It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 29. november 2009

Trenings"følelse"

Eg skulle først gje innlegget tittelen: "Utsikt vs. innsikt".

Sidan utsikten som openbarte seg for meg i dag gjennom blå himmel, solskinn, glitrande iskrystallar og kvit snø på fjelltoppane gjorde at eg begav meg på ein tur utanom det vanlege, noko som førte til innsikt.
Men eg får spare denne bloggtittelen til eit anna innlegg.

I treningsdagboka pleier eg å notere meg "treningsfølelse". Der kan det stå alt frå "dårleg" til "god", "veldig god", "sliten" eller "super".
Det skal då gje ei peikepinn på korleis eg har opplevd treningsøkta, i motsetning til motivasjonen som eg har hatt i utgangspunktet.
Vanlegvis så er det ikkje så vanskeleg å fylle ut dette punktet. Eg er stort sett einig med meg sjølv.
I dag derimot lurar eg på om eg skulle dele denne posten i to:
Fysik og psykisk følelse.
Når eg la i veg på tur i dag, så jubla beine mine over å koma ut, dei kjendest sterke og spreke og klar til det meste. Hovudet mitt derimot var sterkt i tvil, og etter dei første motbakkane blei eg ganske trøtt og søvnig og tankane fekk ein litt negativ tone. Mens beina kosa seg så spente ryggen seg og eg blei i dårleg humør.
Kva i all verden skal dette bety?
Sterke bein, anspent rygg, utslitt hovud?
Dette lova ikkje godt..

Men høss starta det heile?
Eg har ingen fast vekeplan for treninga mi.
Eg pleier å ta mine rolege lange turar på laurdag og søndag, sidan det er stort sett då eg har best tid.
Det gjeld spesielt sykkelturane.

Og utan å planlegge for mykje, har eg tatt dei fleste lange løpeturane mine på søndagskvelden.
Eg likar å trene på kvelden. Eg kan også trene litt tidlegare på dagen, så lenge det er etter lunsj, og så lenge det ikkje er løping.
Eit par av mine spreke venninner kan lystig stå opp og hoppe ut av senga for å ta seg ein lengre gå- eller løpetur med ein gong, kanskje til og med før frukost, til og med før kl.8:00...
skrekk og gru..

Eg har til tider blitt inspirert og ville prøve det same: utan spesielt stor suksess.
Eg blir varm og svett om morgonen. Musklane derimot, blir ikkje varme. Dei held seg motvillige, anten stive eller slappe eller nektar samarbeid.
Hjernen blir fort lei av å bombardere resten av kroppen med kommando som ikkje gir respons, og koblar seg også ut ganske fort.
Det som er igjen då av meg, er eit sørgeleg syn og har ingenting felles med beskrivingar som "å ta ein deilig forfriskande løpetur før frukost", "rusle ein tur med ein gong om morgonen som gir energi" eller kva andre måtte finne på av ord for å beskrive det dei opplever.

Dei tidlegaste sykkelturane eg har tatt, har begynt i 11-12tida, og då vart to-tre timar. Det har funka fint.
Løpeturar før kl.15.00 er med 90%sannsynlegheit bortkasta og fører berre til frustrasjon og tomhetsfølelse og forvirring resten av dagen.

Men i dag var det altså denne flotte utsikten...
Blåååå himmel.. Kvite fjelltoppar i det fjerne. Tørre grusvegar.
Sol.
Eg tenkte at eg ville ta ein sjans og bryte rutinen med å ta lange løpeturar seint på søndagskveldane når det alt er mørkt.

Det finst dessutan ein bitteliten fjelltopp ikkje så langt unna der eg bur. Hattefjell. Sett på kartet, er vegen opp dit kort og bratt og sørvendt.
Noko som lova ein bra tur for lårmusklar, styrking av kne, høg puls, fin utsikt og solskinn.

Før eg kunne ombestemme meg, hadde eg pakka meg ein liten sekk med drikke, boller og ekstra jakke, skifta til løpetøy og terrengjoggesko (i optimistisk håp om tørre, bratte stiar), tatt med meg kart og Binna og lagt i veg.
Etter 20min gange nådde eg stien opp til Hattefjell. Den var innimellom merka med raud farge og gjekk etterkvart over til ein breiare og endå brattare skogsveg. Så blei denne meir og meir utydeleg og til slutt usynleg under steinar, lauv, mose og buskar. Attgrodd, med andre ord.
Samtidig kjende eg at frukosten plutseleg var farleg lenge sida, blodtrykket falt og hjernen hadde gått tom for raske karbohydratar.
Eit blikk på kartet bekrefta at eg eigentleg var på riktig veg, berre at denne vegen var usynleg.

Plutseleg skjønte eg at dette forsøket på fjelltur ikkje var noko god erstatning for min vanlege løpetur. Eg begynte alt å savne dette frirommet løpinga gir, når monotone bevegelsane blir skapt om til jamn rytme og tempoet justerar seg sjølv og tankane flyr...
Å kave seg opp denne skogsvegen over blaut gjørme og glatt lauv utan tydeleg retning gjennom buskar og kratt gjorde meg berre frustrert.

Sidan sola også var i ferd med å bleikne etter eit tynt skydekke, valgte eg å rusle (skli) ned att og fortsette turen i kjent terreng.

Turen blei tross alt på ein liten time, og bollene smakte eigentleg like godt foran ovnen etter ein varm dusj, saman med ein fersk kopp kaffe og ein hund som krøllar seg saman på teppet sitt på sofaen..

Eg må nok innsjø at sjølv om beina mine er spreke for tida, så er hovudet mitt fortsatt i "recovery"-fasen etter mastereksamenen for ei veke sida...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar