Sjølv om eg storkosar meg med "off-season" og lite strukturert trening (også kjent som den meir og meir populære innfallsmetoden), så er det moro å lure på kva eg skal finne på neste år.
Sjølv om eg har lyst til å gjera litt andre ting enn triatlon i 2014, så har eg likevel blitt såpass glad i IM 70.3 Haugesund/Norway, at eg sterkt vurdere å melde meg på denne igjen.
Det blir ikkje akkurat mindre fristande når den offisielle Ironman 70.3 Norway filmen blei lansert 13.september 2013:
Og der ser me også Sarah Reinertsen som eg hilsa på og åt lunsj saman med i Haugesund i år.
Ho er super hyggeleg og veldig inspirerande.
Akk ja. Får lyst på Ironman i Haugesund igjen eg!!!!