It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 11. juni 2010

Årets lengste dag ... er om tre veker



Det er lite tid te å blogge for tida.
I tillegg til at eg har begynt å jobbe igjen, skal eg altså tilbringe mangfoldige timar på sykkelsetet, springe rundt i landskapet time etter time og svømme i alle slags vatn.
Dessutan skal eg ete riktig og akkurat passe mykje, trene styrke og tøye, teste maten eg skal ha i meg undervegs på konkurransen, sjekke at sykkelen er i orden, teste svømmebriller, bremseklossar, flaskestativ, ny kompaktkrank, bestemme kva slags sko eg skal bruke på løpinga, kva eg skal ha på under våtdrakta, sjekke enda ein gong korleis sykkelprofilen ser ut slik at eg er klar til motbakkane, og, og, og...

Det er ein del å ordne, med andre ord.
Men det meste er eigentleg på plass.

Flybilletten er endeleg bestilt, og eg har til og med fått ein av dei to siste plassane på flyet heim igjen;
eg har fått tak i mitt splitternye pass frå ambassaden;
eg har fått tilsendt internasjonal triatlonlisens;
eg har fått montert kompaktkrank på sykkelen min;
og dessutan er det vel ein heil haug med ting som er på plass som eg ikkje skal prøve å koma på her, prosjektet å gjennomføre min første Ironman virkar stort og omfattande og dristig og vågalt nok frå før, eg treng ikkje å bli minna på det her...

Pussig nok så kjenner eg at kroppen eigentleg er litt klar.
Nesten FOR klar.
Eg merkar nemleg også motstanden mot å hive meg ut på fleire 5timar lange sykkelturar (som eg har planlangt) og 2-3t lange løpe (jogge) turar.
Eg vil heller trappe ned nå, og så endeleg koma meg til Frankfurt!

Årets mål. Årets lengste dag - i Frankfurt am Main...

Men det er bra at det faktisk fortsatt er tre veker igjen.
Så kan eg få tak i sykkelkoffert og barnepass til Binna.
Og få svømt enda ein gong kanskje?
Sidan svømmetreninga mi har blitt latterleg forsømt:

Eg har svømt EIN gong i april (750m på Bø Sprinten),
IKKJE EIN EINASTE GONG i mai
og akkurat nå på måndag EIN gong i juni...

Heldigvis kom eg godt i gang med svømminga på måndag, og det var berre litt tungt dei første 200m, så mjukna kroppen, og det gjekk bedre og bedre dess lengre eg heldt på.
Men etter 2500m var det også nok.

Ein annan ting som eg har lagt merka til i det siste er den utruleg store matlysten som eg har fått.
Eg må nesten ete heile tida for ikkje å bli sur og grinete og uopplagt.
Hormonelt betinga?
Kanskje.
Men etter desse lange sykkelturane har eg ein ekstrem god matlyst.
Sikkert fint å ta eit par brødskiver ein halv time etter middagen, ja da.

Ein skulle ikkje tru at det gjekk an å ete 10 brødskiver i løpet av ein dag, i tilleg til middagen. Og utallige Mariekjeks. Og eple, og pære, og bananer, og jogurt, og likevel, når er eg mett eigentleg?

Samtidig kjenner eg større behov for restitusjon. Det er ikkje lenger godt å ta ein lang sykkeltur på laurdag, og ta den lange løpeturen på Søndag.
Eg vil helst ha ein dag i mellom.

På onsdag så sykla eg 1t20min, i litt variert tempo (det var som vanleg vanskeleg å sykle sakte, sidan eg sat på ChiCqiloen, og den er er litt ustyrleg for tida, sidan den er så lite ute) og med litt bakkar, og sprang så rett etterpå opp ein liten bakke her og rusla ned att.
Til saman kanskje ikkje meir enn 1t45min med trening, men neste dag så var motivasjonen for å kome meg ut på ein eller annan "lett restitusjonsøkt" ganske liten.

Så blei det "teknisk"dag i staden for. Eg henta landeveissykkelen min, som hadde fått kompaktkrank påmonter av Frode, og stod i Bø og venta på meg.
Og lot meg samtidig inspirere av Frode, som er utruleg god på sykkel, og som har fått seg svart Norsemantrøye, og som er flink med å montere, reparere og fikse ting. Rett og slett.

I dag så stod det eigentleg ein roleg og lang løpetur på planen.
Eigentleg.
Været var ikkje så verst, det var berre litt duskregn, men beina er litt rare, og halsen også, og eg er utruleg sulten heile tida, og valgte å utsette den økta.
Til heller ubestemt tid.
I morgo. Søndag.
Best å ta det når eg føler for det.
Eg har nemleg også ein mistanke om at eg fort kan bruke opp reservane mine for fort, og ikkje rekk å bygge meg opp att før 4.Juli.

Når eg slår opp i Triatletbibelen til Friel, så er det ikkje få symptom eg har av dei indikatorane han nevner som teikn på overtrening.
Så eg vil heller vera på den sikre sida. Og noko av det allerviktigaste i triatlontrening er jo å koma seg til startstreken.
Og det skal eg.
Derfor blir det blogging i dag, og "mental trening", og god mat, og sofa, og fokus på oppbyggande aktivitetar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar