It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 10. september 2009

Tjörn HalvIronman 2009 del 1

Planen var å skryte lenge og uhemma om dette flotte arrangement her på bloggen min.
Men sidan internettilkoplinga her er så varierande og treg og overbelasta, skal eg berre skryte
kort og uhemma.


Tjörn HalvIronman i Sverige skulle bli den første HalvIronmandistansen eg ville prøve å gjennomføre.

Det blei ei turbulent helg, der motorhavari alt på fredag på veg til Tjörn førte til mykje ekstra styr med ein del telefonar, tekstmeldingar, køyreturar, slepekøyreturar, innkjøp av startkablar, viftereim, omlasting av triatlonutstyr og hund, ekstra matforsyningar, bruk av Mastercard, utgifter til bilverkstad, organisering av mobilladar, kart, osv osv...

Men alt dette ordna seg og har ikkje etterlatt seg varige skadar.

Tilbake til det som eigentleg stod i fokus den helga.

Tjörn Triathlon blir arrangert i vesle vakre Skärhamn, der eg og Helene budde i eit lite privathus leigd ut av Tina, ein av dei mange funksjonærane på arrangementet. Vel utstyrt med kjøkken, soverom, fem soverom,to TV, garasje, bad med vaskemaskin og tørketrommel, til ein rimeleg penge og det i gangavstand til konkurranseområdet. Eg skjønt med ein gong at det ikkje var den verste plassen og måtte tilbringe nokre ekstra dagar på mens eg hadde bilen min på verkstad. Og at eg nesten kunne ha blitt enda lenger, tatt i betraktning at den svenske krona ikkje var spesielt mykje verd (ca 80NOK) og at Tjörn kommune med sitt skjærgårds- og jordbrukslandskap var svært innbydande.
Huset me budde i under opphaldet på Tjörn.. berre eit steinkast frå sjøen.


Delar av sentrum og havnområdet var sperra av for trafikk, og det virka som om mesteparten av Skärhamns befolkning var engasjert i Tjörn Triathlon, om enn som funksjonær eller som begeistra heiagjeng.
Etter det Tina, vår husvertfunksjonær kunne fortelle, viste dei fleste bilistande både hensyn og forståelse for at trafikken måtte omdirigerast, og dette synst eg er flott. Eg må seie at eg er imponert over den positive haldninga og den gode stemninga blant folk på Tjörn denne helga.

Laurdagsmorgonen viste været seg med flott blå himmel og strålande sol, og, mest av alt: vind.
Det er jo slett ikkje noko uvanleg langs kysten, men at det skulle bli vanskeleg å få sykkelen til å henge på plass i T1, og at våtdrakter blei tatt av vinden og blåst bort hadde eg ikkje venta meg. Eg tok ein sjans og satte skoene mine på plass utan å verke knyte dei fast eller fylle dei med blylodd (noko som eg heller aldri har vurdert å ta med til ein triatlonkonkurranse, men den dagen eg skal til Tjörn igjen og har bytta ut mitt heller trauste utstyr med det siste av lettvektstriatlonutstyr skal eg vurdere blylodd. I tilfelle.)

Helene og eg var letta over at det ikkje blei regn, slik som værmeldinga for nokre dagar tilbake hadde annonsert. Heller blå himmel, sol og vind enn regn! Dei siste forberedelsane blei gjort, med solkrem mot brennmanetar og komplisert triatletisk hårfletting..

På grunn av høge bølgjer blei svømmedistansen dessverre korta ned til 3x400m pga sikkerheten. Eg som visstnok eigentleg er halvt fisk, halvt menneske kunne godt ha tenkt meg litt meir svømming... det er jo slik at etter 1200m når ein først har varma opp og kome inn i ein god rytme, så er moroa slutt..?
Men etter mine tre rundar i sjøen som kjendest som tjukt grønsakssuppe med ispedd brennmaneter å svømme i, så var det ikkje så ille å kjenne trygt grunn under føtane igjen eigentleg.
T1 gjekk i eit bedageleg tempo. Eg hadde som mål å fullføre distansen med ein god følelse, og derfor blei det ikkje plass for hektisk i travelhet i skiftesonen. Heller ein form for kontrollert effektivitet?
Eg bestemte meg for å droppe vindjakke på sykkelen, men heller satse på "lause armar" (min siste investering i utstyr, svinedyrt, frå Craft, men absolutt kjempedeileg å ha) og ei ekstra trøye som eg ville ha med.
Ein HalvIronman ville jo ta mykje lengre tid enn alle mine tidlegare distansar, og været kan skifte fort ved sjøen. Dessutan likar eg ikkje å fryse, og sidan eg ikkje trengte å passe på å vera ekstrsa aerodynamisk, kunne ei flagrande trøye rundt livet jo ikkje skade.
Tre rundar på 30km skulle tilbakeleggast. Det kjendest som 20min med medvind, og litt over 45min med motvind..Det eigentleg relativt flate landskapet åpenbarte plutseleg lange seige bakkar og stigning!
Sjølvsagt på motvinddelen. Men eg hadde ikkje satt meg noko tidsmål som sagt, og tråkka lystig i veg.

På medvinddelen, den første delen av kvar runde, gjekk det leikande lett og her var det lett å både ete pg drikke og nyte stemning og landskap.

Drikkestasjonen var velorganisert der jenter stod på rekke og rad og bød på drikkeflasker av alle fargar og størrelser og forskjellig drikke og boller og banan, og eg har alltid god matlyst på mine sykkelturar, og måtte ta meg saman for ikkje å stoppe og slå av ein prat og forsyne med grådig av alt saman.

Sykkeletappen blei unnagjort på 3:25 ved hjelp av to bananer, ein halv bolle, 0,75l sportsdrike, ein halv Japp og vatn.

Ikkje verst for ein nybegynnar å vera, og den sterke vinden, og når eg berre har sykla den distansen tre gonger før i heile mitt liv ;-)?


Dette var nok skribleri for eit sjukmeldt hovud. Meir seinare..




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar