It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

lørdag 24. november 2012

Likar du å bli våt på beina?

Viss svaret er JA, så er vel dette blogginnlegget ikkje noko spennande lesestoff for deg.

Hausten er jo her fortsatt for fullt, og november visar seg virkeleg frå sin mørkaste side for tida. For ikkje å snakke om tåka og regnet.

Så kva slags fottøy skal ei bruke når ein løper ute i terrenget nå, når det er så blautt?
Eg synst det går fint å styre unna store vannpyttar når eg spring langs vegen, men på seine haustkveldar på våte stiar i skogen er det ikkje til å unngå å bli våt på beina.

Tidlegare denne sommaren har eg hatt lyst på terrengløpesko med Gore-tex membran.
Akkurat for å halde føtane tørre lengst mogleg.
Men så er jo løpesko berre løpesko og ikkje støvlar, og mykje av vatnet vil jo etterkvart renne inn ovanfrå og ein kan dermed bli like våt på beina som med vanlege løpesko.
Og det kan til og med vera verre, sidan Gore-texmemabranen ikkje slepper ut vatnet.

Men eg måtte i alle fall prøve og fann meg eit par terrengløpesko frå New Balance. Sidan dei var på salg, var det ikkje så mykje å gjera feil.
Og ja, i våt grass og på vått underlag så held dei jo vatn unna ei lita stund.
Spesielt i kombinasjon med ullsokkar så får ein ikkje denne følelsen av å stadig få påfyll av iskaldt vatn sigande inn mot føtane.
Terrengløpesko frå New Balance med Gore-texmembran.
Ikkje dei sprekaste fargane, men den gjer nytten.
Ei anna løysing på utfordringa løping/sykling i regn er å bruke membransokkar.
Eg har vore skeptisk mot dette før, spesielt Gore-tex kan eg umogleg tenke meg at skal vera bra nok, med tanke på at den både skal puste OG halde vatnet ut, med så mykje belastning ein membran får trykt saman av foten i ein sko?

Men det finst andre membranar også, og produsenten Sealskinz lagar altså sokkar med membran.
For eit år sida så investerte eg i eit slikt par sokkar/strømpar.
Dei er ganske dyre, men med litt leiting i nettbutikkar, så er dei ikkje mykre dyrare enn gode sokkar i Norge.
Eg var skeptisk her også.
Korleis ville passformen vera?
Dei MÅ jo føre til gnagsår, for korleis skal sokkane med ein membran kunne få plass i ein sko når dei ikkje er like fleksible som vanlege sokkar?
Vil det lukte?
Vil det bli klamt?
Vil det lekke inn vatn likevel?

Nå har eg testa desse sokkane ganske lenge, på mange forskjellige måtar.
Dvs, på løpetur i vanlege løpesko, i terrenget i styrtregn, i  vanlege sko i snø, i turstøvlar som hadde Gore-texmembran, i terrengløpesko med Gore-texmembran, på rusleturar, på motbakkeløpeturar osv.
Sealskinz Mid Length Thermal Sock er den eg har.
Min erfaring visar at dei fungerar veldig bra.
Passformen er utruleg nok bra.
Sokkane sit som små fleksible "støvlar" på føtane, og er litt elastike.
Eg har ALDRI hatt gnagsår - brukt dei på flat mark, motbakke, bratt nedoverbakke, ja eg har også brukt dei istadenfor vanlege sokkar når eg hadde blemmer/gnagsår frå andre sko.
Sealskinz'ane i kombinasjon med asfalt-ASICS på topptur.
Dette var i juli i år.
Dei dannar ikkje spesielt vond lukt, også om eg ikkje vaskar dei mellom kvar gong eg brukar dei, men berre tørkar og luftar dei godt (dei har Merinoull på innsida, kan ha ein effekt her?).
Det blir sjeldan klamt, men midt på sommaren så er den halvtjukke typen sokkar eg brukar, litt i varmaste laget - det fint visst ein tynnare variant også.
Det kan hende det lekkar vatn gjennom, men eg har aldri kjent dette.


I kombinasjon med løpesko med Gore-texmembra er dei glimrande, synst eg.
I terrengløp/kon konkurransar hadde dei vel etterkvart mista sin funksjon, då ville eg nok brukt løpesko utan membran og vanlege sokkar, det er mykje bedre at vatnet renn ut av skoene igjen enn å prøve å halde det ut.

Og det går an å springe FORT med sokkane også :D
Dette bildet er tatt i september i år.
Men til trening er dei gode og varme å ha på, kjennest mjuke på foten og som sagt, eg har berre gode erfaringar.
Desse sokkane er min absolutt favoritt når eg skal ut og løpe.
Eg vurderar å kjøpe eit reservepar, for dei kan vel ikkje vare evig, så mykje som eg brukar dei?
Det er nemleg stor sjans for at dei blir med på tur i dag også...

(Dette er forresten produktanbefaling som eg velger sjølv å skrive, eg blir ikkje sponsa av nokon av ovannevnde produsentane. Ikkje av andre produsentar, for den saks skyld.)

onsdag 21. november 2012

Min stakkars iliopsoas...

Hjelpe meg, nå er det heile 10 dagar sidan sist blogginnlegg!
Og bloggen kallar eg liksom triatlondagbok?

Men men, slik er det, også dagbøker må tole å vente.
Eg har ikkje heilt vore i bloggehumør.
Det har blitt lite trening dei siste dagane, og eg har mentalt ikkje vore heilt til stades,  men levd i ei boble.
Og i tillegg har pusten min blitt dårleg igjen.

Og som resultat av at pusten er dårleg (dvs mellomgolvet er stramt, og då må hjelpepustemuskulaturen ta over, noko som dei slett ikkje er utstyrt for i lengda) er blodsirkulasjonen dårleg, og det fører til stivhet, stølhet, svimmelhet osv.
Årsak-virkningsamanheng her er ikkje heilt klart, det blir ein ond sirkel som opprettheld seg sjølv.
Men at stress spelar ein stor rolle hos meg, er klart.
Eg har to store og viktige møte til veka, og har nok derfor blitt kronisk anspent.

Treningsmessig så har eg gått på sparebluss og minimal vedlikehaldstrening, eller kva skal eg kalle det.
Turar med Lukas har det blitt, men ikkje lange.
Det er nemleg ganske frusterande at eg blir andpusten i rusletempo!!
Kveldstur med Lukas i rusletempo.
I går tok eg derfor ein tur til fysioterapeuten min.
Eg opplevar nemleg også ein merkeleg stivhet ein stad i kjernemuskulaturen.
Utan å ha trent styrke.
Stivheten er verst når eg reisar meg etter å ha sitte ei stund.
Det er vondt å "rette meg ut", ganske enkelt.
Som om eg har for korte musklar heilt innerst i kroppen.
Og det er vondt og stivt i korsryggen.

Etter å ha beskrive situasjonen min så tippa fysioterapeuten min (som har spesialisering i psykomotorikk, midt i blinken for mine utfordringar) med ein gong på muskelen iliopsoas.
Det dreier seg eigentleg om ein muskel som er samansett av tre adskilte musklar, m.iliacus som går frå innsida av hoftebeinet, og m.psoas minor og m.psoas major, som begge går ut frå kvar sida av korsryggens virvlar. Iliopsoas er den viktigaste bøyeren i hofteleddet.

Årsaken i at denne muskelen plutseleg begynde å krangle er også samansett, og heng nok saman med det endra pustemønsteret mitt som heng saman med spenningsnivået mitt osv.
Kort sagt: muskelen har kanskje fått litt for mykje å jobbe med.
Både på mine løpeturar i motbakkar, og at muskelen prøvar å dra beina opp mot magen, slik at kroppens framsida blir "beskytta mot ytre truslar".
Sånne gamle reaksjonsmønster er jo lite hensiktsmessig når truslane ikkje er av fysisk art,
men dette er nå eingong slik kroppen reagerar frå gamalt av.

Heldigvis ser det ut som om pusten sakte men sikkert blir bedre.
For kvar djup innpust eg får til, og kvar gjesp så blir eg litt lykkeleg!
Tenk det, å bli glad over ein gjesp!


Eg har opplevd dette her så mange gonger før, og pusten kjem alltid tilbake, men mens den er dårleg, så kan eg nesten ikkje skjønne at den skal bli bra att nokon gong.
Pusten er jo saman med hjarteslaga den mest grunnleggande livsfunksjonen me har.
Ikkje rart eg savnar den når den er dårleg?

Nå er det i mitt tilfelle ikkje så mange tiltak eg kan gjera for å bedre pusten.
Å tøye stive musklar virkar gjerne mot sin hensikt, det her eg erfart mange gonger.
Då er det bedre å drive med avspenning.
Meditasjon, visualisering, oppmerksamhetstrening og liknande for å signalisere kroppen at den er trygg og dermed får musklane til å slappe av att.

Dette har eg gjort litt kvar dag, ca 20min med visualiseringsmeditasjon.
Så får me sjå om det hjelpar, det kan i alle fall ikkje skade.

Så eg skal fortsette med å løpe når eg har lyst, for slik som fysioterapeuten min seier (og eg har vore hos han sidan hausten 2007, det er ganske lenge, og han kjenner meg godt nå), så er i mitt tilfelle all trening berre bra.
Eg har også endeleg svømt igjen, det var herleg, så det skal eg forsette med, kanskje til og med så regelmessig som ein gong i veka.
Eg blir ein gladfisk når eg svømmer :D
Styrketreninga skal fortsatt prioriterast, men du verden så lite sjølvdisiplin eg har her altså!?
Men då kan det jo berre bli bedre ;)

lørdag 10. november 2012

Motstandstrening?

Det er eit begrep som ikkje blir så veldig mykje brukt.
Eller?
Då eg googla "motstandstrening" var det i alle fall få treff frå norske sider.
Eg tenker jo her på den norske oversetting av "resistance training".

Det er fortsatt trening etter innfallsmetoden med fokus på løp og styrketrening eg driv med for tida.
Etter ei ganske intens styrktreningsøkt på måndag, der eg trena heile kroppen, bruka tunge vekter og få repetisjonar og benytta meg av konseptet "supersett" blei eg ganske støl.
Stiv og støl i nesten tre dagar.

Så då var eg ganske forsynt av styrketrening eit par dagar.
Grunnen til at eg var meir støl enn vanleg er nok at eg både tok godt i den dagen, men også at pusten min har krangla igjen over ein periode på eit par veker, og når pusten er dårleg, så blir det dårlegare blodsirkulasjone og restitusjonstida etter trening blir lengre.
Dårleg pust fører også til sterkare stress i kroppen, og det minskar også restitusjonen.

Men likevel, tre dagar etter sist styrketreningsøkt, så kjendte eg behovet for å trene styrke.
Både øvre rygg og nakke var fortsatt støl (eg har dessutan ein eller annan kink mellom skulderbladene mot høgre sida), og eg lengta etter ein form for mosjon for å mjukne opp muskulaturen.

Svømming hadde vore fint, men den dagen var svømmehallen i Seljord stengt.
Og styrketrening?
Når eg fortsatt var støl, er det så lurt da?
Kva med litt lett styrketrening?
Set med "resistance tubes" frå Versusfit.
Det brukar eg heime, veldig kjekt!
Eigentleg så ser eg ikkje heilt poenget med "lett" styrketrening.
Når ikkje musklane får nok stimuli, så vil dei ikkje respondere med å bli sterkare/større.
Men likevel.
Er treningsstrikk også eigna til å bygge musklar?
 Svaret er visst ja.
Noko måtte eg berre få gjort!

Eg bestemte meg for å gjennomføre ei styrketreningsøkt med fokus på heile kroppen, slik eg vanlegvis gjer, men med fleire repetisjonar og lettare vekt eller bruk av treningsstrikk.
Målet med den økta var å halde vedlike styrken i muskulaturen, samt auke bevegeligheten i ledd, auke blodsirkulasjonen i musklane og lære meg nye øvingar.
Intensiteten skulle vera låg.


Treningsstrikkar/"resistance tubes" kjem gjerne i fleire fargar og styrker.
Og det blei ei ganske bra økt.
Eg kom på at ein på engelsk skil mellom "strength training", "weight training" og "resistance training", der dei to sistnevnde er på ein måte to variantar av det første.
Dette er ikkje så vanleg på norsk.

Me seier vel stort sett "styrketrening" til det meste me driv med av øvingar der me utfordrar muskulaturen ved hjelp av definerte øvingar, om der nå er basert på eigen kroppsvekt, frie vekter, apparat, treningsstrikk osv?
Motstand i forskjellig form.
Musklane gjer arbeid for å overkoma denne motstanden.
Følgen/belønninga er auka styrke i musklane.
Ein kan trene dei fleste musklane ved hjelp av treningsstrikk.
Det kjendest i alle fall godt etter motstandstreningsøkta, så det gav meirsmak.
Eg lurar på om eg heretter skal skilje meir mellom styrketreningsøktene mine.
Økter med styrketrening med frie vekter der målet er å auke styrke og muskelmasse, og økter med "motstandstrening" der målet er å auke blodsirkulasonen og bevegelighet og vedlikehald av muskelmasse, gjerne ved bruk av treningsstrikk.


Eg synst i alle fall at det var eit morsamt ord, "motstandstrening".
Me skal jo også overkoma mykje motstand gjennom livet, så det er jo ingen dårleg idé å drive med motstandstrening i meir bokstaveleg form?

Alle bildene har eg funne på nettet ved å google, og eg anar ikkje kor eg fann dei hen. Ingen av desse bildene er tatt av meg. Men dei var fine og illustrerar godt - sånn i tilfellet nokon lurar :D

mandag 5. november 2012

Trondheim Triatlon 2013!

Då har eg endeleg kome igang med konkurranseplanlegginga for 2013.
Eg har jo tenkt over alt eg har lyst til å vera med på.

Og eg har fortsatt veldig lyst på ein halvironman neste år. Men kva eg skal vera med på, er fortsatt usikkert.
Men så har eg blitt invitert til Trondheim av Helene og mammaen hennes for å vera med på Trondheim Triatlon, og det høyrdest jo så koseleg ut, at eg berre måtte takke ja!


Eg har dessutan aldri vore i Trondheim før, men berre høyrd så mykje bra om byen, at det er jammen på tide med ein reise dit!
Og så er det første gong Trondheim Triatlon arrangerast.
Det synst eg alltid er artig, å vera med på ein triatlon som arrangerast for første gong (som IM 70.3 Mallorca i 2011, og IM 70.3 Haugesund i 2012).
Svømminga går frå Munkholmen til "fastlandet".
(Bildet fann eg på trondheimtriatlonklubb.no)
Det var stor pågang om plassane (100 for olympisk distanse, 20 for "maraton").
Påmeldinga opna torsdag 1.november og som vanleg så sat eg og Helene klar til påmelding på kvar si ende av telefon"linja" (det kan vel neppe lenger vera snakk om ei fysisk telefonlinje, men det blei ganske fint bilde i hovudet mitt av dette, telefonnlinje).

Planen var at Helene skulle melde oss på begge to, slik at eg slapp å tømme kontoen og fortsatt hadde pengar igjen til mat i eit par veker.
Men så var det noko trøbbel med påmeldingsnettsida.
Og datamaskina til Helene som var visst ekstremt treg.
40km sykling langs fjorden.
(Bildet frå trondheimtriatlon.no)
Så fekk eg prøva å melde henne på.
Det tok tid. Me sat oppe ein heil time, til midnatt - då gjekk betalinga igjennom - kanskje.
Og me tok kvelden, avtalde at Helene skulle prøve igjen tidleg på morgonen, sidan ho skulle opp tidleg.
Og på morgonen  kl.6:30  fekk eg melding om at Helene hadde meldt meg på!
Eg sjekka nettbanken eit par timar seinare og fann ut at eg faktisk hadde greidd å melde på Helene også, kvelden før.
Alt var i boks!
Me er med!
10km løping langs Nidelva og over festningen.
(Bildet er frå trondheimtriatlon.no)
Det er så bra å ha i alle fall eitt konkurransemål for neste år!
I Trondheim var det altså 100 plassar til den olympiske distansen og 20 plassar til det dei kallar "maratondistansen".
Eg og Helene er påmledt til den olympiske distansen.
Bra er det, for nå er det fullteikna.
Og eg har faktisk berre tatt éin olympisk triatlon før, på Oslo Triatlon i 2008, så det blir ekstra spennande, kjenner eg!

Så nå gleder eg meg til 25.august 2013.
Eg er spent på Trondheim, og på ein ny konkurranse.
Det er lenge sida eg har vore med på ein triatlon med så få deltakarar!
Og eg ser fram til dette, for det har eg savna, den koselege "familiære" stemninga over ein forholdsvis liten konkurranse i Norge.
Eg gledar meg til å stå her neste år!
(Bildet er henta frå www.3atlet.no)
Kjenner at eg faktisk gleder meg!
Og det er bra, den siste veka har nemleg vore utruleg tung, psykisk.
Så det er godt å ha noko anna å fokusere på.
Treningsmessig skjedde det lite den siste veka, eg har rett og slett ikkje vore i form til å trene, det blei ein løpetur og to styrketreningsøkter (det er jo bra da, tross alt).
Men så var det enda bedre at eg fekk meldt meg på til Trondheim Triatlon!
Eg er så fornøydd!
Eg gledar meg! :)