It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 6. juli 2010

Ironman Germany 2010 - Race Report (forord)

Nå skal eg altså skrive ein aldri så liten race report.
Men kor hen skal eg begynne?
Det har vore så mange inntrykk på så få dagar.
Sjølve konkurransen varte for min del "berre" i 13 timar, 37 minuttar og 56 sekund, men eg kunne like gjerne skrive ei heil bok om opplevinga rundt den.
Og om mine tankar om Ironman.
Kva det kan dreie seg om.
Korleis ein kan oppleve tida fram til denne store dagen. Dei siste vekene, dagane, og timane.
Og spesielt -
dei siste minuttane:
Der eg endeleg stod på stranda. Øyeblikket eg hadde gleda meg til så lenge.

Følelsen av vatnet rundt leggane, der eg vassa uti.
Saman med 2000 andre. Spent, glad og roleg.

Ja, faktisk, ganske roleg.
Like før start.
Dette er stoff nok for mange blogginnlegg framover...

Eg har lurt på om eg skulle dele rapporten i to: ein kortversjon og ein langversjon.

Men til og med for den mest interesserte lesar vil den lange versjonen bli så veldig lang.
Dessutan merkar eg at det blir vanskeleg å halde konsentrasjonen oppe så lenge av gangen. Trur kanskje at hovudet skal få slappe litt av også.
Dessutan melder magen behov for mat sånn ca halvannan time for tida.
Då kan eg like greitt skrive ein race rapport i fleire delar.
Kor mange delar det blir, er vanskeleg å vite.

Vegen blir til mens du går, og bloggen blir til mens du skriv.
Så enkelt er det.
Då blei dette forordet...

2 kommentarer:

  1. Jeg vil også ha flere detaljer :-)
    Hvor lang tid brukte du på svømmingen? Var det kaldt uten våtdrakt?
    Var det varmt på syklingen og løpingen?
    Klarte du å løpe hele veien?
    Har lett etter bilder av deg også, men har bare sett den du selv la ut på Face.
    Kos deg og hvil deg fremover... og spis ;) Det har du fortjent :-)

    SvarSlett