It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 15. februar 2013

"You have strong hands!" (Kick-off med Dave Scott)

Nå er eg tilbake i gamle trakter etter eit lite opphald på sjølve Olympiatoppen toppidrettssenter. Eg er nemleg blitt toppidrettsutøver, må vite.

Eeeeh, vent litt nå.
Ok, nytt intro:

Nå sit eg her og skal blogge om dei to siste dagane, godt til rette i sofaen med snorkande Lukas ved sida og varmeflaske i ryggen og puter på alle kanter, eg er nemleg knallstøl i musklar som eg ikkje har brukt på ei god stund.

Eller når var det siste gong eg brukte min transversus abdominus?
I ein heile time?
I regi av ein verdensmeister som tydelegvis hadde sin indre styrke på plass, både mentalt og fysisk?
Dave Scott.
Mest kjendt for sine seks titlar som verdensmeister i Ironman Triatlon.
Og Iron War, dvs duellane med Mark Allen, enda ein triatlon verdensmeister.

Eg var jo så heldig og vann premien frå Ironman Haugesnd sin julekalender i fjor.
Med bl.a. coachingsopplegg med Dave Scott frå februar og fram til konkurransen i Haugesund i juli.
Starten, eller kick-off'en for dette var altså i Oslo 13. februar i Oslo og 14. februar i Haugesund.

Dagane mine hadde ikkje akkurat vore lette fram til onsdagen, men eg kunne da ikkje gå glipp av denne "once-in-a-lifetime"-moglegheita!?
Godt eg pakka ei eske med paracet i sekken.
Godt eg budde på Olympiatoppens hotell.
Godt at eg hadde tatt med treningstøy.

Sidan eg nå ein gong var tidleg ute på onsdagen og satt i resepsjonen og slappa av før foredraget med Dave Scott skulle begynne, var eg så heldig å få møte han litt før.
Og nå skjønner eg godt kvifor han også jobbar som "motivational speaker".
Han er utruleg lett å prate med, og rett og slett ein hyggeleg fyr.
Arild Tveiten, Dave Scott, Ivar Jacobsen og meg. Eg og gutta, liksom.
Bildet er tatt av Dag Oliver
Det første Dave Scott kommenterte var mitt aldeles kraftige handtrykket då eg handhilsa på han.
"You have strong hands" sa han med til meg.
Og hjelp, kva hadde eg gjort?
Eg forklarte styrken i hendene mine med dei daglege turane med Lukas, der eg måtte halde han i band, og sidan "choccolate labs" er ein populær rase i USA, så skjønte Dave Scott med ein gong kva eg prata om.

Det blei tatt mange fine bilde.
Både før og under foredraget.
Triatlonforbundet var til stades og TV2.
Det er jo sjeldan kost at ein World Champion frå USA tek seg eit besøk til vesle Norge...

Men kva skal eg skrive vidare?
Eg må innrømme at eg var utruleg sliten den kvelden, men det var herleg å kunne sitte der og lytte til tips og triks frå Dave Scott utan å føle det store prestasjonspresset som eg kanskje ville ha gjort hadde eg stilt på eit høgare treningsnivå.
Dave Scott under foredraget onsdagskveld.
Bildet er tatt av Dag Oliver.
Kvelden blei avrunda med middag og her igjen, eg må sei at Dave Scott er lett å prate med og ikkje redd for å ause ut av kunnskapen sin og erfaringane sine, samtidig som han har bra humor og glimt i øye og ikkje tek verken seg sjølv eller sine tidlegare prestasjonar så gravalvorleg.

Dagen etterpå blei det faktisk ei lite treningsøkt.
Nå er eg på ingen måte ein morgonfugl.
Eg likar best å trene på ettermiddagen/kvelden.

Men klart eg stillar opp når THE MAN skal vise sine spesielle treningstriks kl. 8:30!!
Og det skulle altså handle om kjernestyrke, og betydningen spes. av muskelen transversus abdominus (TA) som etter hans meining er kjernen (bokstaveleg talt) i overføring av muskelstyrken i kroppen, både på svømming, sykling og løp.

Og for nokre artige øvingar han hadde tatt med!
Heldigvis så hadde eg jobba med akkurat denne muskelen før, og i samband med fysioterapi så har eg jobba mykje med bevisstgjøring og aktivisering av indre kjernemuskulatur.
Så det kom meg faktisk til gode.

Men nokre av øvingane var jo heilt grusamme!
Men godt å sjå at det ikkje berre var meg som sleit litt.
Når til og med så spreke og raske og proffe triatletar som Kristin og Allan hadde sine utfordringar med øvingane, så seier det sitt om nivået.
Mens Dave Scott sjølv bøyde og strekte og løfta og spretta som ein 20-åring.
Gutta frå TV2 var ivrige og hadde mange spørsmål
til Dave Scott etter treningsøkta.
Fantastisk inspirerande!

Det har vore eit fantastisk inspirerande opplegg, og eg kom meg heim med hovudet fult av motivasjon for å koma meg ut å trene.
Enda meir spent er eg på korleis treningsprogrammet kjem til å sjå ut.
Som Dave Scott sa, han syntest det var bra å først bli kjendt med oss personleg, på denne måten så kunne han tilpasse programma bedre individuelt.

Eg antyda til han at eg var ein "minimalistisk" triatlet.
Og trene med kvalitet på øktene framfor kvantitet er jo også i tråd med Dave Scott's treningsfilosofi, samtidig som han lurte på om eg kanskje trena for minimalistik?
Eg skal vera open for endringar i treningsrutinene mine, det er jo NÅ eg har sjansen til virkeleg få prøve noko nytt og annleis, og samtidig får god oppfølging!

Så det blir kjempespennande framover!
Eg kan nesten ikkje vente med å koma i gang.
Og det treng eg jo ikkje gjera.
Med alle dei støle musklane i dag så blir det nok ingen store sprell, men me får sjå...

4 kommentarer:

  1. Høres helt ubeskrivelig magisk ut å få treffe ham! :)

    SvarSlett
  2. Så spennende Imke. Håper de kommende månedene blir like inspirerende og lærerike :)

    SvarSlett
  3. Ja det var magisk å treffe Dave Scott.
    Og eg trur nok eg har mykje å lære dei neste månadene.
    Eg skal i alle fall gripe sjansen til det!

    Det blir spennande :)

    SvarSlett