Siste gong eg trente styrke var 5.november. Siste gong før det igjen var i oktober. Siste gong før det var i august...
Eg synst eigentleg at det er artig å trene styrke. Det er berre det at eg gløymer dette sånn i det daglege.
Pippi syntest nok det var moro å løfte tungt. Her demonstrerar ho skulderpress med hest. |
Men i går så blei eg plutseleg veldig motivert. Eg hadde droppa torsdagsturen og hadde derfor ekstra tid. Ute var det både skodde og yr og regn og vind, og inne var det ganske koseleg.
Så då var det berre å skifte, ta fram manualar og vektstang, sette på noko riktig god musikk og sette i gang!
Når eg ikkje har noko spesielt mål med styrketreninga, og trener ein til to gonger i veka, trenar eg gjerne heile kroppen. Både armar, bein, rygg, mage og skuldrene.
Det omfattar ganske mange øvingar, men sidan eg køyrer berre eitt sett per øving (bortsett frå biceps og triceps) så tek heile programmet berre 50minuttar inkludert oppvarming.
Her kjem det ei liste over øvingane eg gjennomførte i går. Sidan eg brukar mest engelske nettsider og litteratur om styrketrening, er mange navn på engelsk.
- markløft kombinert med skulderpress (vekststang)
- "V-up"/ leg-raise
- back extension/rygghev på ball
- Sit-ups
- Dumbbell raise
- Angled side bridge (variant av skråplanke på benk)
- Hip adduction + hip abduction (hofte adduksjon og abduksjon)
- Triceps dips (nokre få, det blei frykteleg tungt)
- biceps curls, med manualar
- triceps extension, med manualar
- Calf raise (ståande tåhev, på både begge bein og eitt bein)
- Rear delt raise med manualar, trenar bakre deltoideus
- Seteløft på ball
- Sitting row med strikk (roing)
- Step-up med manualar (gå opp og ned ein trakk, både nedre og øvre trinn)
- Lying Twist (denne øvinga er herleg - ganske lett men den løyser opp ryggsøyla så det knakar - i alle fall hos meg :D)
Med unntak av brystmusklane, skinnleggmusklane og musklane i underarmene og hendene har eg fått dekka dei fleste musklane som eg synst er viktige.Når eg har dårleg tid så dropper eg gjerne øvingar som går på lår, legg og hamstring, sidan dei blir automatisk trent på mine bratte turar med tung sekk.
Av og til trener eg med fokus på armar og skuldre, og då blir det ein del fleire øvingar.
Variasjonen her er uendeleg, og når ein først har lært seg å utføre mange forskjellige øvingar, kan ein eigentleg ikkje bli lei.
Det finst så mange forskjellige måtar å trene dei ulike muskelgruppene på.
Men ein må jo gjera det.
Eg skal nå prøve å trene styrke i alle fall EIN gong i veka.
Det må da gå an???
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar