It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 15. oktober 2011

Opp! Med sykkel og på beina.

Eg driv jo ikkje akkurat med systematisk trening for tida. I så fall måtte det vera trening etter "innfallsmetoden".

Men eg kunne jo tenkt meg å koma på ein del lokale toppar her omkringi løpet av hausten, men nå ser det ut som om snøen har lagt seg over 1000m her, så eg får sjå om det ikkje heller bli toppturar til våren/sommaren igjen.
Men det er jo så fristande å koma seg på tur for tida, nå når hausten er så vakker som den er!
Og då kan det godt vera turar på beina, på sykkeln, på løpesko...

Denne veka har eg i alle fall fått bruk for terrengsykkelen min.
Terrengsykkeln min er ganske "sivil" med sykkelstøtte og lås på styre, men den likar segbest på fjellet!

Motbakkesykling er jo utruleg god trening, og det er verdt strevet også, for ein får fin utsikt på toppen, og blir så belønna med ein rasant tur nedover igjen. Og dét er jo moro og verdt strevet!
Spesielt når vêret er fint, grusen er tørr, og haustfargane susar forbi i full fart.
Mellom Grunningsdalsvegen og Grimås. Det blei varmt i motbakken! Og eg måtte ta bilde av Skorve.

Herleg!
Denne veka hugsa eg å stoppa for å ta bilder mens eg syklar oppover.
Det går nemleg ikkje an å stoppe på veg nedover, for då ville eg jo miste fart!
Grimaren (1169 moh.) sett frå vegen lenger ned. Litt snø er det alt kome på den.

Idéen var å å sykle opp til parkeringsplassen på Grimås på ca 760 moh., og så bytte til joggesko og rusle litt oppover på stien mot Tjorbu.
Syklinga gjekk utruleg greitt, og eg kom  meg opp til parkeringsplassen på den vanlege tida mi, 1t15min, inkludert eit par stopp for klesskifte og for å ta bilder.
Standardbildet mitt frå Grimåsturen. Meg, sykkelen, parkeringsplassen (762 moh.) og fjellet i bakgrunnen. Godt med ein pust i bakken etter å ha sykla 626 høgdemeter...

Så tok eg stien fatt og rusla i ein halv time oppover, men fann etterkvart ut at joggesko ikkje var det beste skovalget her. Dessutan var klokka blitt altfor mange, så eg snudde igjen.
Snø! Det hjelper ikkje med joggesko her altså..
Men når stien er slik som her, tørr og fin, er det moro å småspringe i fjellet også. Deileg!
Eg har jo fortsatt lyst til å gå ein tur opp på Grimaren, (1169 moh.), men om det blir noko av i år, får tida vise. Og energinivået mitt ;)
Det er ingen skam å snu. Fjellet vil jo alltid vera der og vente på deg :)

3 kommentarer:

  1. Nok ein tur med sol Imke. Har sjølv sykla opp dei bakkane, det er bratt. Sprekt gjort av deg. Med litt god fantasi ser Grimaren ut som eit andlet som ser mot himmelen når du ser fjellet på sletta føre Reinstaul. Sjå etter neste gang. Gjeng fint ann å gå på toppar ennå, var sjølv på Brattefjell om torsdagen, litt tungt å vasse i sno men god trening au. Fjellet bak deg på parkeringa er Mælefjell (1415 moh). Kremtopp det au:)

    Hilsen Halvor

    SvarSlett
  2. Wow, for en fantastisk tur! Vakre omgivelser ;-) Silja

    SvarSlett
  3. Heilt einig, Silja, det er vakkert der, og då blir jo motbakken også litt lettare ;)

    Halvor: Ja eg greier sjeldan å halde meg heime når det er så fint vêr! Men eg skal passe på å skrive litt om turar i gråvêr, dei er jo fine dei au.
    Du må jammen vera sprek du altså, den bakken er bratt ja.
    Takk for identifisering av fjella på bildene mine, det er jo svært praktisk ;)
    Skal prøve å kome meg meir til fjells, og ikkje la meg stoppe av litt snø - det er jo berre å hugse på riktig fottøy...

    SvarSlett