It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 24. juli 2009

Solkysten Triatlon

Det nærmar seg Solkysten Triatlon, og eg gleder meg eigentleg til den, men så har eg berre lege slapp og uopplagt på sofaen dei siste kveldane.
Hadde det enda vore ein HalfIronman eller full IM-distanse, eller ein Maraton, så ville eg kalle dette her opplading. Tapering.
Carbo loading.
Men foran ein Supersprintdistanse?
Seint heim frå ein jobb som er altfor hektisk for min sarte sjel, eit øydelagt og forhåpentligvis berre midlertidig ubrukeleg tempostyre som ryggen min sat så veldig pris på mens det framleis fungerte, ein mage som ikkje toler stress og som helst vil vera tom heile tida, regn som fallar, til og med bikkja virkar slapp...
Puh...
Det er kanskje ein fartsfull supersprinttriathlon i flotte Langesund som skal til for å bøte på dette? Fart og spenning?
Det som er bra med slike korte distansar er at dei krev så utruleg fokus og at det går så fort at ein virkeleg ikkje får tid til å tenke (eg tenker for mykje til dagleg).
Litt over ein time fullt med fart og spenning.
Ein har nesten ikkje blitt ordentleg fått sjøvatn på seg før ein plutseleg vrenger av seg våtdrakta igjen, og før ein veit det så sit ein på sykkelen og tråkkar, og kanskje rekk ein ein liten slurk med drikke for å skylle bort saltsmaken at ein plutseleg finn seg sjølv utan sykkelhjelm men med løpesko på beina og på veg mot mål.
Artig!

Så er det heile over etter ein god time. Restitusjonsbehov etterpå: lite, men avhengig av kor lenge ein blir ståande og prate etterpå;-)

Eg håpar mange blir med.
Det virkar kanskje som ingen stor utfordring for mange som fullfører både halv- og full-IMdistansar fleire gonger i året, men det er jo ein kunst også å prestere i ein time så tett under makspulsen!

Det er meldt fint vær i Langesunde på søndag (http://www.yr.no/place/Norway/Telemark/Bamble/Langesund/) så det ser ut til å bli gode forhold.

Noko som ikkje kjennest så godt er, når eg ser tilbake på tida mi frå i fjor.
Høss i all verden har eg greidd å kome meg i mål på så kort tid???
Eg rakk jo også å sykle feil (!!!!) i min iver (fokus) på å sykle fort.
Med følge at eg måtte stoppe, snu 180gradar og sykle bakken opp igjen (ja da, som om det ikkje var ille nok å sykle feil veg, så valgte eg meg altså ein feil veg med nedoverbakke. Det såg sikkert mest innbydande ut).
Oi oi.

Nåja, for alle som ikkje har funne ut om dei vil vera med på Solkysten Triathlon til helga, her kan du finne ut meir om konkurransen:

www.langesund.tri

Det er det vel også løypebeskrivelser, det er vel eg nøydd til å ta ein titt på? Det er jo ein aktivitet som det fint går an å gjera frå sofaen mens ein ladar opp...

2 kommentarer:

  1. Håper det gikk bra med deg - gleder meg til rapport :-)

    SvarSlett
  2. Konkurranserapport skal bli - når eg først har restituert meg mentalt etter konkurransen. Det ser ut til å kunne ta eit par dagar..

    SvarSlett