It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 3. juni 2012

Å trene på konkurranseforhold

Eg kjenner at tida fram til Haugesund går berre fortare og fortare.
Og at eg heng laaaaaaangt etter med treninga mi!

Denne "realistiske" planen er vel kanskje ikkje så realistisk likevel, men men, den hjelpar i alle fall når motivasjonen er på botn at eg ikkje anar kva eg skal trene på.
Den siste veka gjekk så fort.
Plutseleg var det helg og eg hadde enda ikkje hatt ein einaste løpetur!

Sidan ein ikkje så lite suksessrik triatlet (Brad Kearns) skriv i "Breakthrough Triathlon Training) at dei lange turane er nøkkeløktene som ein virkeleg skal satse på, mens alt anna er "pynt" rundt, så valgte eg ein lang løpetur.
Denne boka burde eg kanskje lese i litt meir.
Klick på bildet, så kjem du til Amazon.com si side om boka.
Eg skulle berre springe 10km, eller ein time.
Ikkje spesielt langt eller lenge eigentleg.
Tidlegare var dette mine middels lange turar, sånn når eg ikkje hadde så god tid, liksom.
Men eg må hugse på at eg fortsatt driv med opptrening av det venstre kneet mitt, og det er mindre enn tre månader sida eg gjekk på krykker!

Så var det på med løpesko og ut på laurdag, det var fine løpeforhold, opphaldsvêr med litt sol innimellom, litt vind, og behagelege 13 gradar (nåja, på grensa til at det var litt for kaldt, eigentleg).
Lukas blei heime.
Eg er nå for tida nødd til å fokusere på mine eigne bein, og kan ikkje tillegg også passa Lukas sine, som dreg meg tilsynelatande uanstrengt i både grøft og buskar når me er ute.
Mine gode gamle pegasus begynner å bli slitne.
Det er faktisk blitt hol, nedanfor og til venstre for "Swooshen".
Kor mykje lengre vil dei halde, tru?
Eg valgte meg den vanlege løpeturen min som er på 9,2km og la inn ei ekstra sløyfe gjennom sentrum for å koma på 10km.
Det gjekk ganske greitt.
Eg stoppa ca kvar 15min når det passa, for å få ned pulsen, strekke ut beina og drikke litt.

For eg hadde tatt med drikke.
Det som var morsamt var, at eg hadde blanda meg sportsdrikke med varmt vatn.
Det har seg nemleg slik at alt vatnet i Seljord skulle kokast før bruk denne veka, sidan renseanlegget eller vannverket eller kva det nå var dreiv med arbeid i vannverket.


Og eg hadde altså den store kjelen på komfyren ståande med vatn som hadde koka 3-4t tidlegare, og som fortsatt var varm. Det brusa godt av dei tablettane eg hadde i drikkeflaska, og eg kunne faktisk varme dei kalde hendene mine på drikkeflaske mi undervegs :D

Først blei eg litt irritert, kven likar nå å drikke varm sportsdrikke?
Men så kom eg til å tenke på både Ironman Germany i Frankfurt og IM 70.3 Mallorca, og der var det delvis ganske varm sportsdrikke eller vatn dei serverte.
(Men det var også rikeleg med isbitar og iskaldt vatn i Frankfurt. Det var herleg service der. Akk ja.... kanskje eg skal skrive eit lite mimreinnlegg snart, til sjølvmotivering?).


Så blei det slik at eg ikkje la flaske i ein bekk mens eg sprang vidare for å plukke den opp nedkjølt seinare. Eg drakk tappert av den varme flaska.
Godt var det jo ikkje, men ikkje så verst heller.
Hmmmm lunka sportsdrikke :D

Så då fekk eg nå både trent langtur og litt konkurranseforhold.
Og eg håpar virkeleg at det blir varmt i Haugesund.
Eg likar så godt å springe i varmen.


For å minne meg på tidlegare bragder, hadde eg tatt på meg Finisher-tskjorta frå Tvedestrand Triathlon frå 2007. Der havna eg nemleg på 2.plass, må vite :))

Valmue langs vegen.
I dag kjendest muskulaturen rundt kneet ganske støl og litt stiv og øm.
Dessutan var eg støl i lårmuskulaturen.
Men det er ikkje så rart.

Første mil på asfalt i år.
Så det blei restitusjon i dag med Ironman Hawaii videoar på Youtube (frå 2011 f.eks) og masse mat og litt rusling med Lukas.
Det kjendest velfortent, det :)


4 kommentarer:

  1. Hei Imke.
    Så bra at det går fremover :)
    Fortsett med gradvis økning for hver uke, så er du plutselig klar til IM Haugesund om 5 uker :)
    Angående joggeskoene, så er mitt tips at du kjøper nye ganske snart. Nye sko trenger å bli gått gradvis inn før en halvmaraton. I tillegg vil nok nye sko gi mindre risiko for skade/belastning hvis dempingen på de gamle også begynner å bli dårlig.
    Lykke til fremover, så sees vi i Haugesund. Forhåpentligvis i varmere vær og ikke alt for mye vind :)

    SvarSlett
  2. Takk Jan-Morten!
    Ja planen er jo gradvis auke, men så er det så mange ting som skjer for tida, at eg virkeleg kjenner det som ei stor utfordring å gjennomføre.

    Eg skal nok greie meg i Haugesund, om eg så må veksle mellom løp og gange på løpedelen, heilt greitt, det.

    Akk ja, nye løpesko hadde vore såå artig!
    Pegasus'ane er nok såpass gamle at dei burde blitt fritidssko nå, men pussig nok så har dei fortsatt god demping i forfoten, der eg likar det.
    Men på grunn av dei er så utslitte så blir det nok New Balance, som er frå i fjor, løpt inn men lite brukt, og prøvd på både Mallorca og Oslo.
    (Men hadde nokon sponsa meg hadde eg gjerne fått meg eit nytt par løpeskø, det er jo så moro med nye løpesko).

    Ja me sjåas i Haugesund, artig!
    Lykke til til deg også!

    SvarSlett
  3. Første 10K på asfalt må nødvendigvis svi litt i muskulaturen; jeg pleier å bli stiv i leggene ;-)

    Tim kjører alltid varm sportsdrikk.... når jeg er forkjøla eller på vinteren så er det deilig med varm drikke, og de gangene Tim står for blandinga så blir det ofte varmt. Kanskje det er litt en vanesak? Er det sprengvarmt MÅ jeg derimot ha kald drikk ellers streiker jeg!!! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var nok godt å høyre at du blir stiv i leggane også, og du trenar jo ein god del meir enn meg ;)

      Alltid varm sportsdrikk?
      Ja vel ja, nei det er vel vanesak, men eg synst nå det er godt med kaldt, sidan eg jo uansett blir varm når eg er ute og løper.

      Jepp om vinteren burde det vera varmt i utgangspunktet.
      Då eg hadde med meg Binna på løpetur,pleidde ho å ha drikkeflaska i munnen, så den heldt seg varm.
      Det var fint om vinteren, men blei verre på sommaren når den fekk hundemunn-temperatur ;)

      Huff ja tenk deg ein løpetur på ein time i 25 gradar, og så ein gooood slurk VARM sportsdrikke... nei det går ikkje heilt frivillig ned hos meg heller ;)

      Slett