det regnar ute, så er det jo veldig deilig å koma inn att etterpå.
For ei god ro i kroppen ein får da!
Lukas er flink til å slappe av.
Tenk at 43kg labrador kan sjå ut som ein liten valp?
Og kneet har heilt klart profitert av alle lufteturane også.
Det har godt av å bli brukt.
Så det skal eg halde fram med.
Hovudet mitt som er fylt av flyttetankar og andre krevande prosessar i samband med terapi/behandling, har også veldig godt av det.
Det er mykje meir moro å ha med ein hund på tur.
Då er det ikkje mykje plass for grubling heller.
Og med Lukas har eg ikkje lenger noko unnskyldning for ikkje å koma meg ut.
Og dessutan, korleis i all verden skulle eg motstå dette blikket, lengselsfult retta ut gjennom vinduet, med einaste håp om eg skal ta han med ut på tur snart...?
Lukas lengter ut på tur...

7 kommentarer:

  1. Lykke til med Lukas. Formen kommer vel like fort som den forsvant. Synes at du er utrulig flink som trener så mye tross skaden. Beundringsvardi

    SvarSlett
  2. Takk Ania!
    Eg gjer så godt eg kan. Og så har eg virkeleg funne ut at kneet blir bedre av mosjon.
    Dessutan treng eg å bygge opp formen min igjen, Halvironman i Haugesund er det jo ikkje så lenge til, det gir litt ekstra motivasjon.

    Lukas er heilt herleg, eg er så glad for at eg fekk han :)

    SvarSlett
  3. Gunlaug Gjelstad22. april 2012 kl. 12:44

    Hei! Eg æ fast lesar av bloggen din, og eg æ ei jente som kjæm frå Mørgedal. Akkurat nå heve eg ei uppgåve om mekanisk-organisk analyse av løping, og lurte på om du hadde sjanse til å hjelpe meg litt? (du har jo så mykje kunnskap!)

    Spørsmålet mitt er om du veit noko om kva for musklar/musklegrupper som ein brujar i dei forskjellge delane av løpssteget (altså landingsfasen- midtfasen- fråsparksfasen). Både store musklar (som strekkapparata), samt mindre musklar som er vanskeleg å finne. Veit du noko om dette? :-)

    Mvh Gunlaug Gjelstad


    Mvh Gunlaug L. Gjelstad

    SvarSlett
  4. Hei Gunlaug!

    Så koseleg at du er fast lesar av bloggen min, det gledar meg å høyre :)

    Eg har kanskje ein god del kunnskap om akkurat det eg er mest interessert i og opptatt av, men når det gjeld musklar og muskelgruppar i dei ulike delane av løpssteget kan eg dessverre ikkje bidra så mykje med.

    Ei bok som eg har brukt mykje er "Dynatomy" (William Charles), og ei bok som har lenge stått på ønskelista mi er "Anatomy of Running", men du har sikkert alt god oversikt over tilgjengeleg litteratur, tenker eg.

    Det er jo eit spennande tema, og krevande også. Eg håpar du finn gode kilder for oppgåva di.

    Lykke til!

    mvh Imke

    SvarSlett
  5. Takk for svar!:-)
    Takk for tipset! Du får også ha såå mykje lykke til med opptreninga di, eg gledar meg svært mykje til å følge deg framover!

    SvarSlett
  6. Jeg har også fått føle på det med at kondis er ferskvare i det siste. Men med en turkamrat som Lukas blir det sikkert lett å komme seg ut på tur. For en skjønn hund, jeg smelter! Mer bilder på hund, finnes det noe bedre enn løping og hund? Nei, jeg tror virkelig ikke det. Grattis med "overtakelsen" og lykke til i oppstartsfasen.

    SvarSlett
  7. Hei tusen takk Anna!
    Og takk for hyggeleg kommentar!
    Ja det blir heilt sikkert fleire bilder med hund. Sjølv om Lukas enno ikkje er heilt vant med å sitte stille og la seg fotografere ("kva er vitsen med å vera ute på tur når ein skal sitte stille?"tenker han sikkert).
    Ja, Lukas er virkeleg til hjelp for å få opp kondisen, han smittar med iveren sin, og er blitt i ganske god form han også.
    Ja løping med hund er HERLEG :)

    SvarSlett