Kjempefint for å gå imot straumen av skiglade mosjonistar som hiv ski og termos og sekk og barn i SUVen sin og drar til fjells for å gå endelause mil i nydeleg preparerte løyper i fint driv...
Det er fleire grunnar for at eg ikkje er ute på ski for tida:
- Konstant hodepine i tre veker som ikkje går bort når eg er ute og lear meg.
- Svimmelhet og lett kvalme gjentatte gonger når eg snur meg for fort eller bøyer meg ned.
- Binna som er blitt litt for gamal til å springe lenge i snøen.
- Uvitenhet om kor hen smøreutstyret befinn seg hen eigentleg.
- Mangel på SUV og barn.
- Og ikkje minst: lengselen etter våren og sykkelføre...
Dette er jo nydeleg sykkelføre. Det er slik eg lengter etter for tida... (det var juni 2010, på E134 i nærheten av Åmot) |
Eg har skjønt at eg taklar denne lengselen etter utesykling og vålsol best ved å drive med heilt andre, ikkje vinter-relaterte syslar på ein laurdagsføremiddag: sykkelmekling for eksempel.
I staden for å hive meg på straumen av glade skigåarar, så ville eg heller hjelpe Marvil'n - racersykkelen min - med å kome eit stykke nærmare den hemmelege drømmen hans - han drømmer nemleg om å bli TRIATLONSYKKEL!
Nei men - er det DETTE den gode trufaste Marvil'n min drømmer om??? Han er jo fin nok som han er??? |
Juni 2010. Eg og Marvil'n. |
Eg og Marvil'n i ein slags form for Zen-meditasjon... |
Sibir sendar visst sine kalde helsingar vestover til oss for tida.
Sjølv om eg ikkje heilt har støtta desse overdrivne drømmene av Marvil'n om å bli fullblodstemposykkel (han vil jo alltid forbli ein racersykkel, uansett kor mange komponentar eg byttar på han), så har eg alltid hatt lyst til å bytte bukkehorn/racerstyret til tempostyre, og få montert girspakar på tempobøylane, slik at det blir lettare å gire mens eg ligg i bøylene.
Den nedre delen av racerstyret har eg brukt såpass sjeldan, at den nærmast kjendest å vera i vegen.
1) tempostyre (bestilt frå bikebuster)
2) girspakar av "bar end"-typen (importert frå England, probikekit)
3) bremsehandtak av "aero"typen (importert frå England, chainreactioncycles)
4) bremsewire (frå Intersport i Seljord)
5) (tempobøyler som eg alt hadde montert på racerstyret) (kjøpt september 2009 på bikeshop's lager)
Oi. Ei heil eske med delar og skruer og wire heilt frå England som heldigvis hadde sloppe unna tollvesenet sine skarpe øyne og som skulle bli til "bar-end girhåndtak". Det skulle bli spennande... |
Bremser frå Tektro, RX4.1. Kjekt at dei var på tilbod i England då eg trengte dei! |
"Unbraco" er altså merkenavnet. Men "umbrako" er det me kallar desse nøklane, sånn til dagleg. |
Me er begge to veldig glad i sol og varme, og eg innbillar meg at Binna også ville ha valgt varme og sol framfor snø og kulde, men det er ikkje sikkert, ho forbausar meg stadig med den forfriskande "her-og-nå innstillinga, som kjem gjerne til uttrykk ved at ho blir med på det meste, så lenge me ha det moro.
Binna lar seg ikkje imponere av laurdagssyslane mine. Ho nyt sola i godstolen mens eg held på... |
Bremsene er mjuke og behagelege, og det ser ut som det er den same typen som er på ChiCqiloen, berre at dei er svarte. Girspaka hadde eg ikkje så mykje å velge mellom, det ser ut som Shimano ikkje lagar "bar end-" girspakar i andre seriar enn Dura Ace, men sidan det norske tollvesenet faktisk gløymte å kreve inn norsk moms på akkurat denne bestillinga frå England, så fekk eg tak i girspakane til hyggeleg, momsfri innkjøpspris.
Tempostyre montert, tempobøyla montert, girspakane montert, bremseshåndtak montert... berre styretapen igjen. |
Samtidig så har eg alltid tenkt på racersykkelen min som ein ganske maskulin sykkel, så den eska med rosa styretape blei stua vekk igjen, og den svarte taperulla tatt fram.
Heilt nytt styretape. Herlig å halde i. Styret er breiare mot ramma, noko som gjev ei god flate å kvile hendene på på lange sykkelturar. Og lange sykkelturar skal det jo etterkvart bli også i år! |
Det trengtest jo heller ingen justering på girene, noko som forbausa meg litt, sidan eg kombinerte Shimano delar frå tre forskjellige seriar: Både Dura Ace, Ultegra og Tiagra. Men giringa fungerte utruleg bra med ein gong.
Så då er det berre å grave djupt etter motivasjonen for å legge ut på gode sykkeløkter inne i stoga?
Eller er det kanskje slik at dei flotte kvite fjelltoppane og den glitrande snøen plutseleg likevel har sterke tiltrekningskraft enn sykkelrulla?
Utsikten frå stogevinduet...vanskeleg å motstå. |
Det bli vanvittig gøtt - dæn dagen det æ sø mildt og fint, mæ tien asfalt - at det gjæng an å ta vårens fyste SYKKELtur! :-)
SvarSlettDu er dyktig Imke som mekker sykkel!
SvarSlett