It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 2. oktober 2011

Å kome på skråplanet

Siste torsdag var det tid for torsdagsturen vår.
Og vêret var sååå fint!
Sol, blå himmel, temperaturar rundt 20 gradar, var det ikkje slik me skulle hatt det i (heile) sommar?

Men men, det er aldri for seint å nyte sommaren, og sist torsdag var plassen å gjera det på i Vrådal.

Ingen store sprell her, og ingen lang tur, men ein flott tur i eit spesielt og vakkert landskap, med fantastisk utsikt mot fjellet rundt.
Så mange fine fjelltoppar i det fjerne som eg enno ikkje har kome meg oppå...
Stien mot Hægefjell var veldig godt markert med raud farge. I tillegg var det mange stadar satt opp små vardar. Det såg utruleg koseleg ut i det flate landskapet.
Eg var nødd til å legge enda ein liten stein på toppen. Ikkje sikkert den varar gjennom hauststormane, men den får nyte utsikten så lenge den varar :)
Landskapet var utruleg spesielt. Og det var veldig mykje kartlav, nesten overalt.
Kartlav er forresten IKKJE MOSE!
Du kan seie at kartlav levar i kollektiv. Det er ein symbiose mellom algar og sopp. Algene produserar energi/næring i form av fotosyntese, mens soppen sørger for godt feste på undergrunnen, og forsyner algene med mineral og vatn.
Ganske smart, ikkje sant?
Kartlav ( Rhizocarpon geographicum) 
Nydeleg landskap og fantastisk utsikt. Eg kunne ha gått der mange fleire timar utan å gå lei, trur eg.
Hausten er her, og sjølv om mange bjørketre i høgda ikkje har vist så flotte haustfargar i år, så sviktar i alle fall ikkje rypebær - for ein fantastisk farge!
Rypebær (Arctostaphylos alpinus) i haustdrakt.
Det er så utruleg kjekt når det er satt opp skilt med avstandar til turmål. Det var også satt opp kart med jamne mellomrom. Om vinteren er det køyrd opp skiløyper her. Det må då vera eit flott landskap å gå på ski på også?

Med lufttemperaturar på rundt 20 gradar til og med på  860 m.o.h. kunne det ha frista med eit bad. Men - ehem - vatnet hadde nok kjølt seg ned litt for mykje for min smak... men fint var det jo å sjå på.
Eit lite vatn ved "luktarhola"
Sååå fint det var der! Eg må koma meg tilbake dit ein annan dag og går der litt til.
Her var det lett på koma på skråplan. Det var liksom litt skrått overalt.

Endeleg er turstøvlane mine fiksa igjen også. Håpar dei varar ei stund nå.
Klar turen hadde ikkje blitt så fin viss me hadde vore der i frisk bris, skodde og 8 gradar.
Solskin hjelpar på opplevinga, men likevel: eg har nå fult ut skjønt at skisenteret i Vrådal kallar seg for "panorama".
Det passar utruleg bra!

2 kommentarer:

  1. Der var du heldig med været Imke! Moro å gange på tørt svaberg! Prøv Roholtsfjell au, det er fjellet bak ryggen på deg på bildet. Du kan starte frå Vrådal sentrum men er lettast å starte frå Heia (skytebanen) rett føre Vrådal. Står skilta.

    Halvor

    SvarSlett
  2. Ja me har stort sett vore heldige på alle torsdagsturane våre. Eller så var eg kanskje ikkje med på dei turane der det var dårleg vêr ;)

    Ja eg kjøpte meg faktisk kart over Vrådal, for desse fjella der var utruleg artige!
    Kanskje blir det ein tur til Roholtsfjellet også, kven veit?

    SvarSlett