Bloggen min begynner å likne ein nyhetsblogg snart. Men sånn er det når det skjer så mykje artig i den skandinaviske triatlonverda!
Nå har me altså fått den første M-Dot Ironman i Skandinavia: "Ironman Kalmar Sweden":
Nå står denne på lista mi over "Konkurransar eg kunne tenkt meg å vera med på eingong".
Ganske langt oppe på lista faktisk.
Men det blir ikkje 2012.
Eg hadde håpa på at Norge skulle få ein fulldistanse M-Dot-Ironman, men nå når Sverige har fått Kalmar tilknytt WTC så spørst det om det blir det nokon gong her i Norge?
Men uansett, så er det bra at det skjer noko på triatlonfronten.
(Og sjølv om Haugesund "berre" har fått in 70.3-distanse, så er det vel ingen tvil om at logoen for IM 70.3 Haugesund er myyykje kulare enn Kalmar sin. Ikkje sant?)


Jau! Helt enig; logoen er MYE kulere enn svenskenes logo ;-) Silja
SvarSlettPå tide med ein ny tur på bloggen din nå vel Imke?:) Supert skiføre frå Tippen og inn te Lomma om dagen, eit tips bare:)
SvarSlettFor du gjeng vel litt på ski?
Hilsen Halvor i Bø
Halvor, viss det blir nokre turar, skal eg sjølvsagt blogge om desse.
SvarSlettFor tida dreier det seg mest om løping og styrketrening.
Ja eg har høyrd rykte om fine skiforhold innover i Kivledalen. Eg har enno ikkje børsta støvet av skiene, men kan hende inspirasjonen til ein skitur kjem etterkvart med snøen?