It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 17. juli 2013

Postrace recovery

Sist søndag, dag 7 etter IM 70.3 Haugesund, var eg ute og jogga ein liten time med Lukas.
Fordi eg berre måtte.
Det er litt skummelt nå, fordi eg ikkje lenger er støl i låra, men muskelvevet er fortsatt enda ikkje fult restituert, så eg burde ikkje ta så altfor hardt i.
Likevel, det var så fint vêr at eg berre måtte ut.
Og det er ikkje så altfor ofte at det er slik.
Første løpetur etter Haugesund. Herleg!
Det er SÅ MYKJE markjordbær i år!
Då blei det mange stoppar på joggeturen :D
Mange orkidéar langs vegen
 (mest sannsynlegvis skogmarihand).
Det som er så herleg etter ein vellykka konkurranse, er at eg blir så motivert og inspirert, og kan nesten ikkje vente med å koma i gang igjen med treninga.
I går, dag 9 etter Haugesund, valgte eg å teste intervallformen.
Eg  berre måtte.
Det kan nok hende at eg forlengar restitusjonen litte grann på den måten, men samtidig så er ikkje ein halv ironman i nærheten så hard for muskulaturen enn f.eks. ein maraton, så eg tek sjansen.
I dag så kjenner eg ikkje noko stølhet i beina, men har forferdeleg vondt i høgre gluteus medius igjen.

Gluteus medius - den mellomste setemuskeln.
Bildet er eit screenshot frå Zygotebody.
Den muskelen var også ganske støl før IM i Haugesund.
Så nå veit eg i alle fall at eg er nødd til å trene balansert dei neste vekene, med kanskje berre eit par kvalitetsløpeøkter i veka, og masse tid til restitusjon imellom.
Og ikkje minst: starte igjen med styrketreninga, og dei spesielle øvingane til Dave Scott, som akkurat skal førebygge slike ubalansar i muskulaturen.
Så eg har nok å trene likeve, imellom all restitusjonen...
Blåbær på rusletur - perfekt for restitusjonen!
Neste mål er Trondheim Triatlon, og den er om seks veker, så eg har nok til tid å "finpusse" formen og trene fart.
Akkurat nå er det faktisk fortsatt restitusjon som er viktigast.

Og då er det jo herleg at det er sommar!
Bading, soling, rusleturar, fotografering, lesing...
Herleg med sommar!
Bading! Utan våtdrakt :D :D
Redda frå drukningsdøden...
Lukas ute på tur - ALDRI sur, men superlykkeleg!
Me har så fine fargar på steinane her i Vest-Telemark.
Ingen fotofilter-effektar her!
Moro å leike seg litt med kameraet!
Det kunne ikkje vore betre forhold for postrace recovery :)
Lukas er flink til å slappe av. Og glad i sol, akkurat som meg :)

2 kommentarer:

  1. Flott å lese at noen tar restitusjon på alvor - jeg tror alt for mange bare hopper bukk over restitusjon i sin iver etter å komme videre til neste konkurranse. Og jeg forstår jo at det blir slik for det er jo en motivasjonsboost uten like når man presterer bra i en konkurranse! Selv jeg ble jo supermotivert av IM Haugesund ;-)
    Silja

    SvarSlett
  2. Ja det er jo heller ikkje lett å la vera å trene igjen etter ein vellykka konkurranse, når ein er så super motivert.
    Nå er det søndag, og denne veka blei det faktisk ikkje meir enn intervalløkta tysdag. Været er ji også altfor innbydande til å late seg i sola, synst eg.
    Motivasjonen til å trene er der, men i alle fall for min del så er det lurt å ta restitusjonen på alvor.
    Det kjem eg til å profitere av seinare.

    Ha ein fortsatt god sommar Silja! :)

    SvarSlett