It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 14. september 2009

Impulsstyrt trening

Eller er det mosjon? Trening er målretta mosjon, mens mosjon er mosjon..
Det får vera det same for meg eigentleg.
I går sat eg ute i sola og la mine planar for treninga mi mot IM Germany 2010.
Strukturert trening begynner kanskje i november, hadde eg tenkt.
Rein basistrening altså.
Eg skal skynde meg langsomt.

Fram til november skal eg berre surre og rote og trene etter innfallsmetoden.
Og det som falt meg inn i dag var...
..... svømming.

Så klart. Med dette flotte været som var, så måtte eg berre koma meg ut igjen.
Dessutan har eg faktisk vore på jobb igjen.
Eg er 50% sjuk/friskmeldt.
Og ein av mine to jobbdagar denne veka var i dag.
Og dette betyr å vera inne i eit bygg i 7,5 timar der kontoret mitt ikkje har vindu..
poh.. dette er ikkje noko moro når eg ikkje ein gong kan få sjå det solskinnet gjennom eit vindu..

Så då eg endeleg hadde kome meg heim, skulle det bli solskinn på meg også.
Og Bjørgesanden ved Seljord Camping har lengst kveldssol her i Seljord.
Og dessutan den finaste stranda.
Det tok ikkje lang tid å pakke. Eg har alltid svømmetøy pakka ferdig liggande i bilen, berre i tilfellet eg skulle ut på ein tur ein stad der det er fint å svømme. Om det så berre er eit fint svømmebasseng eller eit bittelite vatn. Eller ein fristande plass ved Seljordsvatnet der eg mistenkar sjøormen for å ligge og dra seg.
Slik at eg kan ut og svømme når eg vil.

Eg mangla altså berre våtdrakta, og den gjekk det raskt pakka ned au.
Det tar ikkje meir einn 4-5min å køyre ned til Bjørgesanden, og strengt tatt hadde det godt gjenge an å rusle ein tur ned dit. Men eg hadde det så travelt.
Ville ikkje gå glipp av dei siste solstrålane i dag.
Ved Bjørgesanden låg vatnet og blinka, og det var nokre bittesmå bølgjer i te-med-honning-farga vatn.
For første gang i dag vakna eg til. Heile stranda låg der for meg sjølv, omkransa av skogkledde åsar og lyste mot ein knallblå himmel.
Lufta var mild, og sola varma fortsatt. Vatnet ville nok ikkje vera særleg varmt, men eg hadde gløymt å ta med termometer og tenkte at det får vera så med kalde føtar.
Det fine med rolege svømmeturar i forfriskande vatn på ein fin sommarkveld i flotte omgivelsar er at det virkeleg set farten på matlysten, og ein får denne kjempegoden følelsen i kroppen, og huden blir så glatt og musklane så avslappa (og at eg etterkvart også kjenner igjen alle tærne mine).

Til mine store forundring fekk eg selskap ganske snart. Klokka var halv seks og der kom det både eit kjærestepar som skulle bade (utan våtdrakt må vite) og litt lengre unna langs ei brygge var det ein heil gjeng av ungdommar som kastar av seg klærne og kasta seg i vatnet (utan våtdrakt også må vite).

Og eg som nettopp hadde stått med vatnet til anklane og syntest at dette var litt i kaldaste laget og lurte på om det var dumt å svømme bort ein så flott og varm sein-men-bedre-sein-enn-aldri-sommarkveld i så kaldt vatn.
Eg kom meg uti etterkvart, og vatnet var aldeles deileg forfriskande og godt å svømme i.
Eg svømte berre eit par rundar att og fram før Binna satt i sin vante pipekonsert, og eg måtte gje etter og inviterte ho til å vera med.
Riktignok er ho ein labrador og per definisjon glad i å svømme, men ho er av den forsiktige typen som planlegg sine svømmeturar og porsjonerar sine krefter.
Ho har funne ut at ho har raskare labbar på land, og etter å ha svømt etter meg 50m kom ho seg fort opp av vatnet for så å springe 50m på land og svømme på skrå ut til meg igjen. Ho følte seg nok ganske smart då. Og det funka også.

Etter 20min var det nok svømming for både to-og firbeina, og etter ein halv times spasertur for å få igang igjen blodsirkulasjonen i tærne bar det heim til skylling av våt drakt, ein varm dusj og god middag.

Og - hurra - eg har internettilgang også.
Kanskje eg får til og med publisert dette her? I dag?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar