It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 1. juli 2010

Tre dagar igjen


Det var eit fint startnummer eg fekk. Stemninga på Ironman-expoen er upåklageleg, i likhet med kjøpelysten min. Sol og blå himmel og 30 gradar. Frankfurt nærmar seg unntakstilstand, og denne er eg også heilt med på. Bekymringer om våtdraktforbud pga høg vanntemperatur blant enkelte norske triatletar. Er er glad for at eg tok med badedrakt . På denne måten treng eg ikkje lure på om "speed-suiten"min er lov heller ikkje. Kanskje får me verkeleg badekarforhold under svømminga? I så fall vil Langener Waldsee etterkvart blitt forvandla til boblebad. Med over 2800 lettkledde triatletar. For eit skue det må vera. Heilt greitt at eg skal vera midt oppi det. Ikkje alltid det er best å ha oversikten kanskje..

1 kommentar: