It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 29. desember 2011

Vinterløping = ekstremsport?

I dag var eg ute på min første løpetur igjen etter juleftan (ja, eg tok meg faktisk ein ørliten sprinte-jogge-luftetur på sjølve joleftan).
Og all den fine snøen som hadde så godt grep er nå smelta bort, frosen til is, smelta igjen, blitt dekka av vatn...
Eg blir faktisk ganske sur ved slike forhold.
Då eg skulle gå tur i førgårs ramla eg to gonger berre her på tunet i løpet av eitt minutt.
Då snudde eg og tok på meg broddane.

Eg savnar å berre kunne gå ut og rusle ein tur, løpe ein tur... utan å måtte kikke heile tida kor eg set føtane mine hen.
Men likevel i dag hadde eg så lyst til å gå på tur at eg tok på meg brodder og la ut.
Eg ville sjå om det kanskje gjekk an å springe på stien i skogen her. Kanskje var det litt snø igjen der som ikkje hadde blitt til is?
Eller som kanskje hadde smelta fullstendig bort?

Det skulle vise seg at begge delar hadde skjedd.
Delvis var det litt is på stien, men stort sett hadde mesteparten av snøen på stien smelta bort. Grusvegen derimot var ei utfordring. Nokre stadar var det blanke isen. Andre stadar var det strødd me sand. Då var det greitt.

Uansett forhold, turen var kjempetung.
Beina var fine og sterke, men pusten dårleg. Eg kjende meg i skikkeleg dårleg form.
Men men, eg kom meg gjennom den planlagte runden på 5km og ca 175m stigning.

Og utan fall!
Og det er faktisk det viktigaste. Formen kjem igjen etterkvart.
Broddene mine hjelpte litt, men dei er såpass gamle og piggane nedslitte, at eg faktisk i dag har bestilt meg nye brodder.
Eg  håpar sjølvsagt at eg ikkje lenger har bruk for broddane når dei kjem i posten.

Men me får sjå.
Enn så lenge snubla og sklir eg og labbar og joggar rundt på is og holke og nedpakka snø.
Det skal litt meir til for å skremme meg frå å løpe...
Her er det faktisk BRA løpeforhold, med bare stripar på vegen.
Andre plassar var vegen heildekka av is...
Då eg hadde kome heim frå Øyfjell andre joledag var det nesten blitt heilt grønn igjen i Seljord. Bortsett frå isen på vegane da...
Løpeturen var tung i dag så eg tok meg ein pust i (mot-)bakken her.
Seljord er nesten blitt heilt grøn igjen..
Eg trur at til og med dårlege/slitte broddar slik som eg bruka i dag, er betre enn ingenting på isen. Eg tok faktisk fram fil og fila ned nokre av piggane slik at dei skulle ta litt meir.
Vanlege løpesko kombinert med brodder gav i alle fall nok
grep på isen for ikkje å  skli heile tida...
Og sjølv om det var glatt, og turen var tung, så var det allikevel deileg å vera ute og løpe i dag. Godt å lea seg igjen etter joledagane med mykje god mat...
Belønning for strevet: Skogen med fin kveldshimmel.
Då blir det plutseleg mykje lettare å springe ;)