It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 14. februar 2010

Telemark vinterkarusell - 2.løp. Årets andre konkurranse

Då var det gjort igjen.
Det andre løpet i Telemark Vinterkarusell gjekk av stabelen i går kl.13:00 i Kviteseid.
Og eg hadde, som eg alt hadde gjort i det forrige løpet, bestemt meg igjen for å stille uansett form.

For å stille. Sidan det pleier å vera høg "gubbefaktor" på slike løp (dette er ikkje mi formulering, men morsam er den jo. Og den stemmar).
Eg fekk med meg Marie, som i løpet av denne veka imponerte meg virkeleg med formen sin, både i form av utruleg lette steg i bratte og halvglatte snødekka bakkar i Øyfjell, i trekking av rattkjelke-med-barn-på i motbakke, motbakke-barnevogns-dytting eller skøyting på ski.
Mens eg slepte meg av garde ved sida, drassande på ein kropp som innimellom kjendest som ein halvstivna sementsekk.

Men ein god fredagskveld med karboloading beståande av druer og potetgull og anna godt, og "sleeploading" gjorde susen.
Eg hugsar fortsatt at eg hadde det ganske behageleg den kvelden på sofaen foran TVen, der eg sov meg godt gjennom dei siste fem minuttane av "Nytt på Nytt", mesteparten av "Skavlan", mesteparten av eit program om Ole Einar Bjørndalen, til eg til slutt sklei av sofaen og stavra bort til senga mi.
Der eg fortsatte med å sova i heilt utrulege 8 timar...

Men utkvila blei eg neste dag, og ankom, halvseint som vanleg, i Kviteseid like over 12:30, til strålande solskinn, snødekka fjelltoppar og forfriskande 12 kuldegradar i skyggen.
Heldigvis låg vegen me skulle springe på i sola, slik at det ikkje kjendest så kaldt.

Frå idrettsplassen skulle me springe to sløyfer, 1,5km mot sentrum til vendepunktet, snu, og springe tilbake, to gonger.
Løypa er flat og oversiktleg, lite trafikkert og har berre ørlite stigning akkurat dei siste par hundre meter mot vendepunktet (trudde eg i alle fall før start).
Utfordringa var å springe sikksakk mellom hardpakka snø og is på vegen, der delvis bare asfaltflekkar vekte minne om korleis det er å springe på bart underlag (noko som eg gledar meg til).
Heldigvis var me heile tre jenter med i går, slik at eg faktisk hadde noko meir likeverdige konkurrentar enn på siste 5km i Bø.
Frå starten av var det Marie som med lette steg leda "jentegruppa".
Sidan eg tenkte meg at ho før eller seinare ville dra i frå, hengte eg meg like greitt bak ei dertil for meg ukjent jente, som såg ut til å halde den farten eg hadde håpa på å kunne halde gjennom dei 6 km.
Det var hyggeleg å ha ein rygg å springe bak, og fram til vendepunktet kjendest kroppen lett og fin.
Rundt kjeglen ved vendepunktet var det is på vegen, og eg presterte altså å bruke denne som rutsjebane, og simulerte fort eit elegant telemarknedslag (har jobba i skisportens vogge, må vite) med kneet veeeeldig langt ned.
Heilt til bakken.
"Konkurrenten" bak meg visste å benytte seg av denne tvangspausen til å ta ein liten pause med diverse tøyeøvingar, som ho fortalde meg etterpå.
Nåja, eg sjekka kneet: like heilt.
Altså ingen grunn til å utvide denne pustepausen.
(sjølv om det frista. alt etter 1,5km..)

Etter stoppen ved vendepunktet fortsatte me løpet. Marie hadde alt dratt frå oss, og var så vidt synleg som eit punkt i langt der framme som blei mindre og mindre.
Bra for oss to bak, sidan ingen av oss hadde vel tenkt seg å prøve å henge med i dette tempoet.

Det som me kanskje heller ikkje hadde tenkt, var at det faktisk var littegrann stigning frå vendepunktet og tilbake mot start/mållinja.
Å ja, det var derfor kroppen kjendest så lett ut med ein gong...

Eg kjende at posisjonen min, nemleg å ligge foran min einaste "konkurrent" i dette løpet, var heller ubehageleg. Det er då så lettvint med ein fartshaldar. Men det var visst meg som skulle vera det nå.

Mens dei fleste gutta og Marie hadde opparbeidd seg eit solid forsprang og kom oss etterkvart i møte, var det altså berre oss to, med berre nokre få løparar lenger bak.
Ved start/mållinja, altså etter 3km, blei tida 14:53, noko som overraska meg, slik at eg heldt på å stoppe for å diskutere denne flotte splittida med tidtakara. Eg blir gjerne pratsam på konkurransar må vite...

Så var det enda ein gong mot vendepunktet. Denne gongen skulle eg ikkje prøve denne isseilasen ein gong til, og forberedde meg på ei sakte og smidig vending.
Noko som blei vellykka.
Det som ikkje blei så vellykka var å overbevise kroppen min at det var moro å halde ein fart på 5min/km. Det var den såvisst ikkje einig i. For det hadde me jo ikkje gjort på veldig veldig lenge.

Eg merka plutseleg kribling i skuldrene (eg var ca. tre pulsslag unna frå å få krampe i skuldrene, som eg fort kan få når eg spring for fort i forhold til formen), skvulping i magen, svak sitring i armane, og begynte å bli lettare kvalm.
At det kan skje så mykje på eit slikt kort løp!

Lysten til å stoppe tok meg. Pussig nok så kjendest beina mine samtidig sterke og gode, og eg lurte på kva i all verden eg hadde drive med av trening i det siste som gjorde at beina mine var gode, men sjølve "formen" dårleg. Stress? Mogleg.

Uansett var det ikkje aktuelt å stoppe.
Eg høyrte nemleg steg bak meg. Heile tida. Og avstanden virka ikkje til å bli større akkurat. Tvert imot.
Men eg var så kvalm. Eg begynte å visualisere meg sjølv i andre situasjonar. Sittande i ein behageleg stol, avslappa, ... og pussig nok så kjende eg meg littegrann rolegare umiddelbart.
Men denne følelsen varte berre i akkurat fem sekund.

Så var det lyden av steg bak som ikkje heilt passa inni denne visualiserte situasjonen min som skulle få kroppen til å slappe av.
Nei vel.
Så var det neste mentale triks: "Det er snart over."
Mållinja var nesten i sikte.

Det er snart over.
Ikkje stopp.
Berre ikkje stopp.
Dette skal eg greie.

Så kom stega nærmare og nærmare og eg vurderte sluttspurt.
Søren, dette hadde ikkje eg trent på lenge.
Eg kjende eit tydeleg skilje i mageregionen, der dei sterke beina gjekk over i ein utslitt overkropp.
Og tenkte at det er beina som skal bera meg i mål. Og det er hovudet som bestemmer dette. Og den slappe delen i mellom skal eg ikkje bry meg om før eg er i mål.

Sidan eg på Tinfosløpet i fjor tok fullstendig feil på avstanden til mål, og spurta aaaaltfor tidleg, rekna eg meg fort fram til at 200m spurt skulle eg klare.
Kanskje var det meir, kanskje var det mindre enn 200m, men sluttspurt blei det, og eg trur at eg rakk mållinja akkurat tre sekund før forfølgeren min bak meg.

For noko dramatikk på eit så kort løp :D
Eg fekk eit godt klapp på skuldra, der "konkurrenten min" Marianna takka for at eg var så flink fartshaldar...
Ja da. Berre hyggeleg det.
Med ei sluttid på under 30min på 6km er eg kjempefornøydd.
Med min heller elendige kortdistanse-løpeform for tida hadde eg nok vore fornøydd uansett berre for å koma i mål utan gåpausar.

Premiar blei det også for alle. Og det er fine premiar ein får ved å vera med på løp i Kviteseid.
Såpass fine at eg måtte ta dei fram alle saman, frå i går, og tidlegare løp:


Så er det berre det siste av tre løp i vinterkarusellen igjen:
8km, 13.mars i Lunde, Telemark.

1 kommentar:

  1. Jeg setter stor pris på å lese rapporter fra konkurransene du deltar på! Du skriver herlig og humoristisk. Får lyst til å delta på noen løpekonkurranser selv.

    SvarSlett