For eit par veker sida fekk eg endeleg den boka i posten som eg hadde venta på:
"The Triathlete's Guide to Mental Training" av Ph.D. Jim Taylor og Teryy Schneider.
![]() |
| The Triathlete's Guide to Mental Training. |
Mental Trening
(høyrest det skummelt ut?)
På mitt spørsmål til Dave Scott om kva eg kunne gjera med at eg synst trening er så tungt og at eg opplever konkurransedagen som mykje lettare, så svarte han "Get more race day in your training!".
Men dette gjeld altså berre akkurat meg.
For andre kan oppleve at det er lettast å trene, og dei presterar optimalt, men når dei skal konkurrere, så går nervene løpsk og prestasjonen blir dårlegare enn forventa.
Så her kjem den mentale biten inn.
Eg har lest dei første to-tre kapitlane av boka ovanfor og er begeistra så langt!
Kjempespennande lesing!
Og sjølv om boka har triatletar som hovudmålgruppe, så er teknikkane som blir beskrive også nyttige i livet utanom trening og konkurransar (seier Mark Allen i forordet, fritt oversatt).
Noko av essensen som er viktig å ta med seg heilt frå starten av når det gjeld mental trening/mental innstilling er, at mental trening/innstilling ikkje er medfødd, som så mange trur. Det dreier seg derimot om teknikkar som ein kan utvikle og jobbe med på same måte som dei fysiologiske og tekniske aspektane av treninga (her: triatlon).
I mangel på noko som passar bedre har bokas forfattarar skapt uttrykket "Prime Triathlon".
Det blir definert som "prestasjon på eit vedvarande høgt nivå under dei mest utfordrande forhold".
Det handlar ikkje om å yte 100% heile tida (ingen kan dette), men om å yte best utan dei veldig store opp- og nedturar.
Høyrest det litt uoppnålege ut?
Er ikkje opp- og nedturar ganske vanlege?
(Jepp, det er det, men dei meinar at det går an å redusere desse svingninane til eit minium).
Det handlar om å gjera sitt beste spesielt under utfordrande forhold.
For kven likar ikkje å sykle i solskinn?
Eller ta seg ein løpetur i flatt terreng på mjukt underlag med fantastisk utsikt?
Eller svømme i varmt vatn i roleg sjø?
Men kva skjer når du møter motgang, når det pøsregnar ute på sykkeltur og du punkterar, skoene er blaute på løpetur og skodda sig på, og bølgjene kastar deg rundt slik at du ikkje får puste utan å svelge eit par munnful med vatn og blir sjøsjuk?
I bokas begynnelse blir det satt opp ein pyramide med seks mentale faktorar som i størst grad påvirkar prestasjonen i triatlon (og gjerne også annan idrett som er basert på uthaldenhet, altså ikkje på teknikk/lagspel osv).
![]() |
| Prime Triathlon Pyramid (fig 1.1 frå boka "The Triathlete's Guide to Mental Training, p.13) |
Nederst som basis for pyramiden er motivasjon.
Denne er heilt grunnleggande for å oppretthalde ønsket og determinasjonen om å trene (jamfør den norske definisjonen i starten av innlegget).
Motivasjonen er den bidragsfaktoren du har størst kontroll over.
Motivasjonen vil avgjera kva rolle trening spelar i livet ditt,
og kva slags valg du tek.
Motivasjonen vil påvirke alle aspektar av prestasjonen din:
- kondisen din
- teknisk trening
- taktisk trening
- mental forberedelse
- og livsstilen din generelt, inkludert søvn, kosthald, relasjonar og forpliktelsar i forhold til skule, jobb og andre aktivitetar.
![]() |
| Kva med kosthald når du trenar? |
Fysiologisk sett kan me alltid forbedre kondisen vår, men ein gong vil me nå våre grenser sett av genene me er fødd med.
Me kan heller ikkje påvirke klimaet vårt eller vêret, kor sterke konkurrentane våre er eller korleis ein konkurranse er lagt opp (stigning, underlaget, bratte svingar, dei er det same for alle).
Men motivasjonen vil avgjera korleis du møter desse faktorane.
| Sykling hausten 2011. Er du motivert nok, går det an å sykle sjølv om det eigentleg er "for kaldt". |
Den vil også få deg til å trene når du er trøtt, stressa, sliten, ikkje gidd, er tung og tom i kroppen og ikkje har det moro i det heile tatt.
(For meg betyr det gjerne nå at om eg ikkje er "motivert" ein dag, så går eg ut og gjer denne planlagte treningsøkta likevel - sjølv om eg ikkje har lyst. Eg har jo det store målet i bakhovudet - IM 70.3 Haugesund - og det er min kilde for motivasjon - og då treng eg ikkje har lyst til å trene dagleg - eg kan gjera det til tross for at eg ikkje er "motivert"!)
Så for å ha størst motivasjon er det viktig å spørre seg sjølv om kvifor ein held på med dette ein held på med.
Kva er grunnen til at eg driv med triatlon?
Kva er det som gjer meg glede med triatlon, er det sjølve treninga, eller godfølelsen etterpå, er det dette fantastiske spennande og mangfoldige triatlonmiljøet, er det vennane eg trenar saman med, er det reisen til konkurransen, er det å teste grensane mine, er det å prøve stadig noko nytt, er det helsegevinsten?
Kva er grunnen til at du driv med den idretten du driv på med?
Kva er det som gjer at du trenar?
Eller at du deltar i konkurransar?
Veit du eigentleg det?
Ha ein fortsatt fin himmelfartsdag!




