It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 24. juni 2010

Materialsjekk

Onsdag. Sankthanseftan.
Klokka er 16:30.
Eg har valget.
Eg er invitert te eit lite sankthansfeiring tidleg på kvelden. Altfor tidleg.
Korleis skal eg få unnagjort treningsøkta FØR sankthanssamankomsten?
Kutte ned på treningsøkttida, og berre sykle ørlitegrann?
Men då rekk eg ikkje gå tur med Binna.
Og seint på kvelden vil eg bli altfor trøtt, så godt kjenner eg meg.

Løpe? Får då kan Binna vera med.
Det rekk eg heller ikkje.
Ingen vits å berre springe 30min i dag.
Eg har lyst på meir.
Eg har lyst på både sykling og løp.

Det er så deileg varmt ute. Sola steiker. Berre litt vind. Blå himmel.
Lukt av gras, blomar, solkrem.

Eg vil ut!
Og eg vil også vera sosial.
Men eg må ta eit valg.
Kva skal eg gjera...

Klar til trening prøvar eg å finne ro og lytte til mine tankar.
Kor stor er motivasjonen for å trene?
Vil eg heller droppe treningsøkta?

Eg prøver å legge til rette til "både og". Skal ta med løpetøy. Sykle bort til der me skal vera, sykle ein runde, løpe etterpå, dusje hos ei venninne.
Men stresset er merkbart.
Og tida går.
Eg finn plutseleg ut at eg eigentleg veit kva eg vil, men berre kviar meg for å kjenne på konsekvensane.
Eg vil helst trene. Det er berre 10 dagar igjen til eg skal stå foran min første Ironman. Eg har berre få dagar til eg skal reise. Det er ikkje mykje eg skal trene på dei dagane.
Men det vesle eg vil gjera, det skal eg gjera.

Og dermed fatta eg beslutninga: eg skal først sykle, så løpe, og så sjå om det er tid og energi igjen til å dra bort på sankthanseftansfeiring.
Noko som eg veit er lite sannsynleg at sker.
Men at eg kan ha begge delar om eg vil, roar meg.

Og før sykkelturen sjekkar eg ustyret:

Flaskestativet bak setet er på plass. Og reserveslange og dekkspak.

Eg har ikkje tenkt å endre så mykje på sykkeloppsettet mitt nå. Med mindre det er noko som ikkje funkar.

Sykkelpumpe er plass ved sida av flaskestativet på ramma. Festa med borrelås. OK.

På Ironman skal eg bruke det utstyret eg pleier å bruke på treningsturane mine. Eg lurar til og med om eg skal ha med lappeutstyr i staden for reserveslange nr.2. Men då treng eg eit ekstra fest på setepinnen eller liknande.

Det er god plass for ekstrautstyr på setepinnen. Kanskje ned mot ramma.

Og sidan racern min har vore litt forsømt samanlikna med ChiCqiloen, den råstilige bortskjemde rosa temposykkelen min, så kan eg like godt vise fleire detaljer av han:

Marvil'n kan skryte på seg å vera handlaga.

Det er altså ein herre racersykkel i rammestørrelse 48, det minste som var å oppdrive i sommar 2007. Den har ikkje spesielt lette gir, så i anledning Ironman kosta eg på han ein fin kompaktkrank.
Ei søt lita skive med berre 34 tenner, men tøff nok til mange brattar bakkar.

Originaldekka skifta eg ut. Mange rundar på rulle tok først knekken på dekket bak. Så var det så utruleg godt med nye dekk. Nå er det nye dekk både foran og bak.

Michelinmannen er med på alle turar nå. Lithion høyrest fancy ut. God lyd er det òg i dekket.

Etter ein del research på nettet fann eg ut at MARVIL-merket er svensk. Pussig nok så er det ei NORSK FLAGG på ramma. Men det er jo fint å ha med til Tyskland.

Det gjekk heilt greitt å vaske og polere sykkelen,
men limrestar etter startnummer frå Tjörn var det verre å få av...


Så blei det ein rask tur på 1t20min, med påfølgjande 30min løpetur.

Eg blir aldri lei av den fine utsikten over Seljordsvatnet.

Her er det utsikt mot Bjørgesanden, ei av treningsstrendene mine...

Eg blir så inspirert av sommer og sol og varme og blomar, at det ikkje var vanskeleg å ta ein liten løpetur etter syklinga. Etter 10min gåing i nedoverbakke var knea på plass igjen, og eg sprang ein liten halvtime, for eg rusla bakken heim att.
Med så fin kveldssol er det kjekt å ha med mobil med kamera med seg.
Med fine blomar langs løypa blir det lettare å springe på tunge bein...

Mens Binna tok seg eit avkjølande bad i elva, tok eg bilde av blomar. Ein type nype, denne her.

Me må nyte sommaren mens den er her. Skulle ønske den blir slik som dagen i dag.

1 kommentar:

  1. lykke til Imke, detta kjæm te å gå gørrbra! :-)

    SvarSlett