It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

mandag 29. august 2011

Det er i motbakke det går oppover...

Ja viss det virkeleg er slik, så har eg hatt nokre skikkelege oppturar den veka som var.
Det har ikkje blitt så mykje planlagt og strukturert trening, men det blei mykje mosjon for det.
Mine motbakkarmeter denne siste veka fordelte seg på følgjande turar:
  1. Raudkleiv, måndag, 232m + bakken heim = 365m, på sykkel
  2. rusletur med Binna, måndag, 65m
  3. Hattefjell, tysdag, 566m, til fots
  4. Bakken heim på sykkelen, onsdag, 123m
  5. Bakken heim på sykkelen, fredag, 123m
  6. Kivledalen rundt motsols, laurdag, 350m, til fots
  7. motbakkesykling i terreng, ca 150m, søndag
Det blir til saman heile 1742 høgdemeter.
Det er ganske bra. Mange fine motbakkar som eg tilbakela.
Torsdagen blei det ingen motbakke, men spinning og styrketrening i samband med kurs.
Og derfor var det kjekt at eg møtte ein nabo som eg kunne sitte på med etterpå. Som hadde til og med plass i bilen sin til sykkelen min.
Av og til så er det nemleg kjekt å forsere desse motbakken saman med nokon.
Også om det berre er i bilen ;)

Nokre inntrykk frå siste vekas "verste" tur må eg jo ha med:
På laurdagen skulle eg eigentleg springe ein lett tur. Men heile 350m høgdemeter fordelt over ca 4,5km byr vel neppe på ein lett tur...
Laurdagens løypeprofil. Kanskje viss eg neste gong plottar inn løypeturen FØR eg dreg av garde, så får eg ein aning om det blir lett eller ikkje???
Men eg er nå sta og hadde lyst på ein "skogstur", og når denne skogen låg så bratt til, ja vel. Då får eg vel berre ta det litt med ro undervegs, og legge inn nokre gåpausar?
Det regnar utover Seljordsvatnet. Her utsikt frå Venås.

Regnet nærma seg sakte men sikkert frå Bø. Men det var eigentleg godt å bli litt avkjølt av nokre regndråper, det blei nemleg ganske varmt i motbakken!

Ein bekk. Mykje vatn som kom ned frå fjellet på laurdag!
Eg hadde tatt med ein energigel og ein energibar. Gelen må eg ha mista ganske tidleg på turen. Dumt var det, for eg blei kjempesulten undervegs. Eg må hugse på å ete godt dei dagane eg skal springe i bakkar!
Bringebær. Litt mat var det i alle fall. Vanskeleg å ta eit skarpt bilde, det blåste faktisk kraftig frå bekken i  bakgrunnen.
Binna i Kivledalen.
Det renn i strie straumar.
Eg hadde ikkje tatt med drikkeflaske. Dette var ein av mine drikkestasjonar undervegs.
Hurra! Nedoverbakke i Kivledalen. Herleg :)
Uansett om det er lett eller tungt på ein løpetur, så er det alltid godt å kome inn att. Ein god følelse å koma inn att etter å ha vore ute i motbakkar og regn :)

1 kommentar:

  1. Takk!
    Det blir forhåpentligvis fleire torsdagsturar snart. Dei savna eg nemleg også...

    SvarSlett